På to år har Subjekt og mediegründer Danby Choi nesten tidobla inntektene

Subjekt går mot straumen og satsar på kulturjournalistikk. – Kulturjournalistar, som andre, skal jage klikka. Men det har dei følt seg for gode for, seier redaktør Danby Choi.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Idéen starta alt for sju år sidan for Subjekt-grunnleggjar Danby Choi, då han droppa ut av vidaregåande skule for å satsa på kulturmagasinet, som først kom ut fysisk i 2013.

Deretter kom med «den vanskelege andreutgåva» i 2014, før dei i 2017 satsa på nett.

– Me lanserte på nett, sjølv om me i andreutgåva proklamerte at me aldri skulle dit, fordi det var papir som var kult. Subjekt er ei historie full av motseiingar, men det er heilt klart på nett me kunne utretta noko, seier Choi til Medier24 då me møter han i Subjekt sine lokale på Grünerløkka.

Sidan har driftsselskapet som gir ut Subjekt, Perfektum Partisipp, kor Choi er éineeigar og dagleg leiar, opplevd stor vekst. For to år sidan omsette dei for 360.000 kroner – 200.000 av det kom frå Fritt Ord. I fjor nådde dei to millionar, og i år passerer dei tre millionar i inntekter. 300.000 av dei kjem frå høvesvis Kulturrådet og Fritt Ord.

Sjefredaktør og eigar Danby Choi i kulturmagasinet Subjekt.

– Me håpar å gå i null, seier Choi.

 

Kulturjournalistikken forsvinn

Forretningsmodellen elles forklarar Choi med «aggressivt annonsesal i starten». No kjem det fleire og fleire til dei, og no har dei ingen som jobbar isolert med annonsesal.

– Veksten baserer seg mykje på at feltet treng oss. Samstundes er min viktigaste jobb å halda på sjølvstendet og den redaksjonelle fridomen frå annonsørane, seier han.

– Me når eit publikum som kulturinstitusjonane lenge har slite med å nå, seier han vidare.

Og det har dei teke eit steg vidare. No forsøker dei å samla unge kulturinteresserte til arrangement som Subjektprisen og Subjekts sommerfest.

– Det er litt butikk i det – men det kan òg plutseleg vera eit minusprosjekt også. Det går opp i opp med at ein styrkar målgruppa vår og mobiliserer publikum. Det er det kunsten og kulturen treng.

Magasinet har totalt 2,8 årsverk fordelt på fire tilsette, i tillegg til ein frilansstab på om lag 25 personar. I 2020 har Choi ambisjonar om å tilsetja ein til i fast stilling, og passera tre årsverk.

Og at kulturfeltet har behov for meir journalistikk kan kanskje underbyggast med den ferske Retriever-rapporten som viser at det er stadig mindre kulturjournalistikk i avisene. Alt i sommar skreiv Choi på Subjekt sine sider at kulturjournalistikken vert prioritert vekk, og det gjer oss dummare.

– Me har lenge diagnostisert kulturjournalistikken me at den forsvinn, og eg trengde ikkje den rapporten for å forstå at det forsvinn. Men eg forstår situasjonen til rikspressa som må kutte det bort, seier han.

Oppskrifta er likevel like vanskeleg som den er enkel:

– Me skriv om den vanskelege kunsten på eit forståeleg språk. Det er ein stor del av jobben min å fortelja skribentane mine at «her dett til og med eg av», seier han og legg til:

– Kunst- og kulturjournalistikken har vore prega av ein intellektuell elite, kor ein stadig forsøker å overtyda sitt eige felt og kvarandre om å skriva bra og tenkja stort. Då kan ein ikkje samstundes klaga over at det ikkje vert lese.

Sjefredaktør og eigar Danby Choi i kulturmagasinet Subjekt.

 

– Må vera litt kontroversielt

Kulturredaktøren trur kulturjournalistane har følt seg for gode for den klikkjagande journalistikken.

– Eg tykkjer kulturjournalistar, som andre, skal jage klikka. Og så trur eg redaktørar gir opp kampen mot journalistane og meldarane, i staden for å kjempa vidare for å folkeleggjera kunst- og kulturjournalistikken, seier han.

I haust lanserte han betalingsmur, og har på fire månadar fått inn dryge 100 abonnentar. Ikkje så mange, medgir Choi, men dei held stø kurs, ifølgje 26-åringen.

– Korleis skal de få folk til å betala for journalistikken?

– Typiske klikksaker som ikkje finst i kulturen, seier han.

– Korleis er det å etablere eit medium i ein periode med så store inntektsfall i bransjen?

– Det er veldig risikabelt, gøy – og ein må vera litt kontroversiell, møta kritikk og stå i det, seier han.

 

– Blant dei som slumsar mest

Sjefredaktør og eigar Danby Choi i kulturmagasinet Subjekt.

Vidare har han planar om å etablera ei kommersiell avdeling kalla «Objekt», kor dei skal tilby videoproduksjon, app og arrangement, då dei har «mykje kompetanse i gjengen», seier Choi.

Men han avviser at redaksjonelle medarbeidarar skal jobba kommersielt.

– Eg er han kjipe presseetikaren på kulturfeltet, seier han.

Han meiner kulturjournalistikken treng ei etisk innstramming. Spesielt når det gjeld habilitetsspørsmålet.

– Subjekt har teke den ganske alvorleg, og har påpeikt fleire slike forhold. Me blir veldig obs på det sjølv i redaksjonen.

– Anki Gerhardsen har også påpeikt at kritikarane kanskje er blant dei som slumsar aller mest med presseetikken, etter at Subjekt først kritiserte eit Astrup Fearnley-sponsa «kritikarprosjekt». Det vil me gjera noko med, legg han til.

Powered by Labrador CMS