Ein feil ved redigering av denne saka førte til ei rekkje større og mindre skrivefeil. Dei er no retta opp i.
Det danske mediekonsernet Watch Medier etablerer seg i Noreg med bransjebladet FinansWatch, som dei også driv i Danmark.
Nettavisa er ei reindyrka bransjeavis for finanssektoren, og skal etter planen lanserast i løpet av våren.
Skalerer etter behov
For halvannan månad sidan byrja tidlegare Dagens Næringsliv-journalist Magnus Eidem i jobben som redaktør for avisa, og er no i full gang med jakta på driftige journalistar med interesse for finans.
– Formålet er å tilby nisje-/bransjejournalistikk som er mynta på same modell som andre, større, mediehus. Me skal laga uavhengig, objektiv og kritisk journalistikk, og har ingen «stakeholders» i finansbransjen på sponsor- eller eigarsida, seier Eidem til Medier24 når me møter han på i eit kontor hos Spaces i Apotekergata.
For augneblinken har ikkje selskapet avklart kor mange dei skal tilsetja, men i Oslo skal det på plass ein redaksjon og ei salsavdeling.
– Me skalerer etter behov. Det er noko Watch Medier i Danmark avgjer, men me skal ha nok folk til å gjera ei skikkeleg satsing. Me startar med eit godt lag med ein del folk me no held på å stabla på plass, seier han.
Kampanje omtalte FinansWatch' inntog i Norge i januar.
Hard konkurranse
FinansWatch kjem til Norge kort tid etter at Aller Media lanserte økonomiavisa Børsen og Schibsted lanserte store planar om meir næringslivsjournalistikk med E24. I tillegg har DN nyleg tilsett nye folk etter ein større kuttrunde i fjor haust.
– Korleis er det å rekruttera no når Schibsted satsar så tungt på E24 og næringslivsjournalistikk?
– Det har aldri vore så mange ledige jobbar for næringslivsjournalistar. Det går greitt, men me har ikkje hatt annonse ute veldig lenge. Me har rekruttert litt i nettverka våre fram til no, og responsen er kjempegod når me er ute og prøver å få tak i folk. Samstundes merkar me at veldig mange seier at dei vurderer fleire alternativ.
Sjølv tok Eidem sluttpakke i DN i haust, etter 14,5 år i avisa. Kort tid etter ringde eit rekrutteringsbyrå med spørsmål om han kunne vera interessert i å bli med på ei ny satsing, som dei ikkje kunne avsløra namnet på. Alt før jul var papira signert, og 2. januar var han i gang med arbeidet.
Abonnementsfinansiert
Watch Medier, som i 2018 omsette for 51 millionar norske kroner, og fekk eit overskot på knapt ti millionar, er eigd av mediekonsernet JP/Politikens Hus. Dei omsette for knappe to milliardar, og eig aviser som Ekstra Bladet, Jyllands-Posten og Politiken. Watch Medier gir ut 13 nisjeaviser i Danmark.
FinansWatch i Norge skal i all hovudsak vera abonnementsfinansiert, med innslag av stillingsannonsar og banner-annonsar.
– Det er velprøvd og fungerer godt i Danmark. Det skal me vidareføra her. Me skal tilby relevant journalistikk for dei som har interesse for det, utan at me er avhengig av svingingane i annonsemarknaden. Likevel skal me ha stilling- og banner-annonsar.
– Då unngår me også å gå for freistinga med harde vinklingar og måle klikk og trafikk. Me vil heller måla oss sjølv på substans og relevans enn rein trafikk.
– Og korleis blir det å konkurrera med gamle kollegaer på nyheiter?
– Det blir berre gøy. Me ser oss ikkje som ein direkte konkurrent av DN, E24 og Finansavisen. Me skal gjera vår greie. Men med saker som har brei interesse blir det gøy å konkurrera med dei på både tid, vinkling og kjeldetilfang.
Administrerande direktør Anders Heering i Watch Medier, er førebudd på at det vil ta tid å bli lønsame.
– Det krev tolmod å byggja opp ein abonnementsmodell. I Danmark tek det typisk tre år før eit medium går i overskot. Dersom me klarar overskot etter tre år i Norge er me glade – men det viktigaste er at utviklinga er positiv, seier Heering til Medier24, og legg til:
– Me trur det er eit behov for uavhengig, kritisk og grundig næringslivsjournalistikk om finansbransjen i Norge. Me er ikkje åleine om å interessera oss for den sektoren, men vårt konsept skil seg frå eksisterande media på marknaden.
– Går ikkje mot det folkelege
Medan Dagens Næringsliv, E24 og Finansavisen skriv om økonomi, næringsliv og finans for eit breiare publikum, rettar FinansWatch seg mot sjølve finansbransjen – bankar, kapitalmarknaden, forsikring, pensjon og «fintech».
– Kor breitt skal de famna?
– Som bransjeavis er det naturleg at ein ikkje går mot det folkelege, då store deler av lesargruppa vår vil vera folk frå bransjen. Så det blir mykje om og for bransjen.
– Tidlegare bestod finansbransjen av økonomar. I norske bankar i dag er det stor vekst i designarar, kommunikasjonsfolk og utviklarar. Me må finne ein ny måte å formulera oss på, som gjer oss relevant for bransjen og andre som har interesse for bransjen.
– Kvar kjem hovudkonkurransen frå?
– Den kjem frå næringslivsavisene som dekkjer dei same selskapa og tema som me gjer. Som ei nisjeavis har me likevel moglegheita til å vera litt snevrare, gå djupare og vera tettare på. Me ser ikkje så mykje direkte konkurranse i dag, men på enkelte saker skal me definitivt konkurrera med dei etablerte næringslivsredaksjonane.
– Skal de gjera som Finansavisen – henta økonomar og læra dei journalistikk – eller som Dagens Næringsliv – henta journalistar og læra dei økonomi?
– Me skal ha folk med ulik bakgrunn. Me tek gjerne begge deler, og søkjer i dag etter folk som er oppteken av journalistikk, lager gode historier og kan borre seg ned i ting. Me vil ha folk som kan vera med og byggja lag. Me har mange flinke journalistar i Noreg i dag, og det bransjespesifikke kan me læra dei.