Reidar Sollie, sportsjournalist i Dagsavisen og leiar i Norske Sportsjournalisters Forbund. Her under fotball-VM i Russland, sommaren 2018.

– Nokre journalistar er så opptekne av teknikken at ein gløymer kva ein skal spørja om

Når alle må gjere alt mister sportsjournalistane fokus på innhaldet, fryktar Reidar Sollie i Norske Sportsjournalisters Forbund.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

TV lager aviser, og aviser lager TV.

Det er tema når Norske Sportsjournalisters Forbund (NSF) skal samlast for å diskutere utfordringar tysdag denne veka.

– Utfordrande å prioritere

– Korleis løyser me det? Det skal skrivast, snakkast og lagast tv-program. Alle plattformer skal fyllast, utan at bemanninga går opp, seier leiar Reidar Sollie i Norske Sportsjournalisters Forbund til Medier24.

Han er til dagleg journalist i Dagsavisen.

– Eg veit det er mange som slit med at dei skal levere til nett, papir, radio og tv. Då vert det utfordrande å sortere og prioritere journalistisk, seier han.

Morten Svesengen i Romerikes Blad er blant dei som skal prate for forsamlinga tysdag. Han skal fortelje om korleis dei dekkjer Lillestrøm SK sine Eliteserie-kampar, med både live, nettsaker, papirsaker og tv-studio etter kamp.

Andre tema som skal opp er «Football Leaks»-prosjektet til VG og samarbeidande aviser, vikarbruk, og konflikten mellom Brann og lokalavisene i Bergen, som Medier24 har skrive om dei siste to vekene.

– Gløymer kva ein skal spørje om

Sollie meiner kravet om å fylle alle dei ulike flatene går ut over kvaliteten på journalistikken.

– Det som kan skje er at ein mister fokus på innhaldet. Ein vert så oppteken av kvar det skal publiserast at ein gløymer innhaldet, seier han.

– Nokre journalistar er så opptekne av teknikken at ein gløymer kva ein skal spørje om når ein er klar. Eg veit det er ein kvardagsproblematikk, seier han.

Som redaksjonssjef i fotballmagasinet Josimar, Håvard Melnæs, var inne på i ein Medier24-artikkel førre veke, meiner Sollie det er for lite kritisk journalistikk på idretten.

Misunnelege på VG

– Skal ein dekkje sport, sportsleg, eller skal ein grave meir i djupna? Ein bør vere meir interessert i heilskapen enn berre det sportslege, seier Sollie, og legg til:

– Me er litt misunnelege på VG som har dei ressursane. Men ein kan ikkje berre klage på ressursar, då det òg går på redaksjonelle val.

Han meiner det er betring i sikte.

– Eg har ikkje like god kontroll på lokalmediene lenger, men eg oppfattar at ein er meir bevisst på det no enn tidlegare.

NSF, som vart skipa heilt tilbake i 1921, har om lag 530 medlemmar i norske medier. Dei er ein interesseorganisasjon med fokus på norske sportsjournalistar sin kvardag og arbeidsforhold.

Reidar Sollie er leiar i styret, som elles består av Gunnar Grindstein (NRK), Vegard Jansen Hagen (TV 2), Erik Johansen (NTB) og Carina Alice Bredesen (Nettavisen).

Powered by Labrador CMS