Pensjonert TV 2-journalist Davy Wathne, kommunikasjonsdirektør i Discovery Netowrks, Espen Skoland og Eurosport-ekspert Kåre Ingebrigtsen.

Davy Wathne ut mot Euro­sport: – Kåre Ingebrigtsen kan oppfattast som bitter, hemn­gjerrig og med motiv

Fleire reagerer på Eurosport sin bruk av Kåre Ingebrigtsen som ekspert på Rosenborg-kampar. – Uproblematisk, svarar Discovery.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det gjekk knapt to månadar frå Kåre Ingebrigtsen fekk sparken i Rosenborg til Eurosport annonserte han som ny ekspert for Eliteserie-sesongen 2019.

Medan norske klubbar førebudde seg på årets sesong, sto Ingebrigtsen midt i ein rettsleg konflikt med RBK som følgje av sparkinga i fjor sommar. Søndag sat den tidlegare trenaren og analyserte RBK som Eurosport-ekspert – berre månadar etter rettssaka som enda med forlik.

– Ingebrigtsen sitt endelykt i RBK var så spesielt, med eit så ferskt etterspel, som alle som ser og høyrer på vil bli distrahert av. Han kan seie at han ikkje har problem med RBK, men det hjelp ikkje, fordi dei som høyrer på han kan oppfatte han som bitter, hemngjerrig og med motiv for å kritisere sin etterfølgjar (Erik Horneland, journ. anm.).

Det seier mangeårig TV 2-veteran Davy Wathne, til Medier24. Han var blant dei som kritiserte Eurosport, for deira ekspertbruk, på Twitter søndag kveld.

Tidlegare TV 2-reporter Davy Wathne før eliteseriekampen mellom Start-Rosenborg på Sparebanken Sør arena, hausten 2015.

 

– Eit minefelt

Wathne er likevel tidleg ute med å presisere:

– Det er ikkje eitt spanande og interessant menneske utan bindingar og habilitetsproblem. Alle personlegdommar har fortid og CV som gjer at dei i nokre høver vert oppfatta som inhabil. Det gjeld personar som (fotball-ekspertane, journ.anm.) Jesper Mathisen, Erik Huseklepp og Bengt Eriksen. Alle har spelt ein stad, og har eventuelt mista jobben ein stad.

Han legg til:

– Dette er eit minefelt. Om eg seier noko, så vil folk seier det same om TV 2, og til dømes (tidlegare Stabæk-spelar og TV 2-ekspert, journ. anm.)) Daniel Nannskog som hadde bindingar til (tidlegare Stabæk-trenar, journ. anm.) Jan Jönsson. Det er ikkje mogleg å finne nokon som er uangripelege, rakrygga eller uhilda.

Dosent ved Nord universitet, Fritz Leo Breivik, tykkjer òg det er problematisk at Ingebrigtsen analyserer Rosenborg så kort tid etter striden med klubben.

Fritz Leo Breivik, dosent ved Nord universitet.

– Med tanke på situasjonen han har vore i tykkjer eg det er for tidleg for Kåre Ingebrigtsen å vere ekspertkommentator i Eliteserien, seier han.

 

– Vær Varsom-plakaten er tydeleg

Breivik var på 1990-talet styreleiar i Bodø/Glimt, og jobbar no med tilrettelegging for media i Glimt sitt frivilligapparat, i tillegg til å undervise i journalistikk.

Vær Varsom-plakaten:

2.2. Redaktøren og den einskilde redaksjonelle medarbeidar skal verne om si uavhengigheit, integritet og truverde. Unngå dobbeltroller, verv, oppdrag eller bindingar som kan skape interessekonfliktar eller føre til spekulasjonar om inhabilitet.

2.3. Ver open om bakanforliggande forhold som kan vere relevante for korleis publikum oppfattar det journalistiske innhaldet.

– Eg veit ikkje kor mykje redaksjonane reflekterer over det. Desse sendingane er ei grense mellom ekspertise, underhaldning og journalistikk. Ekspertane sit rundt borda med seriøse og gode analysar og lystige og fiffige kommentarar. Det flyt mykje saman, og det vert eit underhaldningsprogram, seier han.

– Men det er jo eit redaksjonelt produkt som skal følgje dei journalistiske spelereglane?

– Det er først og fremst det. Vær Varsom-plakaten er tydeleg på at ein skal vareta integritet og sjølvstende. Ein skal ikkje ha private eller profesjonelle interesser, seier han.

Breivik ved Nord universitet meiner det er problematisk med så hyppige rollebytter som ein ser i sportsjournalistikken.

– Eg såg innslaget i går kveld. Ingebrigtsen var ikkje spesielt kritisk mot Rosenborg, men det hadde ikkje gjort noko om fotballen gjorde det same som samfunnet elles, seier han, og legg til:

– Ein kan ta eit karanteneår, til dømes. Korleis det skal skje for ein fotballekspert er eg litt usikker på. at me tek eit karanteneår i forhold til sin tidlegare arbeidsgjevar. Korleis det skal skje for ein fotballekspert er eg litt usikker på, men eg trur sportssendingane hadde vore tent med kommentatorar som hadde ein viss avstand til sin tidlegare arbeidsgjevar.

 

– Burde vald nokon andre

Dag to av rettssaka i Sør-Trøndelag tingrett Kåre Ingebrigtsen og Erik Hoftun førte mot Rosenborg etter at dei sommaren 2018 fekk sparken av klubben.

Wathne tykkjer det er positivt at òg sportsjournalistikken blir sett 

– Det må luftast ut, diskuterast og ein må setje fokus på det, seier han.

På Twitter tok den tidlegare TV 2-profilen til orde for at Ingebrigtsen bør analysere på andre kampar og andre lag enn Rosenborg. Breivik ved Nord universitet trur ikkje det vil kunne løysast på ein god måte.

– RBK er ein svært sentral klubb. Kvar gong dei tapar er det hovudoppslag i sportssendingane. Det forstår ein når ein ser på RBK si merittliste dei siste åra, seier han, og legg til:

– Då vert det rart om han sit heilt taus ved sidan av. Eg trur Eurosport burde ha vald annleis. Dei burde vald nokon andre enn Kåre Ingebrigtsen, seier han.

 

– Me har diskutert det

Kommunikasjonsdirektør i Discovery Networks, Espen Skoland.

Kåre Ingebrigtsen ynskjer ikkje å kommentere saka overfor Medier24.

Kommunikasjonsdirektør i Eurosport-eigde Discovery Networks, Espen Skoland, fortel til Medier24 at han ikkje overraska over reaksjonane som kjem.

– Det er eit tilbakevendande tema i sportsjournalistikken. Me har diskutert det, seier han, og legg til:

– Me signerte han då han vart ferdig i RBK. I perioden med den rettslege konflikten sette me samarbeidet på hald, og så tok me opp samarbeidet etter konflikten var over. Vår vurdering er at han har svært brei fotballfagleg kompetanse, som spelar og trenar, og han har ein kompetanse som er ferskvare innanfor fotballfeltet. Difor var det naturleg å ta han inn igjen.

– Ein kan spørje seg kvar grensa er for kor lenge det kan gå. Me kom fram til at det no er uproblematisk. Det er full openheit om rolla han har hatt, så det er ingenting som vert lagt skjul på i sendingane.

Powered by Labrador CMS