TV 2 sin sportssjef, Vegard Jansen Hagen, ynskjer ikkje å slå seg på brystet sjølv om kanalen er best i klassen når det gjeld andel kvinner i ekspertkorpset.
Ein gjennomgang Medier24 har gjort viser at berre 13 av 95 norske sportsekspertar på tv er kvinner. Det betyr at 85,3 prosent av alle ekspertane er menn.
TV 2 har ekspertar både til fotball, sykkel, handball, ishockey, vinteridrett og friidrett.
NRK har ekspertar til ulike vinteridrettar, fotball, handball, sjakk og symjing.
NENT, som eig Viasat, har ekspertar til boksing, handball, ishockey, fotball og motor.
Eurosport-eigar Discovery har ekspertar til fotball, golf, tennis, sykkel, snooker, ulike vinteridrettar, friidrett, sprangriding, fekting, motorsport, symjing, kunstløp, og vektløfting.
– For lågt
– Den kvinnelege andelen på ekspertsida er for låg. Det er me fullstendig innforstått med. Det er me ikkje nøgd med, men me jobbar aktivt med å forbetre det, seier fungerande sportssjef i Eurosport og Discovery, Morten Johannessen, til Medier24.
Dei einaste kvinnene i Discovery sitt ekspertkorps er Heidi Skar for sprangriding og Lise Røsto Jensen for kunstløp.
– Generelt er det oftast større spenn å ta av blant menn, seier han.
– Me er svært nøgd med ekspertane me har i dag, så me kan ikkje sparke ut nokon for å ta inn andre, seier han.
Vidare peiker Andreassen på kvinnelege programleiarar og Anne Sturøe, som var Norges første kvinnelege fotballkommentator.
Kvinnelege tv-ekspertar:
TV 2:
Solveig Gulbrandsen (fotball)
Mina Finstad Berg (fotball)
Miriam Bjørnsrud (sykkel)
Randi Gustad (handball)
Kristin Størmer Steira (langrenn)
Christina Vukicevic Demidov (friidrett)
Gro Hammerseng-Edin (handball)
NENT:
Karoline Dyhre Breivang (handball)
Fam Elgan (boksing)
NRK:
Melissa Wiik (fotball)
Anna Pushkova (kunstløp)
Liv Grete Skjelbreid (skiskyting)
Discovery:
Lise Røsto Jensen (kunstløp)
Heidi Skar (sprangriding)
Taliban Light
Jansen Hagen seier han er glad TV 2 Sporten har gått frå å vere «Taliban» til «Taliban Light», som han kallar det, men at det står att mykje arbeid før dei kan slå seg sjølv på brystet.
Han er samd i at det er fleire menn enn kvinner å velja mellom i ekspertrollene.
– Til fotballekspertjobbar så manglar det ikkje mannlege kandidatar som er villige til å sparke inn dører og melde sitt kandidatur på ein svært offensiv måte. Skal du ha gjennombrot krev det annan tilnærming, og ein må vere både langsiktig og målretta.
– Som best i klassen, har du nokre råd til dine konkurrentar?
– Eg ser ingen grunn til å klatre opp på hustaka og rope ut at me har blitt veldig gode, seier han.
Slit med rekrutteringa
Heller ikkje i NRK er dei nøgd med kvinneandelen, kor berre tre av 25 ekspertar er kvinner. Fotballekspert Melissa Wiik, skiskytingekspert Liv Grete Skjelbreid og kunstløpekspert Anna Pushkova er dei einaste.
– Me har definitivt eit ynskje om å få til ein betre balanse, seier sportssjef i NRK, Egil Sundvor, til Medier24.
– Kva har de gjort, konkret, for å betra kjønnsbalansen?
– Me har aktivt leita på andre måtar dei siste åra. Me leita spesifikt, og var klare og tydelege på at me treng ein kvinneleg fotballekspert. Det har fungert. Me går ut på ein annan måte enn tidlegare, men det er ikkje kvar dag det opnar for å tilsetje nye ekspertar.
– Har de vore for dårlege og for lite bevisst på det tidlegare?
– I mi tid trur eg ikkje det går på bevisstheita, men at det har vore krevjande å få kvinnelege ekspertar til å både søkje seg inn i rolla, vere med på audition, og å takke ja til oppgåvene.
– Ikkje flinke nok
Sportssjef hos Viasat-eigar NENT meiner tv-kanalane går i riktig retning, men tykkjer det er for dårleg med to kvinnelege av totalt 16 ekspertar.
– Historisk sett har nok mannlege profilar jaga ei ekspertrolle etter enda karriere som aktiv i større grad enn sine kvinnelege kollegaer. Dette har me heldigvis sett ei endring på dei siste årea og det ser me gradvis effekten av no, seier ho.
– Samstundes har sjølvsagt tv-kanalane ikkje vore flinke nok til aktivt å forsøke å rekruttere kvinnelege ekspertar. To av 16 er sjølvsagt framleis for få, men utviklinga går i riktig retning, seier ho.