Både Schibsted og Aller Media har nyleg annonsert ei auka satsing på økonomistoff. Førstnemnde med 30 nye årsverk medan Dagbladet lanserer «Børsen» med fire årsverk. Over nyttår varsla Nettavisen at dei vil bli Norges nest største økonomiavis.
NRK, derimot, burde satsa endå hardare, meiner kommunikasjonsdirektørane Ola Helge Hjetland i laksegiganten Mowi (tidlegare Marine Harvest, journ. anm.) og Halvor Molland i Norsk Hydro.
– Eg ser veldig fram til den utvida satsinga frå Schibsted, men eg må seia at satsinga til NRK på næringsliv og økonomi er for dårleg, seier Hjetland til Medier24.
For kven er det eigentleg som skriv mest om kanonane på Oslo Børs? På oppdrag frå Medier24 har analysebyrået Retriever utarbeidd ein oversikt som viser omtale av dei ti største selskapa notert på Oslo Børs: Equinor, DNB, Telenor, Mowi, Yara International, Aker BP, Orkla, Gjensidige, Adevinta og Norsk Hydro.
– Underdekka av NRK
Så langt i år har NRK.no omtalt dei ti selskapa totalt 952 gongar, færre enn både Nettavisen, Stavanger Aftenblad og Sunnmørsposten.
– Eg meiner det er viktig at rikskringkastaren, vår fremste nyheitsformidlar, dekkjer det norske næringslivet. NRK burde satsa tydelegare og kraftigare på økonomi, seier Hjetland.
Mowi har so langt blitt omtalt 47 gongar av alle NRK-kontor landet over. Det nyleg børsnoterte selskapet Adevinta, som er det utskilde internasjonale rubrikkselskapet frå Schibsted som gjekk på børs i vår, har aldri blitt nemnd på NRK.no.
– Viktigheita av verdiskapinga og arbeidsplassane som næringslivet langs kysten, og elles i landet, vert direkte underdekka av NRK. Det kan føra til at dei som nyttar NRK som primærmedia ikkje får eit godt nok inntrykk av kva me gjer og kor viktig det er, seier Hjetland.
Mowi hadde i 2018 ein omsetnad på dryge 38 milliardar kroner, og har ein marknadsverdi på over 116 milliardar kroner.
Rosar lokalavisene
Han for støtte av kommunikasjonsdirektør Halvor Molland i Norsk Hydro.
– Eg deler Hjetland sitt ynskje om meir økonomistoff frå NRK, seier Molland.
– Likevel meiner eg det er å ta svakt i å avgrensa det til NRK. Dette gjeld alle.
Han meiner det bør vera interesse for næringsliv og verdiskaping blant norske lesarar. Molland opplever i tillegg at lokalaviser ofte kan ha høgare kompetanse og interesse av industri og verdiskaping enn det meir ressurssterke redaksjonar burde hatt.
– Enkelte lokalavisjournalistar har ekstremt god kompetanse på og forståing av næringslivet – langt over det enkelte andre redaksjonar, som burde vore betre, har hatt.
NRK: – Kan bli betre
Redaksjonssjef for Økopol-avdelinga (økonomi og politikk) i NRK, Marianne Johansen, seier til Medier24 at dei har trappa opp dekninga av økonomi og næringsliv, og at dei har jobba internt for å heisa stoffområdet.
– NRK dekker næringsliv på alle plattformer, både nett, radio og tv. Området vert dekkja av både økopol-avdelinga og distriktskontora landet rundt. Me har hatt ei arbeidsgruppa som har jobba med å løfta området, men alt har ikkje landa enno, seier ho til Medier24.
Ho peiker mellom anna på tilsetjinga av økonomikommentator Cecilie Langum Becker.
– For NRK er det viktig å gi bakgrunn analyse og innsikt, både når det gjeld makroøkonomi og dekninga av dei store selskapa. Det bidreg ho til å gjera på alle plattformer.
– Likevel kan me absolutt bli betre på dekninga av økonomi og næringsliv, seier ho.
Rogaland toppar i distrikta
Oversikta under viser Dagsrevyen og distriktssendingane sin omtale av dei nemnde selskapa. Den viser at Dagsrevyen har 51 saker so langt i år, fleire enn alle distriktssendingane.
Heile 45 av dei 51 Dagsrevyen-sakene er om dei tre største – Equinor, Telenor og DNB. Dei sju neste på lista har dermed berre seks saker på Dagsrevyen so langt i år.
– Det er mange saker som vert dekkja av distriktskontora på ein god måte, og som gjerne kunne ha blitt løfta opp på NRK.no-fronten og gitt betre plass på tv- og radioflatene, men som stoppar lokalt, meiner Hjetland i Mowi.
Johansen meiner Hjetland sitt innspel er «interessant».
– Fiskeri er blant Noregs viktigaste næringar, og det er sentralt at me greier å dekka den godt. Me har jobba for å løfta økonomidekninga frå distriktskontora inn i hovudsendingane og på fronten av nrk.no, men eg trur Hjetland har rett i at me kan bli betre, seier ho.
Blitt betre, meiner bankane
Informasjonsdirektør Even Westerveld i DNB har tidlegare vore kritisk til riksmedia si manglande dekning av finans og næringsliv. Det var ein del av bakgrunnen for at det største finanskonsernet i landet lanserte «DNB Nyheter» i fjor.
No er han likevel meir optimistisk på vegner av NRK.
– Eg vil applaudera NRK for å ha teke grep. Eg tykkjer dei oftare løfter nyheiter saker knytt til økonomi i hovudsendingane sine. Dei har i tillegg tilsett ein kommentator som har løfta formidlinga og analysane av økonomi, seier han.
Han får delvis støtte av Thina Saltvedt, tidlegare oljeanalytikar, no sjefanalytikar for berekraftig finans i Nordea.
– Eg veit ikkje om NRK prioriterer bort økonomi, fordi dei har auka innsatsen det siste året – men dei burde kanskje hatt endå fleire. Som økonom får eg aldri nok økonomijournalistikk, seier ho.
– Og så vil eg skryta av NRK si satsing på klima og miljø. Det er utruleg viktig at dei får løfta dette viktige temaet, seier ho.