Straffesaka mot draps- og terrortiltalte Philip Manshaus starta i Asker og Bærum tingrett torsdag.
Straffesaka mot draps- og terrortiltalte Philip Manshaus starta i Asker og Bærum tingrett torsdag.

Dagbladet viste Manshaus' «kvit makt»-gest på fronten: – Uklokt

UiO-forskar meiner media må vera varsame med å visa terroristane sine propaganda-symbol. Dagbladet valde å visa det på fronten, medan VG, NRK og TV 2 bevisst lét vera.

Publisert

Torsdag byrja rettssaka mot Philip Manshaus, som er tiltalt for å ha drepe stesøstera si og angrepet på Al-Noor-moskeen i Bærum.

Noko av det første 23-åringen gjorde var å visa «white power»-symbolet. Gestikuleringa, kor ein «W» og «P» med handa, har blitt spreidd i sosiale medium blant høgreekstreme for å signalisera «white power», og er den same som New Zealand-terroristen Brenton Tarrant gjorde i retten for eit drygt år sidan.

Dagbladet var den einaste riksavisa som trykte biletet på fronten.

Propaganda

Det meiner Cathrine Thorleifsson ved Senter for ekstremismeforsking på UiO meiner er ei gal vurdering.

Forskar Cathrine Thorleifsson ved Senter for ekstremismeforskning på UiO.
Forskar Cathrine Thorleifsson ved Senter for ekstremismeforskning på UiO.

– Eg tykkjer det er uklokt. Det er viktig å unngå at terroristane oppnår heroisk status, eller gjer det meir attraktivt å gjera slike valdshendingar. Målet er jo å radikalisera og inspirera andre. Det er ein veldig effektiv måte å spreia propaganda på, og difor har media eit spesielt ansvar med å unngå at dei oppnår den statusen, seier ho, og legg til:

– Me veit korleis det vart brukt med Tarrant. Det vart resirkulert med memes og bilete, kor han vart framstilt som martyr og fekk ein heroisk status. Han fekk spreia propaganda frå rettssalen, og dette er eit teikn som blir plukka opp av alle som sympatiserer me kvit makt-ideologien, legg ho til.

Saka held fram under biletet.

Skjermdump av Dagbladet-fronten torsdag føremiddag.
Skjermdump av Dagbladet-fronten torsdag føremiddag.

Difor brukte ikkje VG det på front

Dagbladet meiner det han står for og korleis han opptrer i retten er av offentleg interesse.

– Den kvit makt-helsinga viser kva ideologi tiltalte står for, og kan vera med på å forklara kvifor drapet og terroraksjonen skjedde. Det er viktig å ikkje gøyma tiltalte bak ansiktslause skildringar. Biletet er med på å avmystifisera og dokumentera den tiltalte, seier Schjerve, og legg til:

– Me har forståing for at biletet kan opplevast som provoserande og belastande for mange, så me skal bruka varsame med å ikkje bruka det meir enn naudsynt.

Nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken i VG.
Nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken i VG.

Verken NRK, VG, Nettavisen eller TV 2 valde å bruka biletet på front. Nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken i VG forklarar overfor Medier24 at dei har gjort eit bevisst val om biletet.

– Her er det openbert at tiltalte ynskjer å bruka merksemda han får i denne rettssaka til å få ut sin bodskap, og vår vurdering er difor at me ynskjer å gi biletet ein betre kontekst enn fronten tillèt. Me har difor publisert biletet i vårt direktestudio framfor på fronten, seier ho.

Vil ikkje bruka det som trafikk-boost

TV 2-redaktør Karianne Solbrække forklarar deira avgjersle slik:

– Me har ei restriktiv linje på bruk av nazi- og kvit makt-helsingar. Me kan publisera dette i ei journalistisk setting, men er medviten på bruk – spesielt på fronten på tv2.no.

Nyheitsredaktør Karianne Solbrække i TV 2.
Nyheitsredaktør Karianne Solbrække i TV 2.

Solbrække legg til:

– Med andre ord; det er ikkje slik at me per definisjon ikkje skal publisera dette, men det skal vera gjennomtenkt - og ikkje brukast som ein effekt til å trekkja ekstra trafikk, til dømes. Me publiserte eit bilde av ei helsing han gjorde på første fengslingsmøte, fordi eg meiner det er riktig også å dokumentera dette med bilete. Etter dette, har me berre skriftleg referert til det.

Espen Olsen Langfeldt, redaktør for direktelinja i NRK, seier til Medier24 at dei publiserte biletet under TV-sendinga, og publiserte ein sak på nett som forklarar teiknet og set det i samanheng.

– Det valde me å bruka litt tid på, og det meiner me er rett i denne saka, seier han.  Dei ville ikkje ha brukt det på front, seier Olsen Langfeldt.

– Må hjelpa lesaren å dekoda propagandaen

Thorleifsson tykkjer det er ei betre løysing, men er også kritisk til det.

– Det er betre. Eit slikt bilete kan ikkje stå ukommentert eller ukontekstualisert. Då må du hjelpa lesaren med å dekoda kvit overmakt-propagandaen. Men sjølv om dette er ei betre løysing, er eg kritisk til det også, seier ho. 

– Men er ikkje media si oppgåva å informera om kva han står for og ideologien han forfektar? Vil ikkje dette vera å underslå relevant informasjon?

Redaksjonssjef Hilde Schjerve i Dagbladet.
Redaksjonssjef Hilde Schjerve i Dagbladet.

– Jo, det kan ein seia. Men det er mange måte å kommunisera at han er ein mann som står for ei slik ideologi utan å visa nazi-helsinga og kvit makt-symbolet, seier ho.

På spørsmål om også Dagbladet kunne gjort som VG, NRK og TV 2, svarar Schjerve:

– Det kunne ein sjølvsagt ha gjort. Men bilete har ein annan kraft enn ord.

– Ei kraft Manshaus vil dra nytte av?

– Det er der balansen ligg. Det er viktig at me ikkje blir eit apparat for hans propaganda, og det meiner eg me klarar å unngå. Dette er eit augneblinksbilete der me viser han når han kjem inn i retten.

Powered by Labrador CMS