Tomas Bruvik, redaktør i Kvinnheringen. Her fra LLAs landsmøte i 2015.

Berre sure ord om andre sine forslag, Gard. Kva burde utvalget gjort?

DEBATT: - Korleis meiner du at den norske mediepolitikken burde vore, spør Tomas Bruvik.

Denne artikkelen er over to år gammel.

• TOMAS BRUVIK, redaktør i Kvinnheringen og nestleiar i Landslaget for lokalaviser

 

Gard Michalsen er igjen ute med ei relativt syrlig tunge, denne gongen etter Mediemangfoldsrapporten som vart lagt på bordet tirsdag. 

I ein lang tirade slår Michalsen ned på heile den bransjen han lever av.

Sjølv gjer Michalsen akkurat det same som nesten alle norske medier, prøver å lage ei god nettavis som han vil ha flest mogleg til å lese. 

 

Ein tendens den siste tida har vore at redaktør, journalist, reporter og kommentator Gard Michalsen i Medier24.com er negativ til det aller meste som handlar om mediepolitikk. 

Det har Michalsen absolutt lov til, men det eg saknar er kva Michalsen tenkjer norske medier bør gjera. Kva meiner han at Mediemangfoldsdutvalget burde foreslått? Det kjem sjeldan eller aldri forslag til nytenking  frå Michalsen, berre sure ord om andre sine forslag. Det er for enkelt.

 

I kommentaren skriv Michalsen at i staden for å tenke nytt så er mediemangfoldsutvalet gammaldagse og vel å male nytt og utvide nokre nye og dyre anneks. 

Eg har tidlegare spurt, utan å få svar, men prøver igjen. 

Korleis meiner du, Gard Michalsen, at den norske mediepolitikken burde vore?

Meiner du at store konsern som Amedia, Schibsted og Polaris er digitale sinker som berre mjølker papiravisa? 

 

Heilt til slutt - eg meiner mediemangfoldsutvalet har gjort ein solid jobb som absolutt kan vera med å sikra god journalistikk både til store og små aviser som er i konstant omstilling.  

   

Powered by Labrador CMS