Det var i Nordisk Råd tysdag at Senterpartiet sin mediepolitiske talsperson, Åslaug Sem-Jacobsen, gjekk ut mot alternative medium. Der haldt ho, på vegner av Mittengruppen, eit innlegg om korleis redaktørstyrte medium kan styrkast og utkonkurrera «alternative medier og deres og andres fake news».
Mittengruppen består av dei nordiske sentrumspartia, her til lands Kristleg Folkeparti, Venstre og Senterpartiet. I rådet snakkar dei om situasjonen i alle landa, og ikkje berre Norge, seier ho til Medier24.
– Pinleg
Redaktør i Document.no, Hans Rustad, er likevel nådelaus om karakteristikkane frå Sp-politikaren.
– Omgrepet «alternative medium» er ein hersketeknikk av dei som ynskjer å delegitimera konkurrentane, seier han.
– Dette er pinleg. Dersom dette er representativt for Senterpartiet sin mediepolitikk går partiet dystre tider i møte. Null peiling. Lever i eit ekkokammer, seier Rustad.
– Vert ikkje halde ansvarlege
Sem-Jacobsen utdjupar overfor Medier24 at ho med alternative medium meiner nettstader som ikkje følgjer god presseskikk og som bidreg til å undergrava tilliten til tradisjonelle medium. Ho peiker på fleire norske nettstader som døme.
– Eg hadde håpa dei følgde god presseskikk, fordi me treng også deira syn på saker. Slik det er no, vert dei ikkje halde ansvarlege og steller seg ikkje til dei same regelverka, seier ho.
I innlegget hennar, som vart halde i svenske Riksdagen, sa Sem-Jacobsen:
«For folk forvirres av og sprer villig vekk fake news, samtidig med at alternative medier påstår at Seriøse redaktørstyrte medier ikke er til å stole på. Gang på gang. Og uten å måtte bevise den påstanden i et skikkelig presseetisk system.»
– Dekkjer berre éi side
Rustad er ikkje samd i at alternative medium er eit problem for demokratiet. Han er sjølv med i Norsk Redaktørforening.
– Dette er berre sprøyt. Me er eit redaktørstyrt medium. Me har oppdaga at det er hovudmedia som ikkje lenger fungerer som ansvarlege. Dei dekkjer berre éi side av til dømes amerikansk politikk og Brexit, seier han.
Sem-Jacobsen er langt frå samd i Rustad sine karakteristikkar om norsk presse.
– Den type skuldingar fell på flat mark så lenge dei held fram med god journalistikk, og til og med vert endå betre, seier ho.
– Og Rustad bør ikkje føla seg treft av kritikken dersom dei følgjer Ver Varsam-plakaten og ikkje snakkar ned dei andre redaktørstyrte media heile tida, legg ho til.
– Møter seg sjølv i døra
Hans Rustad tykkjer det er ironisk at det er ein Senterparti-politikar som ber kritikken mot alternative medium.
Redaktøren meiner hans eigne lesarar er blant dei som har bidrege til Senterpartiet sitt sterke kommuneval.
– Partiet møter seg sjølv i døra. Dei er borne fram av dei same folkelege rørslene som Åslaug Sem-Jacobsen har angrip.
Den oppfatninga deler ho ikkje.
– Hans teori om at alternative medium har bidrege til Senterpartiet sin vekst er eg usamd i. Uansett skal ikkje det stoppa meg frå å kjempa for å halda oppe demokratiet og motverka fallande tillit hos den fjerde statsmakta, seier Sem-Jacobsen.