Sunnhordland mottar prisen Årets lokalavis 2016. Fra venstre: Kari Nøstbakken, daglig leder Reidar Hystad og Torhild Hovstad. I bakgrunnen to av jurymedlemmene, Jan-Inge Fardal og Rino Andersen. Kjersti Løken Stavrum var også med i juryen.Gard L. Michalsen
Sunnhordland er Årets lokalavis! Hederlig omtale til Dølen, Suldalsposten og Hallingdølen
LLA2017: Mediehuset på Stord har gått gjennom store omstillinger de seneste åra. Da varmet det for Reidar Hystad og kollegene med den gjeveste prisen på lokalavisenes landsmøte lørdag kveld.
Sunnhordland er kåret til Årets lokalavis. Den høytidelige tildelingen fant sted under middag og prisfest på Landslaget for lokalaviser (LLA) sitt landsmøte i Haugesund lørdag.
Sunnhordland kommer ut på papir tre dager i uken i tillegg til nettavisa, og dekker primært Stord og Fitjar kommuner.
Juryen uttaler blant annet at «Sunnhordland er ei avis som står fram som glad, nær, vesentleg, viktig, hyggjeleg og inviterande. Avisa har lokale leiarar, er attkjenneleg og godt redigert med framifrå lesarkontakt. Avisa byr opp til dans – og er tydeleg på at ho ønskjer kontakt både med lesarar og annonsørar.»
LLAs jury delte også ut hederlig omtale til Dølen, Suldalsposten og Hallingdølen.
Les alle juryens begrunnelser lenger ned i saken.
Se også video fra prisutdelingen og intervju med vinnerne:
NÅ: Sunnhordland.no får prisen Årets lokalavis på #LLA2017!
Juryen uttaler: Sunnhordland er ei avis som står fram som glad, nær, vesentleg, viktig, hyggjeleg og inviterande. Avisa har lokale leiarar, er attkjenneleg og godt redigert med framifrå lesarkontakt. Avisa byr opp til dans – og er tydeleg på at ho ønskjer kontakt både med lesarar og annonsørar. Avisa hentar også stoff frå sosiale medium. Avisa har etablert god netttilvising med konkrete løfte til lesarane. Avisa har gode bilete med fin kontakt. Avisa er stramma opp på ein vellukka måte gjennom ein redesign med tydeleg seksjonering og reinare presentasjon. Nettutgåva er omfattande, godt oppdatert, men framfor alt god og spelar perfekt med papirutgåva.
Hederlig omtale: Dølen
Dølen er ei avis for døl og dal, ho er innbydande og inviterande – med glimt i augo og overskot. Redaksjonen imponerer med kreative løysingar og byr på eit rikhaldig innhald. Juryen merkar seg visuelle høgdepunkt som er på linje med det beste blant dei største. Også reportasjane er gjerne tette og nære – og difor engasjerande. Juryen smiler dessutan breitt over tidenes eigenannonse før sommarferien og tykkjer den fortel mykje om avisa sin eigenart. Nettsida er tydeleg, fin og speglar avisa sine sterke eigenskapar på ein god måte.
Hederlig omtale: Suldalsposten
Suldalsposten er ei god og viktig lokalvis med varierte nyhendereportasjar. Her har me ei avis som både prøver på og som klarar å setja dagsorden. Ikkje minst har juryen merka seg at avisa har klare og tydlege leiarartiklar om lokale tema.
Suldalsposten lagar også innhaldsrike, varierte og gode magasin med framifrå bladbunad og gode bilete.
Avisa har også gode og lokale annonsesider og er utan tvil ei avis som er tett på lokalsamfunnet. Juryen noterer også som eit pluss at avisa hentar bilete frå Instagram inn i papirutgåva. Nettsida har fleire interessante element, som gir eit godt grunnlag for å ta ein sterkare digital posisjon.
Hederlig omtale: Hallingdølen
Hallingdølen kombinerer journalistikk av høg kvalitet med tradisjonelle element som høyrer lokalavisa til, kreativitet, leik og overraskande tema. Nyheitsarbeidet er imponerande, og avisa dokumenterer korleis lokalt engasjement kan bidra til å setja dagsorden nasjonalt. Presentasjonen er gjennomgåande tett og nær, godt støtta av medviten fotobruk. Juryen gler seg dessutan over at Hallingdølen feirar 80-årsdagen sin saman med andre jubilantar i lesarkrinsen. Så smart – og likevel så typisk. Nettsida står i stil til avisa, innhaldsrik, oppdatert og variert.