Steve Bannon, tidlegare valkampsjef og strateg for USA-president Donald Trump, driv no ein mobiliseringskamp for høgrepopulistiske parti over heile Europa med organisasjonen «The Movement».
Om si eiga rolle i The Movement er utydeleg. Men éin ting er han klar på:
– Tradisjonelle medier speler ingen rolle i mitt arbeid der. Mi rolle er å vere ein inspirasjon til folk, og å vere ein folk kan ta kontakt med, seier han til Medier24.
– Men du vil vel ha ordet ditt spreidd?
– Nei, ikkje nødvendigvis. Parti rundt om i Europa klarar å gjere sine eigne valkampar på ein god måte.
Bannon var blant dei mektigaste kreftene bak Trump sin valsuksess for snart tre år sidan. I tillegg var Bannon redaktør for den høgreorienterte nettstaden Breitbart News frå 2012 til 2018, men måtte trekkje seg etter å ha kritisert presidenten.
I løpet av Trump sitt presidentskap har kritikken hagla – kvar veke – om «fake news» og han hevda seinast i februar at New York Times er «folkets fiende». Sjølv slutte han, eller fekk sparken frå, Det kvite huset, i august 2017.
Sjølv meiner Bannon presidenten sin kommunikasjon på Twitter er ein dårleg idé.
– Nei, det er ikkje ein bra ting. Eg får ikkje Trump av Twitter. Det han gjer på Twitter er å disse mainstream media – og han har moglegheita til å gå over hovudet på dei. Han pratar soleis rett til folket. Det blir «too much», seier Bannon.
Han legg til:
– Eg tapte kampen om å få Trump vekk frå Twitter. Han er Twitters Ernest Hemingway.
– Han brukar Twitter fordi kommunikasjonsavdelinga hans er heilt forferdeleg. Dei er grufulle.
At Bannon vart intervjua under Nordiske mediedager har blitt heftig kritisert av samfunnsdebattantar, politikarar og journalistar. Sjølv går han ikkje med på at konferansen er «nyttige idiotar» for han.
– Ein er nøydd til å handtere idear som går i konflikt med seg sjølv, og som du ikkje er einig i. Desse ideane er ikkje på veg bort, tvert om vert dei berre styrkja.
– No-platforming-debatten er meiningslaus. Om det handlar om nyheiter, er folk nøydd til å få vite om det, seier han.
Då Trump vart vald som USA-president i 2016, var det knapt nokon i dei tradisjonelle mediene, verken i Norge eller USA, som spådde at han skulle vinne valet.
Slik forklarar Bannon suksessen:
– Det Trump såg, og det me fokuserte på dei siste 88 dagane, handla om den økonomiske nedgangen i USA, ulovleg migrasjon, Kina og fabrikkjobbar. Hillary Clinton tok oss ikkje på alvor.
– Tok avisene dykk på alvor?
– Nei. Dei tok oss iallfall ikkje på alvor! Det er difor eg kallar dei «opposisjonspressa». Alle twitterkontoane og alt dei prata om var anti-Trump og korleis Trump kom til å tape.
– Kva definerer opposisjonspressa?
– Mainstream media.
– Kva er mainstream media?
– Dei store avisene og tv-kanalane.
– Kva definerer mainstream media?
– Mainstream media er mainstream media. New York Times, Financial Times, Wall Street Journal, The Guardian, The Times.
– Så det er ikkje kva du skriv og kva spørsmål du stiller, men namnet på avisa?
– Nei, det handlar om synspunkt. Dei er globalistar, antipopulistar og antinasjonalistar. Korleis kunnne alle dei store avisene, med alle spaltistane, all researchen, alle ressursane brukt på undersøkande journalistikk bomme så grovt? No fokuserer dei berre på «orange man bad».
– Kvar får du nyheitene dine frå, då?
– Mange uavhengige nettsider, men eg startar dagen med Financial Times, New York Times, Wall Street Journal, The Guardian, Washington Post og The Times.
– Du les alt dette?
– Absolutt.
– Kva får du ut av det?
– Eg får mykje informasjon der. Eg veit korleis dei vinklar sakene sine, men dei har likevel glitrande journalistar, og om du ynskjer å vere i den verkelege verda, er du nøydd til å lese mainstream media. Eg ser ikkje så mykje på tv-nyheiter, fordi eg tykkjer det er patetisk.
– Les du New York Times, altså?
– Eg har lese New York Times kvar dag sidan eg var 12 år. Eg var ein avisgut.
– Trump seier New York Times er folkets fiende?
– Eg trur han seier at «fake news» er folkets fiende.
– Dei er iallfall ein del av opposisjonspressa. Så eg forstår kvifor Trump vert frustrert.
– Kva bør norske medier gjere for å gjere alternative medier overflødig?
– Eg trur ikkje det er noko ein kan gjera. Med så låge distribusjonskostnadar som internett tilbyr vil du ha ein flora med utradisjonelle nyheitssider. Eg ville fortald mainstream media at dei må gjer ein betre jobb i å dekkje ulike område.
– Kva bør dekkjast betre?
– Eg veit ikkje korleis det står til her, men konservative synspunkt er ikkje godt nok dekkja. I Breitbart dekkja me tema som ikkje vart dekkja elles. Om mainstream media skreiv om dei same nyheitene på same måte, hadde aldri Breitbart eksistert.
– Kva er det som ikkje er så godt dekkja?
– Migrasjon, ulovleg migrasjon og radikal islam var knapt dekkja i ei lang årrekkje.