Morten P:

Forsvarer fotballryktene: – Ein del av underhaldnings­industrien

Dagbladet-kommentator Morten P. meiner fotballrykte er noko ein lev godt med.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Onsdag gjekk tidlegare Josimar-redaktør Frode Lia ut i Medier24 med kraftig kritikk retta mot norske sportsredaksjonar og deira ryktespalter. Han meiner at «ryktejournalistikken» om fotballovergangar er med på å diskreditera pressa, og at norske sportsjournalistar er altfor lite kjeldekritiske.

Han peika spesielt på kommentator Morten Pedersen i Dagbladet, som har skrive ei rekkje artiklar om overgangen til det norske stjerneskotet Erling Braut Haaland. I haust skreiv Pedersen at ungguten var på veg til Manchester United, før han i romjula hamna i tyske Borussia Dortmund. Deretter skreiv Pedersen at overgangen til United falt gjennom som følgje av agentmakt, men dette har agent Mino Raiola tilbakevist overfor The Telegraph.

Podkastar og journalist Frode Lia.

– Dette lev ein godt med

– I fotballen blir det mykje «he said, she said». Og så er det få opne kjelder, og slik er denne bransjen. Det er spekulasjonar i internasjonal presse heile tida. Det er ingen som går «on record», men veldig mange pratar. Skal du vita kva som skjer i ein gitt klubb, må du spørja fire andre klubbar, og ikkje den det faktisk gjeld, seier Morten P. til Medier24.

– Men bør ikkje media i større grad sørgja for å verifisera påstandar frå dei ulike partane?

– Sjølvsagt. Ein seier jo ikkje at det er slik eller slik, men at det «skal» eller «kan», og ein tek små atterhald for å vera på den sikre sida. Fotballen er ein industri, drivne av eigne mekanismar, og alt rundt overgangsrykta må ein berre leva med. Og dette lev ein godt med. Det er ein del av underhaldningsindustrien.

– Viktig med kjeldekritikk

Dagbladet er langt frå dei einaste som skriv om fotballrykte. Både TV 2, Nettavisen og VG har eigne direktestudio kor dei følgjer rykta frå nettaviser og twitterkontoar i inn- og utland.

Sportssjef Eirik Borud i VG meiner rykta er ein del av fotballen.

– Spekulasjonar rundt spelar inn og ut, og overgangar, er ein del av den store underhaldningsbransjen fotball er.

Sportssjef Eirik Borud i VG.

– Det er viktig at me i pressa driv kjeldekritikk og er nøye på kva me fortel lesarane. I «Silly season»-studioet køyrer me eit ganske klart skilje mellom kva me meiner er spekulasjonar og stadfesta informasjon, kva som er kjelda til informasjonen, og me har full openheit og transparents på kvar informasjonen er henta frå, legg han til.

– Me har heilt sikkert gjort feil

VG har sjølv kalla sitt direktestudio for «Silly Season-studio». Overgangsvindauget i Premier League har fått namnet nettopp Silly Season i England – som slang for ryktesesongen, kor spekulasjonar florerer i britisk sportspresse.

– Å køyra denne typen nyheitsmeldingar i eit merka «Silly Season»-studio gjer det lettare for lesaren å vita kva dette er for noko. Det er viktig for oss, seier Borud.

– Gir ein i større grad oppgåva til lesarane å vurdera truverdet til det som vert publisert i overgangsjournalistikken?

– Nei, me skal jo vurdera kvar enkelt melding også her, men me må vera tydeleg på kva som er kjelda, og om dette er noko klubben har stadfesta eller ei. Me har heilt sikkert gjort feil, og teke med rykte som har vore for tynne, men me gjer det me kan for å ha eit akseptabelt nivå på det me melder.

«Dirty business» i fotballen

Han meiner det er viktig å vera på vakt.

– Vår rolle er å vera nyheitsformidlarar, og så er me nøydd til å vera kjeldekritiske når partar forsøker å bruka media til sin fordel, seier Borud.

Pedersen i Dagbladet seier til Medier24 at fotballen «utmerka godt» klarar å driva prisen i vêret sjølv. I fotballen er det mykje «dirty business», seier Pedersen.

Morten Pedersen, og medforfattarar, presenterte boka VM i fotball 2014 på ein pressekonferanse i 2014.

– I ei tid fotballen slit med omdømmet, og det er «dirty business» i bransjen, bør ikkje media gjera det dei kan for å ta vare på integriteten?

– Det strever me jo etter, og eg seier ikkje noko anna. Eg går heller ikkje tilbake på noko av det eg har skrive rundt Erling Braut Haaland, men eg beklagar at han følte seg støtt.

Powered by Labrador CMS