Sjefredaktør Vebjørn Selbekk i den kristne dagsavisa Dagen.

Journalistane i kristen­avisa Dagen fekk 1.000,- for NTB-sitat, men no får dei Flax-lodd: – Vart for dyrt

Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk måtte avvikla ordninga.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det var i eit intervju med Journalisten i 2013 at Selbekk sa at dei hadde ei bonusordning som gav påskjøning per NTB-sitering og månadens sak i avisa.

No er begge ordningane borte, og påskjøning på 1.000 kroner for NTB-sitering er no erstatta med Flaxlodd.

– Det var ei ordning me innførte då eg vart sjefredaktør for å auke fokuset til heile redaksjonen om at me skal levere stoff som vert sitert. Me skal vere relevant i den større offentlegheita. Det var viktig for meg, seier Selbekk til Medier24.

Førre veke skreiv Medier24 om Radio Norge som betalte journalistane kvar gong dei fekk mikrofonhetta si synleg på bilete i andre sine medier.

– Kan vere bieffektar

Det vakte sterke reaksjonar, og radiokanalen responderte med å avvikle ordninga. Etikkførelesar ved OsloMet, Magne Lindholm, var kritisk til å betale journalistar ekstra – utover ordinær lønning – for å gjere jobben sin.

– Ein kvar god redaksjonsleiar si oppgåve er å få journalistane ut av huset, og ikkje å lokke dei ut med ein 50-lapp, 500-lapp, eller kva dei no enn får, sa han.

Selbekk har ikkje lenger 1.000 kroner i potten, men er likevel ikkje uroa for eventuelle konsekvensar ei slik ordning har.

– Kan dette sende journalistane i ei retning der dei vert meir fokuserte på å skrive «NTB-venlege» saker enn å dekkje saker de elles ville prioritert, men som ikkje hadde vakt NTB si interesse?

– Det kan alltid vere bieffektar av slike ordningar, men det er eit godt styringsreiskap av den redaksjonelle leiinga dersom ein ynskjer å auke fokuset rundt ei bestemt type saker. Me hadde berre positive erfaringar med det, seier han.

– Ein kan avslutte slike ordningar om det får andre effektar enn det me ynskjer. Eg trur ikkje me skal vere redd for å satse på det.

Målereiskap

Det var likevel ikkje etiske vurderingar som fekk Dagen til å avvikle premiepotten på 1.000 kroner per sitering.

– Me har ikkje lenger den ordninga, då me oppnådde det me ynskjer for eit par år sidan. No lønnar me dei med Flaxlodd, og slår soleis eit slag for gambling og pengespel, seier Selbekk.

– Ordninga gav veldig god effekt, men vart til slutt for dyr. Me oppnådde det me ynskja. Me skal levere saker ut til offentlegheita, og der er NTB-sitat eit målereiskap på om me lukkast, seier han.

Kjenner på millionspenninga

I tillegg til NTB-siteringar, får Dagen-journalistane belønning kvar gong sakene deira vert delt meir enn 250 gongar på Facebook.

– Der får eg personleg òg ein del Flaxlodd, så eg kjenner på millionspenninga, seier han.

Redaktøren kjenner ikkje til at nokon i redaksjonen har vunne milliongevinst – enno.

Har du tips eller innspel i saka? Ta kontakt på oa@medier24.no.

Powered by Labrador CMS