Der viser dei til helgas avsløring om at dei lurte Resett til å godkjenne utdrag frå Anders Behring Breivik sitt manifest, omsett til nynorsk, i kommentarfeltet frå den fiktive debattanten Jan A. Johansen.
«Både Sørlandets største avis, Fædrelandsvennen, og den kristne avisen Dagen har publisert innlegget «Den radikale og skadelege feminismen». Innlegget ble refusert av Dagbladet, men trykket i Fædrelandsvennen 5. februar og Dagen den 7. februar», skriv Satiriks.
– Trist at «MSM» publiserte
Stig Morten Lorentzen Waage, prosjektleiar i NRK Satiriks, er openbert lei seg for å ha svikta i formidlinga av stuntet.
– Me i NRK Satiriks svikta openbert i faktasjekken her, og det må me sjølvsagt orsake. Me oppdaga plutseleg at Fædrelandsvennen og Dagen hadde publisert våre innlegg, seier han.
– Korleis er det å skulle lage humor på at Resett slepp gjennom «alt» og «MSM» gjorde det ikkje, men så viste det seg å vere feil?
– Me har ingen politisk agenda eller slagside og me tullar med alle. Men det er sjølvsagt trist å finne ut at òg «MSM» publiserte innlegga, seier han.
– Me må skjerpe kvalitetskontrollen
Vebjørn Selbekk tek ikkje lett på stuntet når Medier24 tek kontakt.
– Dette er ingen god dag for Dagen. Slik ynskjer me ikkje at det skal vere. Me må skjerpe kvalitetskontrollen. Slik skal me ikkje ha det. Det er berre å leggje seg flat og beklage djupt og oppriktig om at ei slik tekst har kome på trykk, seier Vebjørn Selbekk til Medier24.
– Korleis kan dette ha skjedd?
– Ein ynskjer å ha opne debattspalter òg for meiningar som ikkje er politisk korrekte, og så finst dei ei grense for det. Det er det eg meiner NRK Satiriks oppnår og set fokus på, seier han, og legg til:
– Sjølv om det rammar oss, gratulerer eg NRK Satiriks med ein type politisk satire som eg tykkjer er ganske god. Denne gongen rammar det oss, og me tek det som vaksne menneske, seier han vidare.
– Oppnår dei eit poeng? Er er ordskiftet på «ville vegar»?
– Eg tykkjer dei har eit poeng. Dette er blant dei stunta som verkeleg seier noko riktig, så det gratulerer eg dei med. Eg har fått nokre ting å tenkje på, når det er så enkelt å få gjennom ein tekst som har det opphavet. Det er grunn til å tenkje over, seier Selbekk.
«Jeg liker det ikke»
Sjefredaktør i Fædrelandsvennen, Eivind Ljøstad, er lite nøgd med å ha blitt offer for NRKs satire, men tykkjer òg – i likskap med Selbekk – at dei får fram eit godt poeng.
«Jeg er stor fan av satirisk spesielt og samfunnskritisk satire generelt. Her er FVN blitt brukt eller misbrukt og det får vi tåle. Jeg liker det ikke, men innrømmer at det som er satiriks poeng blir godt synliggjort i det innlegget som kom på trykk hos oss.
Vi kommer til å beklage at vi har publisert et innlegg som gir seg ut for å være noe annet enn det det er», skriv han i ein SMS til Medier24.