NRK må bli flinkare å sam­arbeida, meiner redaktør Dyveke Buanes. Slik blir nye «NRK Vestland»

(BERGEN): – Me har uforløyst potensial, seier redaktør Dyveke Buanes og oppmodar til meir samarbeid på tvers i NRK.

Publisert

Med fylkessamanslåing og nye Vestland fylke, som består av tidlegare Hordaland og Sogn og Fjordane, slår NRK saman distriktskontora og dannar NRK Vestland.

Redaktør i NRK Hordaland, Dyveke Buanes, blir redaktør for det heile medan redaktør Terje Gilleshammer i Sogn og Fjordane skal sørgja for eit godt samarbeid.

– Ein seier jo at «hadde NRK, som er fysisk plassert i heile Norge, skjønt dei kunne samarbeidd meir enn dei gjer i dag, hadde ingen kunne slå oss». Det må me bli betre på. Ei sak kan bli meir interessant med eit «case» frå ulike stader i landet, seier ho.

 

– Lett å tenkja på seg sjølv

Buanes frå Bergen blir no redaktør i Sogn og Fjordane, som er hakket større enn Hordaland i areal, men med langt færre innbyggjarar.

– Mitt inntrykk er at folk er innstilt på å få det til. Eg føler meg godt teken mot. Eg brukar å seie eg har teke av meg hordalandshatten, og teke på meg vestlandshatten, seier Buanes, som har som ambisjon å vera til stades også i Førde.

Distriktsredaktør Dyveke Buanes i NRK Vestland.
Distriktsredaktør Dyveke Buanes i NRK Vestland.

– Er hattebytet ei omstilling?

– Både ja og nei. Me har samarbeidd godt med Vestlandsrevyen, så det er godt å ha med seg. Men eg har pugga alle kommunane i Sogn og Fjordane, så eg trur eg har peiling på det no.

NRK er det desidert største mediehuset i landet, og er til stades i dei fleste krikar og krokar av landet. Men kanalen har mykje å gå på for å få ut potensialet i journalistikken, meiner Buanes.

– Me har eit uforløyst potensial, seier ho.

– Det er litt lett å tenkja på seg sjølv, i staden for å letta blikket. Redselen for å ikkje utføra lokaloppdraget godt nok. Saka blir ikkje dårlegare for lokalbefolkninga sjølv om ein har med eit case frå ein annan stad i landet. Det kan tvert om heva saka, seier ho.

Den 3. februar er nrk.no/vestland offisielt lansert. No vil distriktskontoret organisera fleire faggrupper på tvers av fylket.

– Til dømes vil ein då få ein med fokus på krim i Bergen, og ein med fokus på krim i Førde, og så kan dei samarbeida, seier ho.

 

– Byen er Bergen

NRK Vestland fann tidleg ut at dei ville ha radiosendingar frå Bergen og Førde, då det er eit meir «nært medium», som ho seier.

Distriktsredaktør Dyveke Buanes i NRK Vestland.
Distriktsredaktør Dyveke Buanes i NRK Vestland.

– Å høyra om køar på Riksveg 555 er interessant i Hordaland, men ikkje i Selje. Det held me fram med, men me skal ha fleire fellessendingar. Det er viktig å knytte innbyggjarane i nye Vestland tettare saman, seier ho.

– Korleis skal ein få til ein nettfront som er like relevant på Stord, i Nordfjord og for byfolk i Bergen?

– For veldig mange i Vestland er Bergen byen. Skjer det ting her, trur eg det vil vera interessant i Førde og Nordfjordeid. Men me må bli flinkare til å henta saker frå andre stader i fylket.

At nett er viktig, mobil går først og sosiale medium er viktig gjeld ikkje berre for NRK. Rikskringkastaren gjer akkurat det same som oss, sa sjefredaktør Trine Eilertsen i Aftenposten til Medier24 nyleg. Redaktør Ove Mellingen i Telemarksavisa delte uroa, og meinte NRK lokalt gir altfor sterk konkurranse mot kommersielle medieaktørar.

Buanes meiner derimot at NRK Vestland skil seg frå lokalaviser som til dømes Bergensavisen.

– Om du samanliknar oss med BA har dei gode saker som me ikkje går for, fordi dei er for lokale for oss som regionalt mediehus.

– Dersom me ser på kva saker som har flest lesarar visar det seg at me er spreidd i heile fylket, frå nord til sør.

Ho viser vidare til eit kart som viser kor dei mest leste sakane kjem frå. Av 50 saker med fleire enn 100.000 lesarar i tredje kvartal 2019, kom ti frå Bergen – og resten fordelt på 18 andre kommunar i fylket.

 

– Sinnssjukt

Ho meiner NRK kan bidra til å løfta saker frå eit lokalt publikum til eit nasjonalt publikum.

– Trygve Slagsvold Vedum starta sin valkamp på Stord etter vår sitatsak frå ei lokalavis om problematikk knytt til el-ferje. Det trur eg ikkje hadde skjedd dersom berre lokalavisa hadde skrive om det.

– Det er eit typisk døme på at me utfyller kvarandre. Me håpar å få til eit samarbeid, og ikkje trampa rett i bedet deira, seier ho.

I tillegg har distriktsnyheitene til NRK fått seg ein kraftig opptur i 2020, då rikskringkastaren endra sendetidspunkt frå 18:50 til 19:45, like etter Dagsrevyen, eller «prime time», som dei kallar det på fagspråket.

Distriktsredaktør Dyveke Buanes i NRK Vestland.
Distriktsredaktør Dyveke Buanes i NRK Vestland.

– Denne grafen er heilt sinnssjuk, seier Buanes.

Ho viser til at distriktsnyheitene dei fem første dagane i 2020 har hatt 60 prosent fleire sjåarar samanlikna med same periode i 2019. I snitt var det 718.000 som såg på, samanlikna med 449.000 i fjor.

Powered by Labrador CMS