Førre veke skreiv Medier24 at både tidlegare TV 2-veteran Davy Wathne og dosent ved Nord universitet, Fritz Leo Breivik, reagerte på at Kåre Ingebrigtsen får vere ekspert om Rosenborg i Eurosport sine Eliteserien-sendingar.
Dei meinte det var presseetisk problematisk at den sparka RBK-trenaren Kåre Ingebrigtsen, som i januar sat i rettssak med klubben, får analysere og kommentere gamleklubben på direktesend tv. Rettssaka endte med forlik.
Søndag kveld var Ingebrigtsen svært kritisk mot leiinga i gamleklubben, og retta spesielt krass kritikk mot styreleiar Ivar Koteng. Det får ei lang rekkje Eurosport-sjåarar til å reagere på Twitter.
– Som sjåar får eg inntrykk av at det her er noko mellom linjene, seier redaktør i Varden, Tom Erik Thorsen, til Medier24 måndag. Han var blant dei som gjekk ut på Twitter og kritiserte Eurosport:
Kåre Ingebrigtsen gjør seg generelt sett bra på tv, men det er jo fullstendig hårreisende av Eurosport å bruke ham til å kommentere – og slakte – arbeidsgiveren han var i rettslig strid med for bare noen måneder siden.
– Det som skremmer meg mest er leiinga i Rosenborg. For seks månader sidan var Rosenborg det desidert beste laget i Norge. På fire månader i vinter har dei rasert det.
– Koteng veivar, har blitt fysisk trenar og fortel at dei er dårleg trena. Det er berre unnskyldningar, sa Ingebrigtsen vidare.
Eurosport opplyste ikkje om Ingebrigtsen sin rettslege konflikt med klubben.
Varden-redaktør Thorsen er nådelaus.
– I går sat det tre ekspertar i studio – Kåre Ingebrigtsen, Bernt Hulsker og Kjetil Rekdal. Eg er sikker på at begge dei sistnemnde kan meine det som er naudsynt om Rosenborg. Er det naturleg at Kåre vert involvert i saker som handlar om Rosenborg? Nei, det er det strengt tala ikkje.
– Ingebrigtsen er usedvanleg sterk fotballfagleg, men dette gjer noko med Eurosport si rolle og truverd, når dei slepp han laus med såpass kraftige meiningar om eit lag som han trente for så kort sidan. Han gjer eit poeng ut av at dei var dei beste i landet for få månadar sidan, og så fekk han sparken, og «sjå kva som har hendt no», held han fram.
– Misforstått noko vesentleg
Professor i journalistikk ved Høgskulen i Volda, Svein Brurås, er blant dei som òg reagerer på Eurosport sine presseetiske vurderingar.
– Kåre Ingebrigtsen er ein nyleg sparka Rosenborg-trener med sterke personlege interesser i korleis laget sin dårlege seriestart skal forklarast, seier Brurås.
Han legg til:
– Om han samstundes er redaksjonell medarbeidar som kommenterer og driv journalistikk på RBK, då har redaksjonen misforstått noko vesentleg. Det er hinsides alle profesjonelle normar og prinsipp, seier han.
Discovery: – Interne reaksjonar
Måndag morgon ettermiddag skriv VG at RBK har teke kontakt med Discovery om sendinga søndag. Kommunikasjonsdirektør Espen Skoland stadfestar samtalen og seier at det som skjedde aldri skulle ha skjedd.
Til Medier24 seier Skoland:
– Det vart reagert internt på at han her gjekk litt utanfor rolla han skal ha i studio. Kåre er tilsett som fotballfagleg ekspert. Når me veit han har den historia, balanserer me på ein knivsegg redaksjonelt.
– Her gjekk han inn på spørsmål han ikkje burde, som handla om leiinga i RBK.
– Kunne ein løyst dette annleis undervegs i sendinga, som til dømes å opplyse om hans rettslege konflikt med Koteng?
– Eg skal ikkje gå spesifikt inn i sendinga, men hans situasjon er sjølvsagt kjent.
Skoland avviser at Ingebrigtsen vil få ein ny arbeidsinstruks i Eurosport, og at han vil halda fram med å kommentere Rosenborg og alle andre Eliteserie-lag.
