Sofie Bakkemyr vann Subjekt sin heiderspris.

Sofie Bakkemyr vann Subjekt sin heiderspris

Stakk av med hedersprisen til kulturmagasinet Subjekt tysdag.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Den 6. desember skreiv Medier24 at Subjekt hadde nominert Sofie Bakkemyr og museumsdirektør Gunnar B. Kvaran til Subjekt sin hederspris.

Torsdag vann ho prisen.

– Eg vil sei tusen takk for nominasjonen. Eg set utruleg stor pris på det. Det er kjempestas, sa Bakkemyr frå scena, og la til:

– I fare for å ikkje ha noko betre å seia så trur eg at eg skal sitera meg sjølv frå Instagram: Ikkje la folk køyra over dykk slik det passar dei. Stå for dykk sjølv, og ver snill med kvarandre.

I mars fortalde Sofie til TV 2 om sitt møte med VG etter dansevideoen med Trond Giske på Bar Vulkan i februar. Saka fekk store konsekvensar både for VG, som vart felt for fem punkt i Pressens Faglige Utvalg, og heile bransjen, som har ved Norsk Presseforbund sitt kildeutvalg har granska norske medium sin sitatpraksis.

I Subjekt si grunngjeving for nominasjonen sto det:

«Saken har ført til skjerpede kildekrav, endrede internrutiner i en rekke norske medier og omfattende debatter om presseetikk og kampanjejournalistikk i en tid nyhetene publiseres raskere enn noensinne.»

Vidare skreiv dei:

«Vi er ikke alltid ofre for hvite maktmenn. Sofie Bakkemyr ble heller utsatt for et av de mest alvorlige overtrampene mediene kan begå, men tok kontroll på egen historie, løsrev seg fra den PK-påførte offerrollen, nyanserte debatten og formidlet sin sak med en slående sinnsro.»

Powered by Labrador CMS