Sarpsborg, Strømsgodset, Lillestrøm, Tromsø IL, Mjøndalen og Ranheim står i alle i fare for å rykka ned frå Eliteserien når siste serierunde går av stabelen søndag. Berre to poeng skil jumbolaget Ranheim på 16.-plass og Sarpsborg 08 på 11.-plass.
Ikkje berre blir det neglebiting for publikum og spelarar, men også for sportsjournalistane betyr det Eliteserien eller OBOS-ligaen neste år. Vil borteturane bety Rosenborg på Lerkendal eller Nest-Sotra på Ågotnes?
Tosifra på jobb
– Dersom begge lag rykkjer ned er det veldig trist, seier sportsjournalist Ola Niemann i Drammens Tidende til Medier24.
I DT dekkjer dei nemleg både Mjøndalen og Strømsgodset. To poeng skil laga, og begge står i fare for å rykkja ned til nest øvste nivå.
– Om du tek med rubbel og bit, med frontsjefane, så er me nesten tosifra for å dekkja nedrykksdramaet søndag, seier Niemann til Medier24.
Dei fleste som har dekkja fotballkampar direkte har vore ute for å måtta skriva om eit heilt referat, tittel, og ingress, som følgje av uventa resultatendringar i sluttminuttane.
– Det er me førebudd på, seier Niemann.
– Har de ein metode for å rusta dykk mot ulike utfall?
– Det har gått veldig bra ved at ein kastar ut det ein har – sjølv om det kan ha nokre skrivefeil og ikkje heng heilt saman. Ein må berre få det ut, seier han.
Budd på sterke reaksjonar
Nedrykkskampen til Tromsø IL, som møter Stabæk, vil Nordlys dekkja som normalt. Lesarane vil få servert både livesending før kamp, lydsending under kamp, og livesending med reaksjonar etter kamp.
– Me er spent på om det går gale. Det vil sikkert vera sterke reaksjonar, seier sportssjef Anders Mo Hanssen i Nordlys til Medier24.
Men kva kan eit nedrykk bety for Nordlys-redaksjonen?
– Me vil halda fram å dekkja TIL, men kanskje ikkje med same trykk og intensitet om dei rykkjer ned til førstedivisjon, seier sportssjef Anders Mo Hanssen i Nordlys til Medier24.
Kan få tre lag i same divisjon
– Det er ein enorm søndag me har i vente. Eg kan ikkje hugs tilsvarande, seier sportsansvarleg Morten Svesengen i Romerikes Blad til Medier24.
I Lillestrøm trør ein til med ekstra tv-sending direkte etter kamp for å få med reaksjonane etter kampen mot Sarpsborg.
– Me får jo ein konklusjon rundt klokka 20, så då blir det litt rart å venta med våre ordinære studiosending som me har klokka 22.30.
Førre gang Lillestrøm SK rykkja ned er 53 år sidan, så det er både historie, pengar og prestisje som står på spel søndag.
– For Romerikes Blad vil det ikkje vera bra med eit nedrykk. Det står sterkt hos lesarane våre framleis, så dekninga av LSK vil halda fram i noko lunde same form, men me veit ikkje heilt korleis, seier Svesengen.
Derimot vil det oppstå eit aldri så lite dilemma også for dei dersom Lillestrøm rykkjer ned. Då vil tre lag i Romerikes Blad sitt nedslagsfelt – LSK, Strømmen og Ull/Kisa – spela i same divisjon.
– Så korleis me då vil dekkja OBOS-ligaen 2020 kan eg ikkje konkludera med no. Det må me ha nokre rundar på, fordi det vil bli veldig spesielt og annleis enn vanleg, seier han.