Illustrasjonsfoto av Twitter-appen.

Her er Twitter-reglane for norske sportsjournalistar: – Sjølvsagt kan private ytringar skape inhabilitet

Kva kan du skrive og ikkje skrive i sosiale medium? Redaktøren din har svaret.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Aldri før har det enklare å komma til orde og ytra meininga di i det offentlege rom. Talet på sosiale kanalar veks – og kanalar som Twitter og Facebook får ei stadig større rolle som debattarena.

I sosiale medium finn ein både mannen på gata, maktpersonar og ikkje minst journalistar, kommentatorar og redaktørar. Her kan ein enkelt dele eigne meiningar ved berre få tastetrykk – men kva er greitt, og ikkje greitt, som journalist?

Fredag kunne NRK-journalist Mikal Aaserud fortelje om då han vart kalla inn på teppet av avdelingsleiar som følgje av ei Twitter-melding då han jobba i VG. Sidan har mediesjef i Norsk Fotballforbund, Svein Graff, ytra frustrasjon over sportsjournalistar som ytrar personlege meiningar om saker dei dekkjer.

Medier24 har difor spurd dei største sportsredaksjonane i landet for å høyre kvar grensa går, og kva retningslinjer som gjeld.

Oppmodar til debatt

I Eurosport, som mellom anna har dei gjeve Eliteserien-rettane, har dei eigne reglar for sosiale medium nedfelt i «KardeSoMe-loven», som heng i redaksjonslokalet.

– Generelt er det vanskeleg for journalistar å flagge synspunkt offentleg. Ikkje fordi di nødvendigvis gjer ein dårlegare jobb av å ha eit gitt synspunkt, men fordi ein redaksjon kan få eit problem dersom journalistikken kan skuldast for å vere farga av journalisten sitt syn. Dette er sjølvsagt ikkje annleis i sportsjournalistikken, seier mediesjef i Eurosport og Discovery Networks, Hanne McBride.

«KardeSoMe-loven» til Eurosport og Discovery Networks.

Ho legg til:

– Me ynskjer, trass dette, aktive deltakarar i sosiale medium. Våre folk er svært bevisst si rolle på skjerm og i sosiale medium. Dette er òg noko me snakkar mykje om på huset. Sosiale medium er ein arena for å skape og dele engasjement og god journalistikk. Ein får kontakt med fleire miljø og kjelde og kan auke både sakstilfang og få innspel om nye vinklar.

 

– Bør vere aktiv

Også i VG er dei opptekne av korleis ein opptrer i sosiale medium.

– Ein kan heilt klart bli inhabil i saker etter ytringar i sosiale medium. Skriv du, som fotballjournalist, på Facerbook at Lars Lagerbäck må gå av som landslagssjef, kan du ikkje lage sak på om han er rett mann for fotballandslaget dagen etter, seier sportssjef i VG, Øyvind Brenne, til Medier24.

Sportssjef Øyvind Brenne i VG.

Ifølgje Brenne finst det eit VG-regelverk som er under revisjon. Det vil basere seg på sunn fornuft og bevisstheit rundt rolle og fagfelt ein dekkjer.

– Her er det viktig å skilje mellom journalistar og kommentatorar, legg han til.

Han tykkjer likevel det er viktig at journalistar er aktive i sosiale medium.

– Det vanskelege her er at ein moderne journalist bør vere aktiv i sosiale medium, samstundes som vedkommande ikkje bør kommunisere noko som set integriteten i tvil.

 

«Ikke tilkjennegi dine meninger»

I TV 2, som har blant dei største sportsredaksjonane i landet, og ei lang rekkje sportsrettar, har dei også eigen etikkplakat for tilsette, kor sosiale medium er omfatta.

 Nyheitsredaktør Karianne Solbrække i TV2. Foto

I retningslinjene står det mellom anna at «som redaksjonell medarbeider skal du ikke tilkjennegi dine meninger om en sak du dekker eller på saksfelt du må anta det kan bli aktuelt for deg å dekke. Dette gjelder også blogger, sosiale medier og debattinnlegg.»

Sporten og Nyhetene har same retningslinjer, og nyheitsredaktør Karianne Solbrække utdjupar retningslinjene overfor Medier24:

– Dette er reglar som vart innført for ein del år sidan, og gjeld uavhengig av kva plattform ein uttrykker seg på. Me jobbar med ei revidering av denne, men ventar på ei mogleg revidering av Ver Varsam-plakaten.

– Me kan ikkje hugse i farta om det finst dømer på at nokon er erklært inhabile som følgje av ytringar på sosiale medium, men i teorien kan ein det.

 

– Potensielle utfordringar

Mentorprogrammet – Egil Sundvor – NRK Sporten

I NRK Sporten følgjer alle tilsette organisasjonen sine retningslinjer for bruk av sosiale medium, som sportssjef Egil Sundvor kallar ei forlenging av Ver Varsam-plakaten.

– Medieutviklinga og dei sosiale media skapar nye moglegheiter for den offentlege og private samtalen, og det kan oppstå potensielle utfordringar og uklarleikar i korleis dei kan nyttast i privat og profesjonell samanheng, seier han.

– Sjølvsagt kan private ytringar skape inhabilitet. I dei tilfelle me ser at private ytringar i sosiale medium er i gråsona, tek me ein prat med vedkommande.

I NRK si etikkhandbok er VVP 2.2 utdjupa slik:

«NRKs redaksjonelle medarbeidere skal i privat sammenheng alltid utvise stor varsomhet når det gjelder ytringer som kan sette medarbeiderens faglige integritet i fare. Varsomhetsreglene i Vær varsom-plakaten og i NRKs tilsettingsvilkår gjelder også ved privat bruk av sosiale medier. Redaksjonelle ledere kan innskrenke medarbeideres arbeidsområde hvis aktivitet på sosiale medier påvirker medarbeidernes uavhengighet og troverdighet.»

 

ILLUSTRASJON: Fleire norske medium har eigne retningslinjer for ytringar i sosiale medium. Ei slik Twitter-melding ville gjort Medier24-journalistar inhabil i saker knyt til kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen.

Interne retningslinjer

I Nordic Entertainment Group Norge, som eig Viasat, har dei fortløpande diskusjonar, skriv kommunikasjonsdirektør Line Vee Hanum til Medier24.

«Alle som jobber i NENT Group er underlagt interne retningslinjer for hvordan man bruker sosiale medium, og ellers har vi dedikerte ansatte som jobber med NENT Groups SoMe-kanaler. I tillegg har vi fortløpende diskusjoner om hvordan ansatte med mer offentlige profiler bør håndtere sine egne sosiale medium», skriv ho i ein e-post.

Powered by Labrador CMS