PFU som behandla VG-saka 28.august og Svein Brurås, professor ved Høgskulen i Volda.

Professor kritisk til PFU: – VG-saka har framleis usvarte spørsmål

Svein Brurås ved Høgskulen i Volda meiner VG burde fått meir kritikk for den kjeldekritiske kollapsen då dei først fekk tips om dansevideoen på Bar Vulkan.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Torsdag vart VG felt for brot på fem av sju innklaga punkt i Ver Varsam-plakaten etter behandling i Pressens Faglege Utval for dansevideosaka på Bar Vulkan.

Avisa har brote god presseskikk på punkta 3.2, 3.3, 3.7, 3.9 og 4.13. Utvalet konkluderte i tillegg med at avisa brøyt god presseskikk i arbeidet med evalueringsrapporten.

– Dette overraskar meg. Eg kan ikkje komme på at liknande har skjedd tidlegare, og eg har følgt PFU lenge, seier etikkekspert Svein Brurås ved Høgskulen i Volda til Medier24.

Han har skrive pensumboka «Etikk for journalistar».

 

– Kollapsen skjedde før Sofie-kontakt

Det var punkt 3.3 om premiss og 3.9 om omsyn til kjelda utvalet meinte avisa hadde brote i rapporten. 

– Dette viser problema når media skal granske seg sjølv. Ein har for mykje å forsvare. Då vert det viktigaste å vinne att kontroll over saka, seier han.

– Meiner du at brota på punkt 3.3 og 3.9 skuldast at VG har hatt for mykje fokus på seg sjølv, og dermed for lite fokus på Sofie?

Svein Brurås, professor i journalistikk på Høgskulen i Volda og forfattar av boka «Etikk for journalistar».

– Ja. Det meiner eg. Det kom fram i gjennomgangen med Sofie. Det var ein formalistisk, merkeleg og uryddig framgangsmåten med kva dei kunne gi innsyn, i og kva dei ikkje kunne gi innsyn i, seier Brurås.

Volda-professoren meiner likevel at det store ubesvarte spørsmål i VG si dekning av dansevideoen på Bar Vulkan i februar. Han meiner både VG og PFU hoppar bokk over mangelen på kjeldekritikk då dei først fekk tips om videoen.

– Heller ikkje PFU grip fatt i det evalueringsrapporten ikkje grip fatt i. Ingen belyser kva som skjedde med den kjeldekritiske kollapsen då tipset og videoen først oppstod. Det skjedde før kontakten med Sofie oppstod – og er hovudårsaka til at heile saka enda i grøfta.

– Det har jo i høg grad med VVP 3.2 å gjera, som klagar viser til. Enkelte av medlemmane i PFU rørte dette spørsmålet i sine innlegg, men det vart fort avskore. Her er det framleis usvarte spørsmål.

 

– Rapporten er ikkje journalistikk

Instituttleiar Steen Steensen ved journalistikkutdanninga på OsloMet meiner VG si kjeldehandtering er det mest kritikkverdige i denne saka.

– Det mest kritikkverdige VG har gjort i denne saka er det som skjedde i møtet med Sofie, og behandlinga av det i etterkant.

STEEN STEENSEN, instituttleiar ved Høgskulen i Oslo og Akershus.

– Å presse ei uerfaren kjelde på denne måten, fabrikkere eit sitat – med atterhald om at Sofie si forklaring er riktig, stå på det, ikkje lytte på gjentekne oppfordringar, gjer dette til det største og viktigaste brotet, seier Steensen og viser i tillegg til å dei store og alvorlege politiske konsekvensane det fekk.

Han meiner PFU gjorde rett i å felle VG for evalueringsarbeidet.

– PFU har tydelegvis behandla evalueringsrapporten på lik linje med anna journalistisk arbeid, fordi det vart publisert på VG.no. Eg kan ikkje komme på å ha sett liknande, seier Steensen.

– Evalueringsrapporten i seg sjølv er ikkje journalistikk, men i og med at det er eit redaksjonelt produkt på VG sin plattform er det heilt riktig, legg han til.

 

PFU-møte på OsloMet

Han utelukkar ikkje at VG-saka kan bli pensum på høgskulen.

– Kan saka bli pensum på OsloMet?

– Det kan godt hende. Det vert garanter teken opp mange gongar i løpet av studiet. Om det vert pensum er vanskeleg å seie – då må det først skrivast om på ein eller annan måte, seier han, og legg til:

– Studentane i 1. klasse har denne veka undervising i kjeldearbeid og saka har blitt diskutert i samband med det. Studentane sat til og med og såg på streamen frå PFU-møtet som del av undervisninga i dag. Dessutan har Gard Steiro nettopp vore her og snakka om same sak.

– PFU sitt septembermøte skal vere hos oss i haust, og då er det heilt logisk at VG-saka vert tema.

Powered by Labrador CMS