Sjefredaktør Vebjørn Selbekk i den kristne dagsavisen Dagen.

KrF-drama gav lesarboom for avisa Dagen. I haust har avisa fått nær 400 nye abonnentar

«What a time to be alive», seier ansvarleg redaktør i Dagen, Vebjørn Selbekk, til Medier24.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det har – mildt sagt – storma rundt Krf-leiar Knut Arild Hareide dei siste vekene, som fredag måtte innsjå nederlag etter fleire veker med strid og intern uro i partiet.

På partiets ekstraordinære landsmøte før helga nådde dramaet sitt kokepunkt.

Hareide, som ville danne regjering med venstresida, tapte med eit knapt mindretal, og gjekk av som partileiar etter eige ynskje.

Selbekk håpa på Grøvan sitt tredje alternativ 

Sjefredaktør Vebjørn Selbekk i den kristne dagsavisen Dagen.

– Interessa er stor på nett, og me har hatt ei stor tilstrøyming av nye abonnementar. Om ein tenkjer kommersielt, hadde eg håpa på parlamentarisk leiar Hans Fredrik Grøvan sitt tredje alternativ, at ein utset heile saka, seier Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk.

– Då ville me, i staden for nokre veker, fått tre år med debatt om veival, men me trur Krf-interessa held fram. Det er artig for oss at eit saksfelt, der me har stor kompetanse, vert det viktigaste som skjer i kongeriket. Det er spesielt.

– Er det no de får slått dykk på brystet?

– Me forsøker å ikkje slå oss på brystet, men som eg seier til redaksjonen: «what a time to be alive». På landsmøtet bad eg dei stoppe opp og kjenne kor spesielt dette er å oppleve. Det er ei unik historisk sak. Det finst ingen historiske parallellar. 190 personar sit inne i eit lokale og avgjer kven som skal vere statsminister.

– Kokt sidan august

Dagen har på leiarplass teke tydeleg standpunkt. I månadsskiftet september og oktober kom det to leiarar med ei vekes mellomrom. Bodskapen var klokkeklår:

Ikkje gjer det Hareide. Dei borgarlege treng Krf.

Knut Arild Hareide ankommer KrF sitt ekstraordinært landsmøte på Gardermoen.

– Det har vore viktig for oss er å ta eit klart standpunkt på leiarplass og anbefale å gå inn i den borgarlege regjeringa. Krf høyrer heime i det verdifellesskapet. Samstundes ynskjer me å ha ein profesjonell og rettferdig journalistikk der alle sider kjem til orde. Leiarstandpunkt skal ikkje påverke journalistikken, seier Selbekk til Medier24.

Eit søk på Knut Arild Hareide i Retriever gir 2.126 treff i oktober. Same månad i fjor gir berre 278 treff på partileiaren. Det har kokt i avisredaksjonar landet rundt, og kanskje aldri før har interessa vore så stort for eit parti rundt sperregrensa.

– For oss har det kokt rundt Krf heilt sidan 5. august. Det var ein Dagen-sak som omhandla eit homofilt bryllaup i Krf, der familiepolitisk talsperson via to kvinner, der den eine er partiets kommunikasjonssjef. Det vart ei svær rikssak og ei vanskeleg sak for Krf. Sidan har det gått i Krf. Engasjementet frå lesarane er enorm.

– Må bruke kjeldenettverket og kunnskapen me har

Dagen har ifølgje Selbekk tett oppunder 10.000 abonnentar. Sidan august har dei fått mellom 300-400 nye abonnentar netto. – Det er ein heilt klår Krf-effekt. Dette er eit mykje kraftigare utslag enn tidlegare, så me sender eit takkens ord til Hareide og [Geir Jørgen] Bekkevold, seier Selbekk.

No vil dei grave vidare for å halda på abonnentane.

– Kven skal leia Krf? Det kjem til å prege oss og bli viktig for i journalistikken. Det kan ver ein undervurderer kor mykje strid det kan skape. Det store raude mindretalet vil ha eit ord med i laget. Det er ikkje gitt at det vert Ropstad, seier Selbekk.

– Me må bruke kjeldenettverket og kunnskapen me har for å kome med både avsløringar og interessant journalistikk som kan seljast, legg han til.

– Gjekk av til 20 i stil

Avisa har ved lesarundersøkingar funne ut at det er ei klår overvekt av Krf-stemmarar blant abonnentane. No meiner han likevel at lesargruppa ikkje er lika spissa som tidlegare.

– Det som før var kuriøst og for spesielt interessante har hausten 2018 blitt interessant for heile Norge. Sjå kva som har skjedd. Ein overfører tv direkte frå fylkesårsmøter! Det sit titusenvis av menneskjer og ser på lokalpolitikarar og held innlegg. Det er heilt fantastisk, og viser at det ikkje er for spesielt interesserte. Tvert om det viktigaste som skjer i kongeriket, seier Selbekk.

Avisredaktøren, som held til i Oslo, har latt seg imponera over måten Hareide har handtert situasjonen på.

– Eg meiner han gjekk av til 20 i stil. Det trur eg vert viktig for partiet, seier han.

Spekulerer i Hareide-retur til mediebransjen

Sjefredaktør Vebjørn Selbekk i den kristne dagsavisen Dagen.

– Kva trur du me får sjå av Hareide framover no?

– Eg trur han anten får ein slags toppjobb i bistandsapparatet, internasjonale oppdrag eller leiarjobb i Schibsted eller anna mediekonsern. Han har vist han har gode leiareigenskapar. Han bør ikkje vere bekymra for å gå på Nav.

Hareide har som kjent lang fartstid frå Schibsted, kor han gjekk gradene som trainee til stillingar som forretningsutviklar, prosjektleiar og organisasjondirektør før han forlét selskapet i 2009.

Powered by Labrador CMS