Nicolai Tangen og Magne Lerø.Nina E. Rangøy / NTB scanpix og Erik Waatland
Slaktar Tangen-dekninga: – Mange journalistar har ikkje peiling
Magne Lerø reagerer sterkt på korleis media dekkjer «superseminaret» til Nicolai Tangen, påtroppande sjef for Oljefondet. Sjølv skryt Tangen over norske journalistar.
– Det er heile dekninga eg reagerer på. Så å seia alle kommentatorane i dei store avisene skriv det same, seier redaktør Magne Lerø i Dagens Perspektiv til Medier24.
I ein kommentar onsdag er Lerø sterkt kritisk til korleis media dekkjer tilsetjinga av Nicolai Tangen som ny sjef for Oljefondet (Nbim).
I helga kunne VG avsløra at Tangen i november 2019 påspanderte og fløy inn ei lang rekkje samfunnstoppar frå heile verda, og Norge spesielt, til seminaret sitt «Back To University».
På det lukka arrangementet i Philadelphia var det referatforbod, og til stades var mellom anna dåverande næringsminister Torbjørn Røe Isaksen, regjeringsadvokat Fredrik Sejersted og noverande sjef for Oljefondet, Yngve Slyngstad.
Fire månadar seinare, i mars 2020, vart Tangen presentert som Slyngstad sin etterfølgjar.
– Lukka møte er ikkje uvanleg
Skuldingar om at Tangen har «smurt» seg til jobben er derimot urimeleg, meiner Lerø.
– Det er ikkje tvil om at media skal ta tak i denne saka. Å setja lys på nettverk er media si oppgåve. Men dette utvikla seg til ei sak som går i mange ulike retningar. Media gjer ein feil ved å dømma Tangen i fjor som om han var sjef for Oljefondet. Det er ein klassisk feil.
– Mykje av kritikken er basert på kva som skjer i tida etter møtet?
– Ja, men kva er det? Hovudjegeren byrja i desember, då han fekk oppdraget. Sjølvsagt kontaktar han Tangen. Hadde ein følgt med i finanspressa hadde ein fått med seg at Tangen er kjent for å vera blant dei beste forvaltarane i Europa. Kvifor skulle han arrangert eit seminar for å bli vurdert som kandidat til den stillinga? Ingen trudde at ein som i snitt tener rundt éin milliard kroner i året var interessert i ei slik stilling. Dette er ikkje mistenkeleg i det heile teke.
– Forstår du ikkje at folk reagerer på spanderinga av eit seminar med referatforbod og hemmeleghald?
– Ja, og eg forstår at media skriv om det. Men kor mange seminar er det ikkje som blir arrangert?
– Kor det er ulovleg å referera frå og utan at det står oppført i offentlege kalendrar?
– Ja, lukka møte er ikkje uvanleg. Dette er ikkje eit forum kor ein fattar avgjersler. Her diskuterer ein alt mellom himmel og jord.
– Så normalt som det kan få blitt
Dagens Næringsliv kunne måndag avsløra at Tangen i januar sende ein e-post til Slyngstad kor han bad om ei «teneste», og eit møte med han. Tangen ville vita kva jobben hans innebar, men fekk aldri svar. E-posten er heilt uproblematisk, meiner Lerø.
– Eg ville gjort akkurat det same. Om du er i tvil om du skal ta ei stilling, og du kjenner ein person med kunnskap om den, ville det vore påfallande om han ikkje tok kontakt. Det er så normalt som det kan få blitt, seier Lerø.
Vidare presiserer han at han er samd i kritikken som kjem mot både sentralbanksjef Øystein Olsen og Røe Isaksen, men at Tangen har alt sitt på det reine.
– Altfor mange journalistar har ikkje peiling på korleis ein rekrutterer ein topp, seier Lerø.
DN-kommentator: – Ikkje uproblematisk
Kommentator Eva Grinde i Dagens Næringsliv er blant dei som har kommentert saka. Ho skriv at seminaret har svekkja tilliten til tilsetjinga av Tangen.
Grinde er ikkje samd i at medieoppslaga gir eit inntrykk av at det er Tangen som har gjort noko gale.
– Det går meir på dei som har latt seg påspandera, seier ho.
– Lerø meiner e-posten til Slyngstad, kor han ber om eit møte, er uproblematisk?
– Det er lett å forstå at Tangen vil snakka med den som har jobben, men det seier også at det ikkje er heilt uproblematisk når han ikkje får svar frå Slyngstad. Det er veldig viktig at Slyngstad ikkje påverkar kven som får jobben etter han, seier Grinde.
Tangen: – Dyktige journalistar
Medier24 har vore i kontakt med Tangen onsdag, og han har lite å utsetja på dekninga han har fått den siste veka.
Han seier han ikkje er overraska over at seminaret får så mykje merksemd, og rosar norsk presse.
«Jeg synes norsk presse har dyktige journalister som stiller gode og relevante spørsmål. Det er jobben deres å stille spørsmål. Samtidig synes jeg det kan være krevende å få frem hele bildet i saken. Jeg prøver derfor å få svart ut alle spørsmål som jeg får fra media så godt jeg kan», skriv han mellom anna.
– Tilliten er avgjerande
Luksus-seminaret er heller ikkje berre eit vanleg seminar med fagleg innhald, seier DN-kommentator Grinde.
– Her var det tre dagar med påspandert jetfly og Sting-konsert, så det er litt søkt å seia at dette berre er fagleg innhald. Det var ein større happening enn det. Om ein skal vera djevelen sin advokat, så kan ein tenka at Slyngstad har blitt sjarmert, og «smurt» av å få denne gåva, og at Tangen dermed får råd som andre søkarar ikkje får.
– Og så er dette ein så viktig jobb, der tilliten er avgjerande, at det ein ikkje skal kunne stilla slike spørsmål.
Vidare meiner ho det er rart at 10 av Tangen sine 15 referansar var på dette seminaret, og at han ikkje til no har vore like medviten rolleforståing og kven han omgåst med.
– Trur du Tangen har fått seg eit kultursjokk i møte med norsk presse som offentleg tillitsperson?
– Ja, det trur eg. Eg trur ikkje han var førebudd på dette. Han har sikkert tenkt at dette var litt annleis, og eg trur det blir ein bratt skule å leggja av seg ein del vanar å haldningar som ikkje heilt let seg overføra til denne stillinga i offentlege Norge.