Dyrevernnemnda sin representant i møte med minkfarmbonde Per Olaf Lauvås, NRK Rogaland si Mattilsynet-avsløring og Debatten-programleiar Fredrik Solvang.Skjermdump
Klagar NRK inn til PFU – vil ha Debatten felt på sju punkt: – Vanvettig urettferdig
Kvinna, som gjorde tilsyn for Mattilsynet før skrekkrapporten om ein minkfarm, vil ha NRK Rogaland, Debatten og Nationen felt i Pressens Faglige Utvalg.
«Bonde avslørte Mattilsynet med skjulte opptak» skreiv NRK Rogaland i mai 2019, og dokumenterte korleis dyrevernsnemnda hadde fatta eit avviklingsvedtak på minkfarmen til Per Olaf Lauvås på feilaktig grunnlag.
Berande for forteljinga var korleis ei kvinne frå dyrevernsnemnda, underlagt Mattilsynet, hadde skrive ein nådelaus rapport om tilstanden på farmen ho hadde hatt tilsyn på tre dagar tidlegare. Bonden kjente seg ikkje att i skildringane.
No har kvinna meldt NRK Rogaland til Pressens Faglige Utvalg for brot på tre punkt i Ver Varsam-plakaten. I tillegg meiner ho den etterfølgjande Debatten-sendinga har brote sju punkt i VVP. Kvinna har avvist NRK sin invitasjon til møte om ei eventuell minneleg løysing.
– NRK har gjort meg til syndebukk. Ikkje berre i denne saka, men også overfor omverda. Det er eg som har blitt snakka om, diskutert i Debatten, og det er eg som har fått skulda, seier kvinna til Medier24.
– Det er så vanvettig urettferdig at eg får ikkje sagt det, seier ho vidare til Medier24.
Også Nationen (sak 1 og sak 2) har blitt klaga inn på fire punkt i VVP.
– Graverande
Klagar meiner NRK har sterkt overdrive rolla hennar i saka. Nemndskvinna påpeiker at det er inspektørar og veterinærar som tek alle avgjersler, og at ho som nemndsmedlem ikkje har utøvande makt.
Nemndskvinna, som heiter Ingrid Eik og bur i Stavanger, reagerer også på at NRK Rogaland skriv at det er ho og inspektøren som har skrive rapporten.
«Journalisten vet at vi aldri skrev rapporten. Hvorfor bygger han opp teksten slik da?» skriv ho i klaga, og viser til følgjande avsnitt:
«Bonden spør flere ganger. De hadde jo skiltes tre dager tidligere med en god tone mellom seg. Og så hadde nemndskvinnen og inspektøren gått tilbake og skrevet en sånn rapport? En skrekkrapport?»
Ho skriv i klaga at ho meiner tittelen, «Bonde avslørte Mattilsynet med skjulte opptak», er sterkt misvisande då videoopptaka av nemndskvinna ikkje er skjulte, men at det er lydopptaka av avdelingsleiaren i Mattilsynet som er skjulte.
Ho meiner også at NRK har brote punkt 3.2 i VVP om opplysingskontroll og kjeldekritikk.
«De faktiske forholdene på pelsfarmen er ikke kommet frem i saken. Det som stod i rapporten var for grovt, men dette stemmer ikke at dette var en plettfri pelsfarm», skriv nemndskvinna i klaga.
– Eg har eit håp om at dei vert felt og at rettferda sigrar. Det er graverande kor mykje ein kan bli utsett for i ei slik sak, seier ho til Medier24.
I klaga går ho også sterkt sterkt ut mot Debatten-sendinga to dagar etter.
«Jeg mener Solvang (programleiar, journ. anm.) rett og slett lyver om meg. I tillegg er han lite saklig og viser ingen omtanke i sin fremstilling av meg og hendelsen», skriv ho.
«Jeg mener også at programleder legger opp til usannheter, forhåndsdømming og spekulasjoner», står det i rapporten.
Vidare fortel ho om hat og hets i sosiale medium i etterkant av Debatten-sendinga, då Debatten gjekk langt i å identifisera ho, ifølgje kvinna.
«Mitt omdømme er blitt alvorlig skadet, hele min yrkeskarriere er blir svartmalt. Jeg får aldri mulighet til å rette det opp igjen», skriv ho.
– Han stilte ikkje eitt kritisk oppfølgjingsspørsmål til Lauvås, og tok alt han sa for god fisk, seier klagar til Medier24.
Fredrik Solvang ynskjer ikkje å kommentera kritikken, og viser til etikkredaktør Per Arne Kalbakk i NRK.