Kåre Ingebrigtsen har ingen ynskjer om å kommentere saka når Medier24 tek kontakt.
– Uprofesjonelt og dårleg
Tidlegare leiar for Rosenborg si supportergruppering, Kjernen, og no bystyremedlem for SV i Trondheim, Kenneth T. Kjelsnes, meiner Ingebrigtsen sjølv burde fått kritiske spørsmål i Eurosport-studioet.
Det er sjokkerende at Kåre Ingebrigtsen har fått en rolle der han kan sitte i et tv-studio og raljere uten å kunne få ett eneste kritisk spørsmål selv om sitt ansvar for uføret klubben er i.
– Om Kåre har ein agenda vil eg ikkje spekulere i, men han er gitt ein plattform kor han kan uttrykkje ein agenda mot klubben iallfall. Ein kunne helt fint få inntrykk av det etter det han sa søndag. Då er problemet Eurosport som gir han den plattforma, utan at dei kan, eller vil, stille kritiske spørsmål, seier Kjelsnes.
Han legg til:
– Alle som sit i studio veit at forklaringa på Rosenborg sine problem handlar om eit forfall over tid, og om Kåre Ingebrigtsen skal sitje og meine om det, kan han ikkje gjere det utan å bli stilt kritiske spørsmål. Han kan anten ikkje ha rolla, eller så må han få kritiske spørsmål. Det er journalistisk svakt.
– Det er uprofesjonelt og dårleg av Eurosport, legg han til.
Boikottar Eurosport
Nettavisen-journalist Farid Ighoubah er heller ikkje spesielt imponert over kanalen.
@ESNcarsten Det er helt _latterlig_ av dere å bruke Kåre Ingebrigtsen som kritiker av RBK, og ledelsen i klubben, mtp det som har skjedd siden juli i fjor, ink. rettssaken nyleg. Hva i alle dager er det dere gjør på? Det er jo null troverdighet. Null.
Rosenborg-supporter Audun Hallem Berge skriv at han har slutta å sjå Eurosport sine sendingar som følgje av Ingebrigtsen si ekspertrolle.
Jeg har boikottet å se samtlige fotballkveld sendinger fra @EurosportNorge i år. Det går ikke at en eks-trener (med etterspillet som har vært) skal fast sitte å mene noe om RBK. Dette uavhengig om hvor riktig/feil det som blir sagt er, eller hvor godt RBK gjør det.
Eit utvald knippe Twitter-meldingar retta mot søndagens Eurosport-sending:
Hvorfor sitter Kåre Ingebrigtsen som Eurosport-ekspert og uttaler seg om denne kampen og – enda verre – om Rosenborg og klubbens ledelse? Fikk sparken i fjor sommer. Var i rettssak mot klubben i januar. Habilitet? Presseetikk?
. @EurosportNorge Hei! Hvilke journalistiske vurderinger ligger bak at Kåre Ingebrigtsen får sitte på TV å slakte personer i RBK? Med historien mellom han og klubben burde vel de to andre ekspertene tatt seg av pratingen om akkurat RBK. Skal dere fortsette med en slik praksis?
Det er useriøs journalistikk å gi mikrofonen til Kåre Ingebrigtsen til et takk for sist til RBK. Dette har ingen ting med fotballfaglige vurderinger å gjøre. Kan på et vis forstå at Ingebrigtsen benytter muligheten etter den behandlinga han fikk, men dette var pinlig, Eurosport.
Hva tenker dere om habiliteten og etikken i å la Kåre Ingebrigtsen sitte i studio og tømme seg på RBK-ledelsen, @ESNJonas og @ESNcarsten? Synes dere virkelig ikke at sportsjournalistikken fortjener mer ryddighet enn det der? #esnball
Finnes det noen (som ikke jobber i Discovery) som synes det er en god idé å ha Kåre Ingebrigtsen i studio? Så bitter på Koteng & co at det er parodisk.
Advarsel for pute-TV på Eurosport: Kåre Ingebrigtsen som ble sparket av Rosenborg for 8-9 måneder eller noe slikt har meninger om styreleder og trener i Rosenborg. Dette er klamt, svett og ugreit @EurosportNorge. Tydelig ikke komfortabel og ønsker å formidle en bitter agenda.