No seier pressesjef i RBK, Trond Alstad, til Medier24 at dei vurderte å melde kanalen til Pressens Faglige Utvalg for brot på Vær Varsom-plakaten.
– Me diskuterte det, og innhenta veldig tunge referansar på området. Me er ganske sikker på at me kunne ha gjort det, seier Alstad.
– Fekk de juridisk bistand?
– Me fekk svært kyndig pressefagleg bistand. Eg trur ikkje me kan få tyngre bistand enn det me fekk.
– Er dette innanfor VVP?
Klubben kom likevel fram til at dei ikkje melder kanalen inn til organet i denne omgang.
– Me har vore tydelege overfor Discovery, og har fått deira retrett og erkjenning av at dette var heilt feil. Me vil ha fokus på fotballkampar no.
– Vil de melde kanalen inn til PFU dersom det skjer igjen?
– Me vil vurdere ei liknande sak på nytt, seier Alstad.
Han stiller seg undrande til dei etiske vurderingane til den Discovery-eigde tv-kanalen.
– Me var mest opptekne av journalistikken, eller den manglande journalistikken, med tanke på inhabilitet. Me lurar på om dei i det heile teke er innanfor Vær Varsom-plakaten, seier Alstad.
– Har de fått lovnader om at det ikkje skal skje igjen?
– Me har fått klare forsikringar om at dei skal ettergå rutinane sine. Me hadde ein god dialog med Discovery, seier Alstad.
– Interessant å få ei sånn sak vurdert
Assisterande generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Reidun Kjelling Nybø, meiner det hadde vore interessant å sett ei slik sak i PFU.
– Det er openbert problematisk at Kåre Ingebrigtsen, som nyleg vart sparka som Rosenborg-trenar, vert nytta som redaksjonell medarbeidar som skal kommentere Rosenborg sin seriestart. Eurosport har då òg teke sjølvkritikk på at han gjekk for langt i kommenteringa av RBK-leiinga etter Molde-tapet. Og uansett kva fotballfaglege vurderingar han gjer, vil det bli sett i lys av hans tidlegare rolle som RBK-trenar, seier ho.
Ho viser vidare til Vær Varsom-plakaten punkt 2.3, som går på openheit om bakanforliggjande forhold.
– Det er sjølvsagt interessant å få den type saker vurdert. Eg kan ikkje kome på liknande, seier Kjelling Nybø.
– Har sportsjournalistikken godt av at slike diskusjonar vert løfta fram?
– Definitivt. Alle deler av pressa har godt av ein open presseetisk debatt. Historisk har det hefta eit inntrykk av at sporten har vore mindre etisk bevisst enn andre deler av journalistikken, men det trur eg er litt ufortent.
For ordens skuld: Reidun Kjelling Nybø er svært fotballinteressert og svoren tilhengjar av Bodø/Glimt, kor Kåre Ingebrigtsen var trenar mellom 2008 og 2011.
Eurosport tek sjølvkritikk
Dagen etter sendinga la Discovery seg flate for det som hadde hendt, og kommunikasjonsdirektør i Discovery, Espen Skoland, sa til Medier24 at det vart reagert internt på at Ingebrigtsen gjekk utanfor rolla han skal ha i studio. Skoland presiserte at Ingebrigtsen gjekk inn på spørsmål han ikkje burde ha gjort.
Skoland avviste at Ingebrigtsen vil få ein ny arbeidsinstruks i Eurosport, og at han vil halda fram med å kommentere Rosenborg og alle andre Eliteserie-lag.
I ein sms til Medier24 torsdag seier Skoland at Discovery ikkje var kjent med at RBK vurderte å melde kanalen inn til PFU.
Vidare skriv han:
«Det må nesten være opp til RBK å vurdere. Vi forholder oss til de journalistiske prinsippene som er nedfelt i VV-plakaten, og akter å forholde oss til disse også fremover. Vår ekspert gikk utover sin rolle i helgens sending, og vi har pratet om hvordan vi skal justere oss på dette området i fremtiden. Vi vil ikke legge noen føringer på det redaksjonelle arbeidet utover dette.»
– Openheit viktigast
Kjelling Nybø meiner det viktigaste er openheit, og at ein fotballtrenar sine tidlegare jobbar ikkje diskvalifiserer vedkommande til å ha meiningar som tv-ekspert.
– Generelt er det viktig at ein er opne om bindingar og at rollene er tydelege. Ein kan ikkje førutsette at alle veit at Ingebrigtsen kjem rett frå trenarstolen i Rosenborg., seier ho, og held fram:
– Det er ikkje slik at Kåre Ingebrigtsen ikkje skal få lov til å meine noko om det som føregår i Rosenborg, men det spesielle her er at han vert framstilt som ein uavhengig ekspert i den rolla – og det er han definitivt ikkje. Særleg er det problematisk når dette skjer så tett etter at han hadde trenarjobben i Rosenborg og sidan den tilsetjinga vart avslutta med ein konflikt mellom han og klubben.