Guro Kvalnes, Kringkastingsringen.

År etter år får NRK kritikk for manglande nynorsk. År etter år kjem dei med nye løfte. No er det nok

- Nok tomprat om nynorsk frå kringkastinga, skriv Guro Kvalnes.

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • GURO KVALNES, styreleiar i Kringkastingsringen

 

Allmennkring­kastingsrapporten frå Medietilsynet stadfestar den stadige nedturen for nynorsk i NRK. Samla i NRK gjekk delen nynorsk ned frå 23 til 22 prosent frå 2016 til 2017.

Nynorskdelen på nett har gått ned frå 18 prosent i 2015 til 16 prosent i 2017, men også på dei andre plattformene er det nedgang. Det eine lyspunktet er at NRK Super stadig held stand.

Som vi veit: Minst 25 prosent av innhaldet til NRK skal vere på nynorsk, ifølgje vedtektene til NRK.

 

Følgjer ikkje opp planen

I fjor kom NRK med ein eigen handlingsplan for nynorsk, noko vi i Kringkastingsringen var positive til. Då er det trist å sjå kor lite NRK har følgt opp sin eigen handlingsplan.

Planen kom med fagre lovnader og gode, tydelege planar, men ikkje éin av nynorskbrukarane i NRK vi har prata med, seier at handlingsplanen har ført til endring.

No, etter fleire år med dårlege tal, har vi sett oss nøydde til å gjere ein ekstra innsats sjølve: Vi har ført eigen statistikk og vi har prata med etter kvart mange nynorskbrukarar i statskanalen.

Éi trist tilbakemelding vi har fått, unisont, er at handlingsplanen ikkje har forandra noko. Det som likevel er mest trist er at 100 prosent av dei vi har prata med, seier at nynorsk aldri er tema i det redaksjonelle arbeidet. Éin av dei spurte sa det enkelt: «Eg har aldri høyrt nokon av sjefane trekke fram nynorsk, eller vise noko som helst ønskje om å fremje det, gjennom alle åra eg har vore her.»

 

Litt skryt – til Bryn

Vi skal ikkje seie at det ikkje skjer noko positivt for nynorsk i NRK: Det blir halde nynorskkurs for journalistane, vi ser nynorskbrukarar som programleiarar i populære program, og den kanskje største TV-suksessen det siste året – Heimebane – er lagt til nynorskland og synleggjer eit breitt dialektmangfald.

Vi veit samstundes at mykje av det positive kjem fordi NRK har ein språksjef i Ingvild Bryn som gjer ein enorm innsats. Akkurat det blir stadfesta av dei vi sjølve har prata med: «Det er vel så å seie berre Ingvild som jobbar på for det her på huset», sa éin profilert nynorskjournalist.

 

Sogn og Fjordane åleine

Det samla inntrykket, og ikkje minst tala frå Allmennkringkastingsrapporten, teiknar likevel eit tydeleg bilde. Spesielt ille er det på nett, der nynorskprosenten berre er på 16 prosent.

Det blir ekstra ille når vi veit kva som ligg bak dei 16 prosenta: 40 prosent av nynorsksakene blir nemleg skrivne av NRK Sogn og Fjordane, noko som vil seie at det store fleirtalet av sakene ikkje når ei breitt publikum.

Vi har ført eigen statistikk over saker på nynorsk på NRK.no det siste halvåret. Vår triste konklusjon: Det er sjeldan meir enn 5 prosent nynorskssaker på NRK.no – plattforma som når dei yngste brukarane.

 

Må tilsetje nynorskingar

Sjølv utan våre tal og erfaringane frå nynorskbrukarane vi har prata med i NRK, er situasjonen vanskeleg. Så korleis reagerer NRK?

På akkurat same vis som tidlegare, med det vi dessverre må sjå på som tomprat.

rapporten blei lagt fram sa mediedirektør Marius Lillelien at dei jobbar med å auke delen nynorsk på eigne plattformer.

- Det handler om å øke antallet som skrive nynorsk på NRK.no. Det konkrete der er at de som behersker begge målformer, skal skrive først og fremst på nynorsk, sa Lillelien til Medier24.

Vi oppfordrar både Lillelien og andre i NRK-leiinga til å følgje opp eigen handlingsplan på langt betre vis.

For det kanskje viktigaste punktet i heile handlingsplanen, er dette: Tenk nynorsk når du rekrutterer.

Kringkastingsringen har fått det fortalt tydeleg frå ein leiar i nyheitsdivisjonen, at nynorsk ikkje blir vektlagt ved tilsetjingar. Det er skuffande. Hen fortalte oss rett nok at NRK få inn fleire fleirkulturelle journalistar, og det er flott, men på same måten må NRK få inn fleire nynorskskrivande journalistar.

No ventar vi handling frå NRK. Om NRK følgjer sin eigen handlingsplan er mykje gjort, men det krev at leiarane tek ansvar. Det står faktisk i handlingsplanen at det er både toppleiargruppa og kvar enkelt leiar som har ansvaret for å nå nynorskprosenten.

Då er meldinga frå oss: Ta ansvar!

Powered by Labrador CMS