Politisk redaktør Lars West Johnsen i Dagsavisen, nyheitsredaktør Karianne Solbrækek i TV 2, nyheitsredaktør Tor M. Nondal i Dagens Næringsliv og statsminister Erna Solberg i studioet i NRK før partileiarutspørjing onsdag kveld.

Solberg-utspel vekkjer oppsikt: – Anklagar media for ei fagleg dødssynd

– Trur dei fleste journalistane som høyrde hoppa litt i stolen då statsministeren sa dette, seier politisk redaktør Lars West Johnsen i Dagsavisen.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det var under partileiarutspørjinga med Fredrik Solvang på NRK onsdag kveld at statsminister Erna Solberg (H) kom med ei breiside mot norske journalistar som dekkjer dei pågåande bompengeforhandlingane i desse dagar.

– Det gir ikkje eit rettferdig bilete av substansen i sakene når anonyme kjelder speler opp. Det har no skjedd ein og anna gong at eg ikkje alltid har vore sikker på at journalistar heilt har hatt kjelder til alt, sa Solberg til Solvang.

– Svært spesielt

Det får norske redaktørar til å reagere.

– Det er ei fagleg dødssynd ho anklagar media for, seier politisk redaktør Lars West Johnsen i Dagsavisen til Medier24.

Politisk redaktør Lars West Johnsen i Dagsavisen.

– Med atterhald om at ho ikkje berre ordlegg seg lit klønete eller framfus, så er dette ein oppsiktsvekkjande uttale. Å antyde at norske journalistar diktar opp informasjon er svært spesielt, og statsministeren bør kunne dokumentere påstanden, legg han til.

– Korkje konkret eller dokumentert

West Johnsen seier at Dagsavisen generelt er varsame med bruk av anonyme kjelder, sjølv om dei i prinsippet er viktige for nyheitsformidlinga.

– Det skal vere gode grunnar til at kjelder skal få skjule sin identitet, og vår journalistikk skal i hovudsak basere seg på opne kjelder, seier han.

Dagens Næringsliv er blant avisene som flittig dekkjer norsk politikk med bruk av anonyme kjelder, og nyheitsredaktør Tor Magne Nondal meiner Solberg bør dokumentere påstandane ho kjem med.

Tor M. Nondal, nyheitsredaktør i Dagens Næringsliv. Byline.

– Det er håplaust for oss å skulle stelle oss til ein påstand frå statsministeren som korkje er konkret eller dokumentert. Ho burde i det minste kunne vise til ei anonym kjelde eller to, seier han til Medier24.

Om DN sine retningslinjer på bruk av anonyme kjelder seier Nondal:

– Men det er avgjerande at ein er ekstra kritisk og bevisst på kva ein brukar anonyme kjelder til, og om dei anonyme kjeldene faktisk sit på den informasjonen dei formidlar. Difor må informasjonen/opplysningane vere konkret og etterprøvbar; altså beskrive konkrete episodar og hendingar.

– Me brukar ikkje anonyme kjelder til personkarakteristikkar, meiningsytringar og synsing.

– Burde vise til konkrete dømer

Han er tydeleg overfor Medier24 at det beste er å bruke opne kjelder, men at vesentleg informasjon i blant aldri ville sett dagens lys ved bruk av opne kjelder.

– Det har det vore ein lang tradisjon for i journalistikken, og nokre av dei viktigaste og største avsløringane hadde vore umogleg utan bruk av nettopp anonyme kjelder, seier han.

Nondal held fram:

– Det er vel ikkje uvanleg at politikarar som slit forsøker å bagatellisere sine eigne problem med å skulde på journalistar og anonyme kjelder.

Karianne Solbrække, nyheitsredaktør i TV 2

Også i TV 2 nyttar dei tidvis anonyme kjelder i dekninga av norsk politikk. Nyheitsredaktør Karianne Solbrække meiner Solberg bør vere varsam med karakteristikkane.

– Det Erna Solberg gjer, er at ho let det henge i lufta at nokre journalistar diktar opp kjelder. I ei verd der «fake media» vert slengt ut utan atterhald, bør iallfall norske politikarar vere seg bevisst, seier ho.

– Eg veit ikkje kva og kven statsministeren siktar til, og som eit minimum burde ho vise til konkrete dømer, held ho fram.

– Likar ikkje skjulte kjelder

Medier24 har vore i kontakt med statssekretær Rune Alstadsæter ved Statsministerens kontor som seier at Solberg er oppteken og ikkje har tid til å gi intervju om saka torsdag.

I eit intervju med Aftenposten tysdag sa Solberg at ho ikkje «likar skjulte kjelder som slepp bitar, deler og fargelegg litt». Ho la til at «det er mykje ueksakte ting som kjem fram som ville sett annleis ut dersom det var ein annan bodbringar som hadde kome fram.»

West Johnsen i Dagsavisen meiner statsministeren kan ha eit poeng i at ikkje alle anonyme kjelder er like gode, men at det er ein skilnad på kjeldekritikk og å dikte opp kjelder.

– At kjeldene journalistar har brukt kan ha avgrensa reell innsikt, og at enkeltmedium burde ha utvist betre kjeldekritikk, kan ho ha rett i. På generelt grunnlag vil eg seie at det sikkert har vore brukt svake kjelder i den omfattande dekninga av denne saka, men det er noko anna enn å gjere som Solberg hintar om, at journalistar konstruerer kjeldemateriale.

Powered by Labrador CMS