Tysdag skreiv Medier24 at TV 2 stadig ikkje har prioritert ei eiga debattflate på hovudkanalen etter at Tabloid vart bestemt nedlagt hausten 2009.
Medan NRK sender daglege debattsendingar med Politisk kvarter, Dagsnytt18 i tillegg til Debatten kvar tysdag og torsdag, nøyer TV 2 seg frå og med neste veke av med debatt på 17.30-sendinga på Nyhetskanalen.
– Smådebattar ikkje ei erstatning
Nyheitsredaktør i TV 2, Karianne Solbrække, sa at TV 2 har debattar på Nyhetskanalen kvar dag, og det dei soleis varetek debattflatene.
– Dei smådebattane på ti minuttar er ålreite dei, men det vert ikkje ei erstatning, seier mangeårig TV 2-profil og Holmgang-programleiar, Oddvar Stenstrøm, til Medier24.
Den største kommersielle tv-kanalen har nemleg lange debattradisjonar sidan oppstart i 1992. Program som Lønning & Staff (seinare Lønning direkte), Holmgang, Tabloid og Sentrum vart alle vraka av ulike årsaker.
– På byrjinga va 2000-talet hugsar eg det var nokre undersøkingar som sa me hadde dei største og beste debattane og var den viktigaste debattkanalen. Eg hadde trudd dei skulle erstatte Holmgang med noko anna. Det var skuffande at dei ikkje gjorde, held Stenstrøm fram.
Til Medier24 seier Solbrække:
– Oddvar Stenstrøm har sørgja for mange, gode debattar gjennom TV 2 si historie. No er det òg sånn at verda går vidare. Eg er rimeleg sikker på at det ikkje er lengda det kjem an på.
– Ikkje lett å ha tema for dei unge
Solbrække sa det er krevjande å nå dei unge på klassisk lineær tv-debatt, tv-analytikarane Marianne Massaiu og Morten Wiberg i høvesvis MediaCom og Carat Norge forklarte overfor Medier24 at debattsatsingar er krevjande kommersielt.
Det er ein argumentasjon Stenstrøm òg har høyrd fleire gongar.
– Det er ikkje vits i å lage eit program om ingen gidd å sjå på – men då me haldt på hadde me opp mot 800-900.000 sjåarar. Det er tal sjølv Skavlan ikkje kan drøyme om i dag, seier Stenstrøm.
– Det var eit heilt anna klima, og så var det kanskje nytt det me gjorde då me fekk vanlege menneske til å møte ekspertar og politikarar, held han fram.
Debatten på NRK1 har i snitt 399.000 sjåarar per program, og då programleiar Fredrik Solvang inviterte til bloggdebatt i mars, fekk programmet tre gongar så mange sjåarar under 30 år enn vanleg.
Stenstrøm meiner likevel ikkje det er «berre-berre» å lage debattar som er interessant for unge.
– Kva er ungt då? Viktige tema er jo økonomi, skatt, avgifter, bustadprisar, kriminalitet, politi, rettsvesen, innvandring, integrering. Det er ikkje lett å ha tema som er spesielt for unge. Du må køyre på med det som er viktig her i landet og som er store politiske saker, seier han.
– Dagsnytt 18 er dørgande keisamt
Stenstrøm vedgår at mykje har skjedd mykje med medievanane sidan han regjerte i programleiarstolen tidleg på 2000-talet.
– Sjølv eg ser jo ikkje på lineær-tv no. Eg streamar, følgjer med på nyheiter, men aldri meir enn éi sending per kveld. Det meste har eg jo allereie fått på mobilen, so me har eit heilt anna mediebilete i dag.
– Men om TV 2 hadde satsa hardare på debatt, hadde du sett då?
– Det hadde eg. Når NRK har debattar vert det så jævla mange deltakarar og oppstykka. Eg saknar å ha 4-5 personar rundt eit bord som diskuterer, som dei gjer på ein eller annan kafé, seier han.
– Det er vel slik Dagsnytt 18 er?
– Jo, men det er dørgande keisamt i blant. Av og til orkar eg beint fram ikkje. Det blir så sært av og til. Men eg forstår at det ikkje er mogleg å fylle ein time med interessant stoff kvar dag. Følgjer du med på nyheitsbiletet er det så mykje føreseieleg der, at det ikkje gir meg so mykje.
Debattredaktør i NRK, Kyrre Nakkim, er ikkje samd i at det er «umogleg å fylle ein time med interessant stoff kvar dag».
– Eg tykkjer me motbeviser det kvar dag. Men når du har fem tema, som Dagsnytt 18 ofte består av, er det ikkje sikkert alle er opptekne av alt. Då er det som du ikkje interesserer deg for dørgande keisamt. Men eg trur alle finn noko dei er interessert i der, seier han.
– Stenstrøm skal få lov til å sakne seg sjølv
Stenstrøm etterlyser meir liv i dagens debattar.
– Eg saknar galskapen me hadde før. Eg saknar den politisk ukorrekte og provoserande tonen, som gjer at eg vaknar litt.
Til det svarar Solbrække:
– Eg trur ikkje det per definisjon handlar om å vere mest mogleg provoserande. Tvert om trur eg dagens TV-sjåarar vel så mykje set pris på opplysande debattar kor folk får koma til ordet. Når det er sagt: ja, me har absolutt som mål at det vert «liv» i debattane i TV 2 framover.
Heller ikkje Nakkim i NRK trur mest mogleg «bråk» bør vere målet for ein god debatt.
– Det er greitt at å sakne seg sjølv, og det skal han få lov til. Men tida med krangling på tv er forbi. Veldig lenge, særleg på 90- og byrjinga av 2000-talet, samla me berre rykande ueinige folk i studio, og lét dei krangle. Det sjåarane ettspør no er kunnskap, forståing og innsikt.
På spørsmål om kva som gjer ein god debatt, svarar Stenstrøm:
– Du må ha meiningsbrytning og engasjement. Det må vere temperatur. Gi og ta. Det var den gamle Holmgang-modellen. Nordmenn er opptekne av slikt, seier han.