Årets heitaste fotohelg: Her er 20 bilete frå DOK18

DOK18 kallar seg sjølv «Norges viktigste fotofestival». Vi tok turen dit.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

WOW: - Herlighet, så store bileta vart! Kjersti Binh Hegna har aldri sett sitt eige prosjekt om albinisme i fullt så stort format før.

 

 

 

FEDRELAND: Den unge stjernefotografen Sarah Blesener hadde ingen oppdragsgivar då ho reiste med einvegsbillett til Russland for å fotografera unge patriotar. - Er du ung og uerfaren som fotojournalist, kan du ikkje sitja og venta på oppdrag. Du må finna dine eigne prosjekt og følga dei, rår ho unge fotografar. No er ho ein prisløna fotograf, og reiser i heimlandet USA for å dokumentera patriotismen der.

 

 

 

FAMILIEFOTO: Zackary Canepari og Jessica Dimmock er i Norge saman med dottera Roxanne for å presentera arbeidet med Flint Town-eit fotoprosjekt om ein av USAs aller fattigste byar. Her vert dei fotografert av Ingun A Mæhlum i Fredrikstad, "Byen der det årnær sæ for alle".

 

 

 

GJENSYN: Fotografar frå heile landet og ein god del frå utlandet møtes igjen i Fredrikstad kvart år. 

 

 

 

FOTOPRAT: I pausane mellom føredraga går det mest i fotoprat.

 

 

 

OPNING: Sisteårs fotojournaliststudent  Siri Øverland Eriksen opnar utstillinga New Era-stories from China, omringa av fotografar.

 

 

 

INSPIRERT: Stein Beyer-Olsen er pensjonert revisor og ivrig hobbyfotograf. Han kjem til DOK18 kvart år for å se utstillingar, møta fotografar og verta inspirert. - Virker kvar gong, seier han.

 

 

 

FRÅ SJØEN: Litteraturhuset er der det meste av DOK går føre seg. Fredrikstad er ein flott by å oppleva fra båt, og dei gratis bybåtane går mellom Gamlebyen og sentrum stort sett heile tida.

 

 

 

NY TID: Utstillinga New Era er laga av studentar ved OsloMet, saman med studentar frå Nepal, Bangladesh og Kina.

 

 

 

NEGLEFINT: Marthe Haarstad og Mariam Butt diskuterer neglepleie på utstillingen "Ta meg med til Gunerius".

 

 

 

TENK POSITIVT: Livsvisdom frå ein fotograf.

 

 

 

ET NÅR DU KAN: Ein fotograf har næringsvet. Festivaldietten består i stor grad av gratis pølser.

 

 

 

MØT EIN REDAKTØR: På festivalen kan unge fotografar syna fram arbeidet sitt til bilderedaktørar og andre profesjonelle i bransjen. Her får du ærlege råd og kritikk av bileta dine. Magdalena Herrera i GEO ser på portfolioen til ein ung student.

 

 

 

I SIKTET: Ein fotograf er vand med å sikta på andre. På festningen i Fredrikstad skyt dei tilbake.

 

 

 

IDYLL: - Eg er redd for svaner! Ylva Seiff Berge er på veg til utstillingslokalet Hydrogenfabrikken utanfor byen. Vegen er lang, og full av farer.

 

 

 

- EG MÅ BRENNA: Filmskapar Erik Poppe må brenna for det han driv med. På den måten har han laga alle sine filmar. Ein smakebit frå hans siste film om Utøya-terroren sendte eit kaldt gufs gjennom lokalet.

 

 

 

FOTO FORAN FOTO: Katinka Hustad er vinnar av Årets bilde i Norge, og vert fotografert froan sitt eige fotografi på Hydrogenfabrikken. - Eg trivst definitivt betre bak kamera enn foran, seier ho.

 

 

 

HUNDEDAGAR: Krister Sørbø sine portrett av mennesket og dets beste ven pryder ein hage i Gamlebyen.

 

 

 

TROPENATT: Kokvarme dagar med steikande sol gjer kvelden kjærkomen og fotogen. Den årlege fotofesten føregår i Gamlebyen i Fredrikstad.

 

 

 

SLITEN: Tre dagars festival tek på for frivilligfotografen.

 

Powered by Labrador CMS