Gard L. Michalsen, sjefredaktør og administrerande direktør i E24.

DN følar seg unytta av irriterande «veslebror»: Hevdar E24s praksis er på kant med lova

Dagens Næringsliv-journalist klagar E24 for lovbrot. – Tull, svarar E24-redaktør Gard L. Michalsen.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Ein gjennomgang Medier24 har gjort i medieovervakingsverktøyet Retriever viser at økonominettstaden E24 (og E24 Aksjelive) har nemnt «DN» eller «Dagens Næringsliv» i 673 artiklar so langt i 2018. Det utgjer eit snitt på 1,93 saker kvar dag.

Det får både Dagens Næringsliv-journalistane og Dagbladet-kommentator Andreas Økland til å reagere på Twitter. Etter at Økland sende eit stikk i retning E24-redaktør Gard L. Michalsen torsdag, har det kome meldingar frå både DN-kommentator Kjetil B. Alstadheim og journalistane Gard Oterholm, Bjørn Eckblad og Gøran Skaalmo.

Redaktør i DN, Amund Djuve, skriv følgjande i ein e-post til Medier24:

«Vi har lenge irritert oss over E24s praksis. De har en praksis når det gjelder å utnytte vårt stoff, både i talet på saker og i mengde per sak, som utfordrer både åndsverksloven, markedsføringsloven og DNs vilkår.»

Djuve ynskjer ikkje å utdjupe vidare overfor Medier24, og har ikkje teke telefonen når me har forsøkt å ringe han gjentekne gangar fredag ettermiddag.

På spørsmål om korleis dette utfordrar lova og DN sine vilkår, og om dei vurderer rettslege skritt svarar han:

Sjefredaktør i Dagens Næringsliv, Amund Djuve.

«Her er vilkårene. Tror ikke jeg skal begynne å utdype noe mer nå. Har ikke vurdert rettslige skritt. Synes vel egentlig et Schibsted-eid selskap bør klare å opptre anstendig på dette området uten at vi skal måtte true med rettssak.»

  • For ordens skuld: Gard L. Michalsen var inntil 1. august dagleg leiar og ansvarleg redaktør i Medier24.

– Tull

– Om Djuve meiner me gjer noko gale, må eg utfordre han til å vere meir konkret enn dette. Det er reint faktisk feil og han talar mot betre vitande. Både i antal saker og mengd er me godt innanfor både åndverksloven og markedsføringsloven, seier Michalsen vidare.

– Eg vil oppfordre han til å ta kontakt på ein seriøs måte, og ikkje det tullet hans journalistar no held på med på Twitter, seier Michalsen til Medier24.

Han legg til:

– Elles oppfattar me normalt at DN ynskjer å bli sitert av andre medier når dei har gode saker. NTB har sitert Dagens Næringsliv 95 gangar så langt i november og desember. Desse sakene er gjerne lengre enn våre. Meiner Amund Djuve dette er innanfor? Og meiner han andre medier kan bruke desse sakene – men ikkje E24?

Ifølgje Michalsen er sakene opphavleg skriven for, og først publisert gjennom, minE24-appen.

Påpakning av Finansavisen

Etter det Medier24 erfarer har òg Finansavisen tidlegare påpeikt overfor E24 at dei meiner dei har «gått for langt» i måten dei siterer på.

Til no i år har E24 vist til Finansavisen 221 gongar, mot 154 og 121 i høvesvis 2017 og 2016.

Verken Trygve Hegnar eller Steinar Grini, høvesvis ansvarleg redaktør og nyheitsredaktør i Finansavisen, ynskjer å kommentere saka overfor Medier24.

I Norsk Presseforbund sitt skriv om sitatrett står det følgjande: «Opphavsretten skal ikke hindre nyhetsformidling, fri diskusjon og debatt. Derfor har vi det som man i jussen kaller sitatrett (åvl. § 22).»

I 2017 lanserte Schibsted-eigde E24 appen «minE24», kor mykje av stoffet er basert på handplukka innhald frå andre medier – berre for appen.

– minE24 er ei nyheitsteneste kor me kvar dag skriv opp mot 100 korte saker som ofte er basert på mange kjelder, børsmeldingar og medier over heile verda. Ambisjonen er å fortelje om og lenkje vidare til det viktigaste innan finans og økonomi. At eit par av dei er frå DN skulle berre mangle, seier Michalsen.

Ein gjennomgang Medier24 har gjort viser at trenden er aukande, då E24 (og E24 Aksjelive) i 2014, 2015, 2016 og 2017 nemnde DN eller Dagens Næringsliv høvesvis 587, 576, 604 og 607 gongar.

Michalsen har ikkje tal på kvar grensa går, men meiner at dei hadde vore langt over streken med til dømes 20-50 DN-refereringar dagleg, men at dagens praksis er uproblematisk.

– Me har Norges beste journalistar når det gjeld sitatskikk, seier Michalsen.

«Sitatretten har klare begrensninger»

Dagbladet-kommentator Økland aktualiserte debatten onsdag då han kom med følgjande melding til Michalsen.

«Regnet på hvor mye dere ville spart på å utvikle en robot som scrappet DN+ og laget disse sitatsakene, @gardlm?»

Det utløyste debatt mellom Michalsen og Økland. Deretter kasta Alstadheim, Eckblad, Oterholm og Skaalmo seg på med fleire Twitter-meldingar.

«Sitatretten har klare begrensninger når man er i økonomisk konkurranse med de som siteres. E24 bryter med dette hver eneste dag. Hadde jeg vært journalist og blitt satt til å sakse og stjele fra andre, og i tillegg sjefen kalte meg "kurator" i alle offentlighet... jaja», skriv Skaalmo fredag, og følgjer opp:

«Husk at mange av sakene er forbeholdt DNs abonnenter. Hvordan påvirkes verdien av et abonnement hvis en konkurrent systematisk tar saker som er innenfor betalt abonnement og legger dem ut gratis?»

Slik kommenterer Michalsen Twitter-meldinga:

– At det er skarp debatt på Twitter, med engasjerte journalistar i DN, lev eg godt med. Men når éin av landets dyktigaste gravejournalistar (Skaalmo) klagar oss for lovbrot på Twitter, med usaklege formuleringar, der han vekslar mellom fleip og seriøsitet, er det vanskeleg å forholda seg til det, seier Michalsen.

 

Skeptisk professor

Professor ved Universitet i Oslo, Olav Torvund, er ekspert på opphavsrett, og tvilar på at Dagens Næringsliv har grunnlag for å kalle E24 sin sitatpraksis for lovstridig.

– Når det gjeld opphavsrett så er utgangspunktet at det vernar om utforming – og ikkje innhald. Det går på måten ein har formulert det på, og altså ikkje innhaldet. Alle kan – lovleg – parafrasere og gjengi andre sine saker, seier han.

– Eg kan ikkje seie at dette er noko som vil føre fram, om deira grunnlag er at dei har teke for mange saker. Eg kjem ikkje på liknande saker, seier han.

Han meiner markedsføringsloven er meir gjeldande i so måte, og peiker på både paragraf 25 (God forretningsskikk) og 30 (Etterligning av annens produkt).

«I næringsvirksomhet er det forbudt å anvende etterlignede kjennetegn, produkter, kataloger, reklamemidler eller andre frambringelser på slik måte og under slike omstendigheter at det må anses som en urimelig utnyttelse av en annens innsats eller resultater og fører med seg fare for forveksling», står det i marknadsføringsloven paragraf 30.

 

Powered by Labrador CMS