I ein mykje delt NRK-reportasje søndag, «Hvem er Silje?», tek journalist Kaja Kirsebom opp jakta på det som viser seg å vera ein norsk kulturmedarbeidar i 30-åra som lurer til seg intime bilete av kvinner ved å gi seg ut for å vera nokon han ikkje er på Tinder, sokalla «catfishing».
NRK fortel frå journalist Kirsebom sitt perspektiv, som sjølv vart kontakta av personen som i fleire sosiale medium opererte under namnet «Silje». Kirsebom sette opp ei felle, og kunne etter kvart spora opp kulturmedarbeidaren, som seier at han har chatta med rundt 15 personar. Han har teke imot intime bilete frå fleire av dei.
– Journalisten har skapt ein falsk situasjon, blitt med på leiken og sendt bilete. Det er ein forkasteleg metode. Det er potensielt opp mot 50 andre offer i saka, og dei kunne ein snakka med utan å gå undercover, seier Subjekt-redaktør og -gründer Danby Choi til Medier24.
«NRK har satt opp en felle for å felle en som feller folk. Det bør de diskutabelt felles i PFU for», skriv han.
– Du meiner dei bør bli felt i PFU?
– Hehe, det var meir ei moro formulering. Men eg vil veldig gjerne sjå dette bli diskutert i PFU.
Solveig Husøy, redaksjonssjef for undersøkande journalistikk i NRK si Dokumentar- og samfunnsavdeling, er ikkje samd i kritikken.
«Det er generelt bra at vi diskuterer journalistikk og etikk, men i denne "anmeldelsen" er det en del poenger som ikke treffer blink», skriv ho i ein e-post til Medier24. Sjå svara hennar lenger ned i artikkelen.
Feilaktige mistankar
Choi har ikkje peikt seg ut konkrete punkt i Ver Varsam-plakaten saka bryt med, men er sterkt kritisk til fleire aspekt ved reportasjen.
– Det ein ikkje må gløyma i identifiseringsproblematikken er dei etiske dilemma som oppstår når ein ikkje identifiserer, som feilaktig mistanke. Det største problemet med saka er heilt klart at dei ikkje har lukkast med anonymiseringa. No ser me mange vert hengt ut i sosiale medium på feilaktig grunnlag, seier Choi.
– I tillegg tyr dei til utradisjonelle metodar, som hadde vore greitt dersom avsløringa var god nok. Men dei betalar ein høg pris for å få lite. Dette er éin catfishar.
– Ikkje gått undercover
Husøy avviser at NRK-journalist Kirsebom har gått undercover.
«Hun har gjort noe svært mange journalister gjør hver eneste dag, brukt egenopplevelse og egenobservasjon som utgangspunkt for en journalistisk idé. Denne saken starter jo med en helt vanlig jakt på kjærligheten, men hvor journalisten begynner å ane at hun er utsatt for en falsk profil. Via journalistisk metode avdekker hun og redaksjonen at "Silje" har vært i tilsvarende kontakt med et stort antall kvinner. Mange av disse har vi også snakket med underveis i det journalistiske arbeidet. Det kommer også tydelig fram i saken. Her må vi også huske at det er "Silje" som tar kontakt og ber om nakenbilder. "Silje" kjenner journalistens identitet og yrke før han tar kontakt, og er hele tiden klar over hvem det er han kommuniserer med. Det er ikke journalisten», skriv ho.
Angående kritikken om anonymisering svarar Husøy at det alltid er utfordrande å velja ei linje.
«NRK har i denne saken lagt oss på en detaljgrad som kan passe på flere hundre menn i Oslo-området innenfor en bred definisjon av kulturområdet, som strekker seg fra sport og idrett via det klassiske kulturbegrepet og inn i populærkulturen. Vi har brukt noen relevante detaljer for å dokumentere at dette ikke dreier seg om en einstøing på et gutterom, men en voksen, samfunnsengasjert mann med bred kontaktflate og et tilsynelatende oppegående forhold til metoo-problematikken», skriv ho.