Nationen avviser kritikken
Nemndskvinna meiner også at Nationen har brote fire punkt i Ver Varsam-plakaten.
Ho meiner avisa ikkje har gjort tilstrekkeleg opplysingskontroll, manglande samtidig imøtegåing og manglande korrigering av feil.
Kvinna legg vekt på at Mattilsynet si interne gransking kom fram til at ho ikkje kan klandrast for hendinga, at ho har full tillit hos Mattilsynet og no er ute på nye tilsyn.
Nationen avviser å ha brote nokon av dei fire punkta i VVP.
Desse punkta meiner ho er brote:
NRK Rogaland:
3.2, kjeldekritikk
4.1, saklegheit og å visa omtanke i innhald og presentasjon
4.4, dekning for tittel
NRK Debatten:
3.2, kjeldekritikk
4.1, saklegheit og å visa omtanke i innhald og presentasjon
4.3, stigmatisering
4.4, dekning for tittel
4.7, identifisering
4.13, retting av feil
4.14, samtidig imøtegåing
Nationen:
3.2, kjeldekritikk
4.13, retting av feil
4.14, samtidig imøtegåing
4.15, rett på tilsvar
Inviterte klagar til Debatten
I sitt svar til PFU skriv etikkredaktør Per Arne Kalbakk, på vegner av regionredaktør Ragnar Christensen og nyheitsdirektør Helje Solberg, følgjande:
«Vi mener at vår framstilling av fakta i saken gir et dekkende bilde av den informasjonen vi satt med da artikkelen ble publisert. Flere opplysninger har kommet til senere og har blitt fulgt opp i NRKs redaksjonelle dekning, men vi måtte forholde oss til det som var kjent på dette tidspunktet.»
«Når det gjelder klagers rolle i tilsynet kommer det klart fram i artikkelen at det var en seksjonsleder i Mattilsynet som hadde skrevet rapporten som senere ble trukket tilbake.»
NRK legg vekt på at dei inviterte kvinna til å delta i den innklagd sendinga for å bidra med si versjon. Ho hadde ved fleire høve avvist å kommentera saka, og peikte på teieplikta, til trass for at Per Olaf Lauvås hadde løyst alle frå teieplikta om den konkrete saka.
«Klager har ikke på noe tidspunkt etter Debattens sending tatt kontakt med redaksjonen for å påpeke feil eller unøyaktigheter som eventuelt burde rettes opp.»
Til det svarar klagar:
– Ein dyreeigar kan ikkje oppheva mi teieplikt. Det må Landbruks- og matdepartementet gjera.
Med omsyn til identifiserande opplysingar i Debatten-sendinga skriv NRK at dei gjorde det på bakgrunn av redaksjonelle avgjersler om at det var relevante opplysingar og dokumentasjon.
«Vi forstår at omtalen av klager i sakene NRK har publisert har vært en belastning for klager, og vi synes det er sterkt beklagelig at hun har blitt utsatt for hets i sosiale medier som følge av den kritiske omtalen av hennes rolle i tilsynsprosessen.»
Dei meiner også dei har dekning for tittelen, då dei meiner det er dei skjulte lydopptaka av avdelingsleiaren i Mattilsynet som er dei meste avgjerande opptaka i saka.
«Men vi ser at det kan presiseres enda tydeligere hvilket av de to opptakene som er skjult», skriv NRK.
– Litt upresist framstilt i Debatten
Etikkredaktør Per Arne Kalbakk i NRK kommenterer klaga slik:
– Det er ein omfattande klage, og me har på vanleg måte svart opp klagepunkta til PFU, og i utgangspunktet meiner me at det me har publisert har vore relevant dokumentasjon for saka. Me har forsøkt å behandla kjeldene og materialet i tråd med presseetiske krav, og så har me gjort greie for det overfor PFU i tilsvarsrunden. Deretter vil det vera opp til utvalet å vurdera om me har gjort det.
Med respekt for klagar og behandlinga ynskjer ikkje Kalbakk å kommentera potensielle utval av PFU-behandlinga.
– Er det enkelte ting i Debatten-sendinga de tek sjølvkritikk på?
– Fakta blir litt upresist framstilt, men dette skjer på direkten, i ei debattsending, og blir også til dels retta opp seinare i sendinga.
Om kritikken retta mot Solvang, svarar Kalbakk:
– Fredrik si rolle som programleiar er å få svar på kritiske spørsmål i kontroversielle saker. Det betyr at han òg skal konfrontera gjester med påstandar om saksforhold, men det er ikkje det samme som å lyga.