Det var ein lydhøyr kinosal som lytta til Ståle Grut fortelje om digitale spor, kjeldekritikk, kunstig intelligens og manipulering av bilete og videoar under Arendalsuka tysdag.
Han viste i tillegg til moglegheitene som ligg i graving på internett – «frikjeldeetterretning» – som går på å hente inn informasjon frå frie og opne kjelder.
– Verifisering vert viktigare
– Dette er ei ny journalistisk grein som ikkje har sett seg i redaksjonane. Mange av dei store har likevel byrja med digital graving, sa Grut til forsamlinga og viser til dømer frå BBC og New York Times.
– Me lever i eit digitalt samfunn kor alt me gjer på nettet lèt etter seg eit fotavtrykk. Alt kan sjåast i eit puslespel, og alle slike spor kan bidra til å gi oss forståing for kva som skjer i verda, la han til.
Vidare brukte han mykje av tida på å snakke om kjeldekritikk.
– Stadig meir journalistikk kjem frå nettet. Då vert verifisering av informasjon endå viktigare, sa Grut.
Han meiner den journalistiske kompetansen i ein redaksjon, i kombinasjon med den digitale gravekompetansen, er ein nøkkelkombinasjon.
– Ein treng òg den journalistiske metoden med alt av kjeldekritikk det inneber, seier han.
Sjølv tek han i haust permisjon frå jobben som journalist i NRK Beta for å skrive bok om digital kjeldekritikk på forlaget Gyldendal.
– Eg har alltid vore oppteken av journalistikk og kjeldekritikk, seier han i intervju med Medier24 etter føredraget.
Rosar VG-prosjekt
Grut har tidlegare arbeidd som rådgjevar i Tinius-stiftinga, som er største eigar i Schibsted, og har PR-utdanning frå Høgskulen i Volda og master i nye medium frå Universitetet i Amsterdam.
No følgjer han tett med på utviklinga av nye journalistiske metodar som kjem fram i takt med den digitale utviklinga.
– Frikjeldeetterretning er kjent frå etterretningsbransjen. Det er relativt nytt i journalistikken, seier han.
– Det er ein del spreidd kunnskap om det i Norge, men eg følar framleis det er ekspertdrive, så det er ein del nisjemiljø internasjonalt som jobbar aktivt med det, legg hann til.
– Kva type journalistikk kan ein lage med slike metodar?
– Ein kan lage mange formar for journalistikk. Kanskje helst når det er snakk om store og komplekse informasjonsmengder i større graveprosjekt.
Grut viser spesielt til eit døme frå ei sak VG laga om Helge Ingstad-forliset i november i fjor:
– Den interaktive løysinga til VG med Helge Ingstad var veldig interessant. Dei viste ein 3D-modell av båten, para med kartdata og lydlogg. Ein tek ulike kjelder og kombinerer det inn i ei interaktiv løysing, seier han.
Manipulerte NRK-anker
Under føredraget snakka Grut òg om moglegheitene – både fordeler og ulemper – ved sokalla «DeepFakes», som betyr å «bytte ut» ansikt til menneske i videoar. Slik kan du til dømes lese inn ei setning og få det til å sjå og høyrast ut som kven helst har sagt det.
– Eg trur at det kan vere med og styrke journalistikken i framtida, avhengig av at fleire veit om og kjenner til desse metodane. Men det finst mange dømer på at ein tek informasjon som ikkje stemmer og fremjar det som om ei sanning. Difor bør ein trø varsamt, seier Grut.
– Eg kan ikkje seie det er blitt det, men jo meir kunnskap me kan spreie om at dette er ei moglegheit, jo mindre vil problemet bli på sikt. Folk vil forstå denne type manipulering.
I kampen mot manipulert innhald på internett har nyheitsbyrået Reuters utarbeidd ein plakat som skal identifisere nivå av manipulasjon. Det har mellom andre Digiday omtalt om i vår.
– Der prøver dei å spreie bevisstgjering i redaksjonen. Alle videoar kan i teorien vere manipulert, sa Grut under føredraget.
– Det er ikkje slik at alt er «0 eller 100». Det er mange glidande overgangar. Det er viktig for å unngå misforståingar. Det finst manipulering i ulike fasongar og fargar.