Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk: – Eg likar å provosera
Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk meiner avisa hans kapitaliserer på å vera politisk ukorrekt. No tek han fatt på nye oppgåver i Ytringsfrihetskommisjonen.
(BERGEN): – Det er ein marknad for andre type stemmer, som er meir politisk ukorrekt, og tek opp ein type problematikk der dei store media er tause. Der er det ein marknad for Dagen, og det ser me også på opplagsutviklinga.
Sjefredaktør Vebjørn Selbekk i den kristne dagsavisa Dagen svarar på kvifor avisa hans går mot straumen og opplever auke i opplaget. Sidan 2016 har dei vekse med 15 prosent frå 9.000 til 10.500.
– Det vert godt teken mot at nokon tør å ha andre meiningar, stille opp i debattar, og seie ting som ikkje berre er populært. Eg opplever ein respekt for det, seier Selbekk når Medier24 møter han på Dagen sitt kontor på Danmarksplass i Bergen i januar.
Enklare før internett
No er Selbekk teken opp som medlem i Ytringsfrihetskommisjonen, som har fått i oppdrag å gjera ein heilskapleg gjennomgang av ytringsfridommens stilling i Norge.
Arbeidet skjer over 20 år etter førre gang, og som følgje av framveksten av sosiale media, nye plattformer å ytra seg på og falske nyheiter vil enkelte hevda det er på høg tid at ein ser på vilkåra på nytt.
– Før var det enkelt. Før internett var det me, redaktørane, som bestemte alt av kva meiningar som skulle fram. Me var «gatekeepers». Om me ikkje slapp noko gjennom, eksisterte det ikkje. Dette brøyt saman med dei sosiale media. No er dei ulike meiningane meir synlege, og dei finst – anten me vil det eller ei.
– Eg tykkjer me i større grad bør sleppa til meiningar me ikkje likar, seier Selbekk.
– Alternative media har ein verdi
Aldri før har tilgangen på informasjon vore større, og aldri før har det vore enklare å starta si eiga nettside. I Norge har det dukka opp fleire so kalla «alternative media», som Resett, Document og Human Rights Service.
– Eg meiner dei har ein verdi, seier Selbekk.
Han meiner norske redaktørar bør så seg sjølv i spegelen, og spør seg kvifor dei har vakse seg så store som dei har.
– Har me noko av ansvaret sjølv? Har me vore for selektive med kva me slepp til og ikkje? Har me ikkje latt politisk ukorrekte meiningar få ytra seg? Eg trur noko av problemet ligg der. På Resett og Document les me stemmer som ikkje kjem til orde andre stader. Det kan i blant vera gode grunnar til det, men eg klarar ikkje fri meg frå tanken om at me har deler av ansvaret for veksten deira, legg han til.
Sjølv ser han på seg sjølv som ein som tek opp spørsmål andre ikkje vil ta i.
– Det er mykje i spørsmålet knytt til innvandring, integrering og islam, der få tør å meina. Det vert skrive mykje om det, men meiningane er mykje det same. Der opplever eg at ein går i flokk.
– Likar du å provosera?
– Ja, eg meiner det er ein del av media si oppgåve å vera med og provosera og få i gang tankeverksemda. Eg har ingenting imot det, og det stressar ikkje meg å få passet påskrive og bli kalla for ting.
– Korleis er ytringsrommet i Norge i dag?
– Utviklinga går i ulike retningar. Norsk presse i dag trur eg ville handla annleis under karikaturstriden, til dømes, seier Selbekk.
– Tungt å stå åleine
Det har gått 14 år sidan han sto der, nærast mutters åleine, i den dramatiske karikaturstriden etter at avisa Selbekk var redaktør for, DagenMagazinet, hadde trykka dei sokalla muhammedkarikaturane.
Selbekk vart drapstrua og måtte gå i dekning. Regjeringa beklaga karikaturane, og sjølv blant redaktørkollegiet følte den unge redaktøren seg nesten litt uglesett, som ein «oppkomling» og «ikkje ein av oss».
– Det var tungt å stå så åleine, seier Selbekk, og peiker på éin spesiell person som gav han støtte og som var avgjerande for at han haldt fram i mediebransjen:
Per Edgar Kokkvold, som var generalsekretær i Norsk Presseforbund.
– Han sto ved meg heile vegen. Om ingen gjer det, og alle meiner det du har gjort er tullete, blir det vanskeleg. Men Kokkvold var sjefen over alle sjefar, og spelte ei viktig rolle, seier han vidare.
Utanriksminister Jonas Gahr Støre beklaga overfor verdas muslimar og statsminister Jens Stoltenberg sa han var lei seg for at teikningane såra muslimar.
Og støtta uteblei stort sett for Selbekk.
– Med dei politiske angrepa hadde eg håpa på meir støtte. Når landets politiske styresmakter blandar seg inn i redaksjonelle avgjersler hadde eg håpa fleire hadde hatt ryggmergsrefleks, sjølv om dei ikkje likte meg.
– Kanskje hadde eg litt skuld i det sjølv. Eg vart kasta ut i det, og ein går ikkje gjennom ein slik tørketrommel utan å seia, og gjera, noko gale.
– No-plattforming er kontraproduktivt
Sidan har mykje skjedd for Selbekk. For media har han nærast blitt ein talsperson for islamkritikk og ytringsfridom.
Selbekk likar å provosera, elskar å snakka med journalistar, og tykkjer debatt er det gøyaste med redaktørjobben. At enkelte vil nekta andre å delta i det same ordskiftet, er trønderen sterkt imot.
– No-plattforming-greia skakar meg. At det berre er visse type, politisk korrekte meiningar, som får vera med i debatten er eg sterkt kritisk til. Å forby meiningar tryggar ikkje eit samfunn, seier Selbekk.
– Eit drastisk døme er at mange land i Europa har lovar mot Holocaust-fornekting. Å fornekta det er så forferdeleg og farleg at det ikkje vert tillate. Eg er sterk ven av det jødiske folk og tykkjer Holocaust-fornekting er noko forferdelege greier, men eg er likevel sterkt motstandar av lovar mot å fornekta det. Det er ei misforståing at ein kan forby meiningar. Om nokon opplever å aldri komma til orde, er det ikkje slik at desse forkastelege meiningane forsvinn. Dei går under jorda, og boblar der. Då blir det farlegare, og så stadfestar du deira konspirasjonar om at den kunnskapen dei sit med er så farleg at dei ikkje skal høyrast, seier Selbekk, og avsluttar:
– No-plattforming er kontraproduktivt.
Uroa for netthets
Om det er noko som verkeleg uroar Dagen-redaktøren er dei vide ytringsrammene som sosiale medium legg opp til. Han meiner netthets er ein stor trussel for ytringsklimaet.
– Det gjeld spesielt innvandrargrupper. Det verste er kanskje å sjå korleis kvinner med innvandrarbakgrunn vert behandla i sosiale medium og kommentarfelt. Det er ein eigen type sexistisk hets som råkar kvinner. Det ser ut til å auka, og ikkje minka. Det bekymrar meg.
– Påverkinga det har på viktige stemmer, som kanskje kvir seg for å bidra i samfunnsdebatten – fordi dei veit kva som kjem – er eit stort problem.