Informasjonsdirektør Even Westerveld i DNB, nyheitsredaktør Sarah Sørheim i NTB og klubbleiar Grethe Brandsø i NTB.Gorm Kallestad og Terje Bendiksby / NTB scanpix og Erik Waatland
DNB Nyheter blir NTB-kunde: Klubben stiller fleire krav i brev til leiinga
Reklameavisa til DNB Nyheter skal distribuera NTB sine nyheitssaker. – Avgjerande at merkinga er god, seier klubbleiar Grethe Brandsø i NTB.
Nettavisa DNB Nyheiter, finansiert og drifta av DNB, har blitt samd med NTB om å bli kunde av nyheitstenesta til byrået.
Det stadfestar nyheitsredaktør Sarah Sørheim i NTB overfor Medier24. Ho fortel om interne diskusjonar om kor vidt ei kommersiell avis som DNB Nyheter skal få distribuera deira redaksjonelle innhald.
– Me har hatt ein veldig grundig og lang prosess kor me har hatt mange diskusjonar med klubben, då dette er eit døme på ein aktør med kommersielt innhald på si nettside. Me har hatt diskusjonar på korleis me skal handtera slike kundar og sikra at det ikkje oppstår tvil om kva som er journalistikk som me har laga og kva som er kommersielt, seier Sørheim til Medier24.
– Må ikkje blandast
Klubben i NTB har også sendt eit brev til NTB-leiinga om kva dei meiner om at DNB skal få bruka stoffet deira. Dei legg vekt på at merkinga av NTB sin journalistikk må vera god, og sakene skal skilja seg frå innhaldsmarknadsføringa til DNB.
– DNB sine eigne artiklar og NTB sin journalistikk må ikkje kunne blandast, seier klubbleiar Grethe Brandsø til Medier24.
«Det sentrale her, i presseetisk sammenheng, er å publisere slik at journalistikk fremstår som journalistikk, og ikke-redaksjonelt stoff som ikke-redaksjonelt stoff», skriv klubbstyret i brevet.
Fjernar kommentarfeltet
Sørheim fortel at også DNB er oppteken av det etiske og openheit om kva som er redaksjonelt og kva som er kommersielt.
– Utfordringa med avtalen er dei same utfordringane som med all form for innhaldsmarknadsføring. Det må aldri oppstå tvil om kor vidt det du les er fri og uavhengig journalistikk eller innhald skrive på oppdrag frå ein kommersiell aktør. Me skal aldri blanda journalistikk, seier ho.
Nyheitsredaktøren seier at i overkant av 20 prosent av byråkundane er ikkje-redaksjonelle, og at dei no er i ferd med å utarbeida to sett med kontraktar: éin for redaksjonelle og ein for ikkje-redaksjonelle.
– På sider som ikkje er redaksjonelle skal det skilja seg frå anna innhald, det skal ikkje blandast med lenkjer eller anna innhald i sjølve saka, og så ser me på å fjerna moglegheita for kommentarfelt når dei ikkje er underlagt Ver Varsam-plakaten, seier Sørheim.
– Over 300.000 lesarar kvar veke
Redaktør for DNB Nyheter, informasjondirektør Even Westerveld i DNB, seier til Medier24 at dei har inngått ein avtale med NTB om moglegheit til å publisera økonomiartiklar frå nyheitsbyrået på deira nettside.
– Bakgrunnen for dette er at DNB Nyheter ynskjer å tilby sine lesarar eit bredt utval av innhald om økonomi, seier han til Medier24.
Westerveld legg til:
– Me er opptekne av at lesarane våre skal forstå skilnaden mellom innhaldsmarknadsføring frå DNB sin eigen redaksjon og dei uavhengige, redaksjonelle artiklane som NTB lagar. NTB sine artiklar vil difor merkast tydeleg som «redaksjonelt innhold fra NTB» og det vil ikkje knytast marknadsføring av produkt og tenester gjennom lenkjer osv. til desse artiklane.
– DNB Nyheter veks stadig og har no over 300.000 lesarar kvar veke. Me harTansa korrektur (Nynorsk)…auka satsinga på børs- og næringslivsstoff, og bruken av NTB sine artiklar vil inngå som ein del av det.
DNB Nyheter skriv sjølv på sine sider at «DNB Nyheter er ikke en vanlig nettavis. Vi er ikke uavhengige, vi er ikke nøytrale journalister og vi som skriver her får lønn av banken.». Likevel har dei ein eigen etisk plakat dei følgjer.