«Eg trur aldri eg har vore meir inspirert enn no. Men eg har sannsynlegvis heller aldri vore meir motlaus», skriv Tobias Schildmann Mandt.
TobiasSchildmann Mandtfotojournalist utan førarkort
PublisertSist oppdatert
Kjære alle saman
Kjære alle fotojournalistane rundt omkring som har hatt jobben sin i frustrerande mange år.
Kjære Dagsavisen, som bad meg senda søknad sommaren etter praksis, men som ikkje ville ha meg likevel når sommaren kom.
Kjære medelev, som jobba hardare, ville hardare og brann hardare for faget.
Kjære alle som seier at eg må få meg førarkort for å ha ein sjanse.
Kjære alle som søkjer fotograf, journalist, innhaldsprodusent, grafisk designar, tiktokar og programleiar i éi og same stilling.
Kjære alle som dreg på dokumentarfestival i Trondheim, men klarar det utan stipend frå Norsk Journalistlag.
Kjære alle dei som elskar å prata, nyt å mingla, trivst med å networke og alltid kan svara fornøgd når nokon spør «kva driv du med om dagen då?»
Kjære, kjære alle saman…
Eg vil jobba i VG, i Aftenposten, i Vårt Land, i Morgenbladet, i BT og i National Geographic. Eg vil heim igjen til Bergen, men også ut i verda. Eg vil bli i Oslogryta, men også bu resten av livet på Strandsætra eller i båten på Hatlehaug. Eg vil tilbake til Catalonia for å bu med husokkupantar. Eg vil tilbake til Stor-Elvdal for å fullføra historia om oldefar min. Eg vil halda fram med å vera heile dagar på Vår Frelsers gravlund.
Men kjære alle saman.
Eg anar stort sett ikkje kva eg driv med.
Eg tenkjer. Eg lagar tankekart. Skriv notat. Gjer research. Eg dreg på føredrag. Eg sender inn til Årets Bilde, eg spør ein ven korleis ein skriv Fritt Ord-søknad, eg skriv søknad, eg sender søknad. Eg jobba i Universitas. Eg skreiv kommentarar, tok bilete, deska papiravisa og var fotosjef.
Eg seier til meg sjølv at eg skal byrja med førarkortet, men for å ta førarkort må eg ha pengar, og for å ha pengar må eg ha jobb. Og viss eg har jobb, så er det mest sannsynleg ikkje som fotojournalist.
Kjære alle saman
Eg trur aldri eg har vore meir inspirert enn eg er no. Dei som har fått kloa i boka til Erlend Berge og Frode Grytten ser kanskje at eg er inspirert av ho no. Og litt av Ivar Aasen, trur eg. Generelt blir eg inspirert av alle fotografane i VG, Aftenposten, Vårt Land, Morgenbladet, BT og National Geographic. Eg blir inspirert av alt dei tidlegare medelevane mine stadig leverer. Eg blir litt ekstra inspirert når eg tenkjer tilbake på kor flinke lærarar eg hadde på studiet. Eg blir inspirert av alle som er både fotograf, journalist, innhaldsprodusent, grafisk designar og tiktokar i ei og same stilling. Ja, og sjølv når eg motvillig deltek i pausemingling hender det at eg blir inspirert.
Men eg har mest sannsynleg heller aldri vore meir motlaus enn eg er no.
Eg fann nyleg igjen eit bilete eg tok i fjor som eg synest passar.
På eit eller anna tidspunkt kjem eg meg vel anten over eller under gjerdet.
Ein tidlegare utgåve av denne teksten vart oprinnelig publisert på innsendars Facebook-side.