Josimar-redaktør Håvard Melnæs, generalsekretær Pål Bjerketvedt i Norges Fotballforbund, generalsekretær Elin Floberghagen i Norsk Presseforbund og journalist Gøran Skaalmo i Dagens Næringsliv.Ole Alexander Saue og NTB scanpix / Ole Berg-Rusten, Fredrik Hagen, Berit Roald
DN-journalist reagerer på PFU si behandling av Josimar
– Kan kjelder risikofritt manipulera media under kjeldevern, spør prisvinnande journalist Gøran Skaalmo i Dagens Næringsliv seg.
Josimar har møtt kraftig motbør for å ha brote kjeldevernet og referert frå ei lukka PFU-behandling. Det var Pål Bjerketvedt, generalsekretær i Norges Fotballforbund og tidlegare NTB-sjef, som klaga magasinet inn til Pressens Faglige Utvalg for å ha publisert informasjon han sjølv var anonym kjelde til.
Informasjonen gjaldt eit møte mellom tidlegare kommersiell direktør i NFF, Erik Loe, og OBOS-sjef Daniel K. Siraj, kor Loe skal ha avvist eit tilbod om millionstøtte til kvinnefotballen, då det ikkje var «kommersielt interessant». Josimar vart felt for punkt 4.14 i Ver Varsam-plakaten om samtidig imøtegåing, men gjekk fri på punkt 3.2 om faktakontroll.
– Vil få sterke konsekvensar
Dagens Næringsliv-journalist og SKUP-grossist Gøran Skaalmo meiner derimot at Norsk Presseforbund bør sjå seg sjølv i spegelen.
– Dei har gått litt vel mykje i skyttargrava, og dei ser openbert ikkje problemet med at kjelder kan krevja slike saker behandla med referatforbod. Dette er ein interessant diskusjon som må bli teke i ettertid. Kan kjelder risikofritt manipulera media under kjeldevern? Det vil få store konsekvensar for korleis media jobbar dersom sjølvdømmeordninga opnar for at kjelder i maktposisjon kan lokka journalistar i ei felle under løfte om kjeldevern, seier Skaalmo til Medier24.
Generalsekretær Bjerketvedt i NFF avviser overfor Medier24 at han sjølv har sett opp ei felle for Josimar.
«Når han (Bjerketvedt, journ.anm.) klager oss inn for PFU for å ha brukt opplysningene han selv har lekket, rir han to hester. Da har han etter vårt syn ikke lenger krav på beskyttelse fra kildevernet.»
– Misbruk av klageordninga
Skaalmo gjekk først ut på Twitter med sin kritikk fredag.
– Eg kjenner fleire døme på at kjelder forsøker å lyga under løfte om kjeldevern, i håp om at manipulasjonen ikkje kan avslørast i ettertid. Det er ein uhaldbar praksis, seier Skaalmo.
– Om ein toppsjef i ein folkeleg organisasjon som NFF vil gi opplysningar under kjeldevern, så kan det vera rettkome, men dersom han seinare klagar på at dei same opplysningane ikkje stemmer til PFU, så bør det ringa ei bjelle, legg han til.
– Kjelder i maktposisjon kan ikkje nytta seg av presseetikken til å leggja feller for journalistar ved å lokka dei med eksklusive opplysingar med den eine handa, og så prøva å få dei felt for etikkbrot med den andre. Då misbrukar dei klageordninga.
Skaalmo ynskjer ikkje å svara på om han har forståing for Josimar si avgjersle. Han seier at kjeldevernet er absolutt, men presiserer:
– Eg har meir enn éin gong sagt til kjelder at om du gir meg bevisst feil informasjon, så har me ingen avtale.
– Sjeldan eller aldri opplevd
Elin Floberghagen i Presseforbundet er ikkje samd i kritikken frå Skaalmo, og svarar følgjande i ein e-post til Medier24:
«PFU hadde tilgang til alle opplysninger fra begge parter, slik de alltid har. Partene kunne også være tilstede under behandlingen i PFU, noe de også var. Saken ble med andre ord opplyst for de berørte partene, med tanke på å treffe riktig presseetisk konklusjon. PFU er en selvdømmeordning som vurderer presseetiske spørsmål, noe de fullt ut gjorde i denne saken.»
Vidare skriv Floberghagen:
«Vi har sjelden eller aldri opplevd at kildevernet brytes så eksplisitt som her. Noe sånt kan ha store konsekvenser for medienes tilgang til informasjon. Kildevernet er absolutt og skiller heller ikke mellom ulike typer kilder. Når PFU lukket behandlingen, var det fordi vi ikke ville komme i en situasjon der PFU bidro til å blåse kilden. At Josimar valgte å referere fra den lukkede behandlingen kan også bidra til å svekke selvdømmeordningen, og gjøre at folk ikke tør klage. Derfor har vi reagert såpass kraftig på Josimars opptreden.»