- NJORD SVENDSEN, spesialrådgivar
Tidligere også publisert hos Dagens Næringsliv.
Kvar gong nokon seier «kaskadere» eller ber meg finne mitt «why», ler eg, men latteren kiler seg fast i halsen.
Eg blir flau over å kalle meg kommunikasjonsrådgivar.
Mi eiga foreining, Kommunikasjonsforeningen, har invitert meg på kurs i regi av to konsulentar frå kommunikasjonsbyrået Zynk.
Der kan eg få gjennomgang av sorgkurven, tilpasning til «mindset», kommunikasjon for momentum, måling, og ikkje minst, «mobilisering av linjen – hvordan sikre kaskadering av budskapene?»
For ikkje å gløyme, «hva er suksesskriteriene for effektiv kaskadering, og hva skjer når det ikke fungerer?»
Eg jobbar som kommunikasjonsrådgivar. Derfor tenker eg på kurs som Kommunikasjonsforeningen tilbyr som, i utgangspunktet, relevante.
Eg innser at det skal vere noko for ein kvar smak på programmet, kommunikasjonsfeltet er mangfaldig.
Men den kommersielle PR-bransjen tar for stor plass.
Dersom dei oftare hadde noko å melde, hadde det vore uproblematisk.
Det er derimot problematisk når dei leikar butikk på den måten dei tilsynelatande gjer her.
Naturlegvis tøysar vi med «purpose» og «kaskadering», fordi det er komisk og absurd.
Men det har ei alvorleg side.
Når dette forkjølte og framandgjerande språket blir talt i kommunikasjonsfagets namn, svekker det tilliten til kommunikasjonsfaget.
Det fungerer tydelegvis som innpakning i delar av forretningslivet og i delar av politikken
(Dessverre verkar mange politikarar til å ha fått kraftige infeksjonar).
For meg, og dei eg skal kommunisere med, er det motsett: Legitimiteten smuldrar – i mitt arbeid og min tittel.
Det er godt muleg at terminologien, eller ny-svadaen, har si kjelde nettopp i forsøket på å gi kommunikasjonsfaget legitimitet.
Det går dårleg når forsøket på å gjere det til vitskap krasjlandar i kvasivitskap, eller uvitskap.
Har Kommunikasjonsforeningen tal på kva kategoriar av kommunikasjonsmedarbeidarar som finst i medlemsbasen?
Kor stor del jobbar i kommersiell PR, som Zynk og First House?
Kor stor del jobbar i den verkelege verda, i stat, fylke, kommune og større og mindre bedrifter i dette landet?
Hypotesen min er at den første kategorien er ganske liten.
Kanskje er det på tide å skilje skit og kanel, PR og kommunikasjonsarbeid?
Kanskje er det på tide at forsamlinga yppar seg mot ypparsteprestane og bannar i kyrkja.
Eg håpar eg ikkje hamnar i konsulenthelvete.