Programleiar Hallgeir Kvadsheim i Luksusfellen, og NRK-programmet «Din økonomi NÅ» med programleiar Christian Strand og gjest Silje Sandmæl (t.h.) i DNB. Også Derya Incedursun frå Nordea var i studio.
Hallgeir Kvadsheim slaktar NRK-program: – Eg blir oppgitt. Barnelærdom!
Luksusfellen-programleiaren reagerer sterkt på manglande kjeldekritikk i NRK sitt ferske økonomiprogram. – Han bommar med kritikken, svarar NRK.
«Hva bør du gjøre når inntektene faller, men regningene må betales. Christian Strand og hans økonomieksperter hjelper deg gjennom korona-krisen!»
Slik introduserer NRK sitt splitter nye økonomiprogram «Din økonomi NÅ» som gjekk på lufta torsdag kveld. Ekspertane dei nyttar på privatøkonomi er forbrukarøkonomane Silje Sandmæl i DNB og Derya Incedursun i Nordea.
– Så grunnleggjande at eg manglar ord
Kjendisøkonom og Luksusfellen-programleiar Hallgeir Kvadsheim reagerer sterkt på at NRK inviterer to banktilsette økonomar for å gi råd om privatøkonomi, utan uavhengige kjelder.
– Eg blir oppgitt. Dette er ein-kjelde-journalistikk i ein time i beste sendetid, seier Kvadsheim til Medier24.
Sjølv har han investert i og er engasjert som åtferdsøkonom for spareappen Spiff, som krev at brukarane har konto hos BN Bank. Kvadsheim jobbar i tillegg for TV 3, Dine Penger og som føredragshaldar.
– Eg blir oppgitt når NRK ikkje forstår dette. Det er barnelærdom. Eg trur ikkje dei lærer det på journalisthøgskulen eingong, men på medielinja på Elvebakken. Det er så grunnleggjande at eg manglar ord, rasar Kvadsheim.
Kvadsheim presiserer at både Sandmæl og Incedursun er dyktige, og at kritikken er retta mot NRK, ikkje økonomane. Også Sandmæl er tidlegare programleiar i Luksusfellen.
Rett nok var også Pia Høst frå Forbrukarrådet og Nejra Macic frå Prognosesenteret med som ekspertar, på videolink.
– Men er det riktig at det var ein-kjelde-journalistikk når både Høst og Macic var med?
– Det er berre ekspert på på bustad og forbrukarrett. Det er uendeleg mange tema i forbrukarøkonomi – som lån, sparing, fond – og der sit berre dei to banktilsette og svarar på spørsmåla.
Kvadsheim gjekk først ut på Twitter med sine reaksjonar:
Hva skjer hos NRK for tida? Er det Finans Norge som styrer kildevalget? Begge to som nå sitter i studio med @chrstrand og i èn time skal gi deg råd om fond, lån, renter mm, er bankansatte. Begge to. Jeg gir opp..
Hva om farmasiselskaper hadde forbrukerleger? Ville NRK la to av dem sitte i studio og snakke om medisinbruk? Uten Statens Legemiddelverk, en professor, eller f eks @WasimZahid? Nei, det tror heller ikke jeg. Men i persøk er guarden nede. Jeg forstår det bare ikke.
– Det som er ille er at dei berre brukar dei banktilsette forbrukarøkonomane – som tek føre seg tema knytt til bank, finans, fond og kva du skal gjera no – utan ei uavhengig kjelde saman med dei.
NRK: – Dei har brei kompetanse
Redaktør Frank Gander for dokumentar og samfunn i NRK viser til redaksjonssjef Randi Helland for kommentarar. Ho er ikkje samd i kritikken.
– Eg tykkjer ikkje dette er manglande kjeldekritikk. Me hadde heller ikkje berre to, men fire, ekspertar, så der bommar han. Koronasituasjonen avgrensar kor mange me kan ha i studio, seier ho.
Vidare presiserer Helland:
– Dei er frå dei to største bankane i Norge, og det er me opne om. Det er alltid ein diskusjon på kven som skal vera med i eit ekspertpanel – det kunne ha vore andre – men desse har brei kompetanse på jus og økonomi, og kan svara på eit breitt spekter av tema.
Ho meiner det er konsensus rundt råda dei gir, og at dei ikkje kjem med kontroversielle råd.
– Me hadde også planlagt andre ekspertar inn i studio, men det er litt uføreseieleg i slike settingar, og dette fekk me saman på kort tid, så me måtte ta ut noko.
– Absurd
Kvadsheim seier det er «absurd» at folkeopplysinga utelukkande blir gitt av to banktilsette i ei tid som dette.
– Heile ideen med forbrukarøkonomane, og at dei er til stades, er å selja ideen om at banken er på vår side, og at dei vil oss vel, seier han, og held fram:
– Det blir litt hult. Eg seier ikkje at bankane her ikkje trår til i situasjonen me er i, men det er berre ein månad sidan DNB tapte i høgsterett mot sine eigne fondskundar. Det er berre nokre dagar sidan begge bankane måtte krypa til korset og gi rentekuttet som burde kome no, men som dei ville forskyva i seks veker.
Professor: – Kjelder har eigeninteresse
Instituttleiar og professor i journalistikk ved OsloMet, Steen Steensen, er samd i at media må vera varsame med eigeninteressene til kjelder.
– Ein må vera medviten at kjelda har eigeninteresse. Det er også ein generell tendens i journalistikken om å bruka same kjelde innanfor eit område kor det er mange tenkelege kjelder, og kor journalistikken er tent med eit mangfald av kjelder, og ikkje berre reindyrka éi ekspertkjelde – som i tillegg har klare interesse i saka, seier Steensen.
Han legg til:
– Det er ein generell kjeldeslappheit i norsk journalistikk, med å reprodusera den same kjelda igjen og igjen – kor det finst alternativ. Og her finst det mange alternativ, seier han.