Haustmøtet i Norsk Redaktørforening:

Hanne Løvik rista i redaktørane: – Finn eigne saker i data­setta!

Den tidlegare Teknisk Ukeblad-journalisten mana til meir datajournalistikk på Norsk Redaktørforening sitt haustmøte tysdag morgon.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– De må opne auga for at data er det som ligg til grunn for mange av sakene de les i dag, sa Hanne Løvik til dei frammøtte i konferansesalen på X Meeting Point på Hellerudsletta.

Løvik er fagmedarbeidar ved Institutt for Journalistikk (IJ). Ho har røynsle som journalist i Teknisk Ukeblad og har òg vore journalist og desksjef i ABC Nyheter/ABC Startsiden.

– SSB har alt de lurer på

 Det var sistnemnde arbeidsgjevar som gav Løvik tid til å kurse seg og lære å ta i bruk nye verktøy for å presentere og visualisere journalistikk og datasett.

Ho meiner norske journalistar har mykje å gå på når det gjeld å ta i bruk ubenytta data.

– Slutt å oversjå dei. De kan både få meir ut av sakene og lage nye saker. Det offentlege har enorme mengder data. SSB er eit heilt byrå som jobbar med å spy ut data. Dei har alt du måtte lure på, seier ho, og nemner vidare Helsedata og kommunane som kjelder til informasjon.

– I ABC Nyheter fekk me laga veldig mykje kult i ein liten redaksjon. Det kan de òg klare. Det er ikkje slik at desse dataa ikkje eksisterer. Dei er der, men de overser dei, sa Løvik.

 

– Excel er det viktigaste

 Ikkje berre gjeld det å finne dataa, men Løvik legg òg vekt på enkel visualisering som kan løfte presentasjonen.

– Alle har saker som baserer seg på tal og rekneskap. Men for å ta det eitt steg vidare, må du visualisere. Ikkje undervurder linjer og stolpar, som er det enklaste å lese. Det finst gratisprogram som Infogram og Datawrapper, seier ho, og føyer til:

– Excel er det aller viktigaste programmet for datajournalistikk. Alle har vel ein Office-pakke.

Til trass for at Ingeborg Volan (Dagens Næringsliv) og Dan Kåre Engebretsen (NRK) har halde eit 45-minuttars føredrag om både koding og teknologi like før ho, er Løvik tydeleg på at ein ikkje treng vere god på koding for å lage nyttig datajournalistikk.

– Men om ein skal lage store ting, må ein det, sa ho.

 

Unngå «ferdigtygd» stoff

 Vidare oppmodar ho til å sjå pressemeldingar i korta.

– Finn eigne saker i datasetta. Finst de noko data her? Kva er grunnlaget for denne saka her? Då må ein sjå grunnmaterialet, og ikkje ferdigtygde «talking points» frå politikarane.

Ho peiker på VG si Tolga-avsløring som eit godt døme på datajournalistikk – men kor dei har presentert saka via kjelder, og ikkje illustrasjonar og visualisering.

– VG gjer mykje bra. Det [Tolga-saka] ser ikkje ut som datajournalistikk, fordi dei har intervjua tre brør i staden for å vise tal. Men tala handlar jo om folk.

Powered by Labrador CMS