Lesarinnlegg i Dagbladet av «Lars Hammer, psykologspeisalist Nydalen DPS».

Dagbladet publiserte debatt­innlegg av person med falsk identitet: – Me har blitt lurt

No beklagar avisa. – Svært alvorleg, seier kulturredaktør Sigrid Hvidsten i Dagbladet.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Måndag ettermiddag beklagar Dagbladet eit lesarinnlegg som sto på trykk i papiravisa fredag. Innlegget vart òg publisert på nett med tittelen «Vi vet hva vi gjør når vi avviser dem», men er no avpublisert.

Psykologspesialiset ved Nydalen DPS

Grunnen er at innlegget var signert ein person med falsk identitet, ifølgje Dagbladet.

Avisa skriv:

«Ved en feil publiserte Dagbladet fredag 10. januar debattinnlegget «Vi avviser mange», signert det som skulle være en psykologspesialist ved Nydalen DPS.

Det viser seg at ingen ved det navnet jobber ved Nydalen DPS, og at innlegget er sendt inn under falskt identitet.

Nettversjonen av innlegget, med tittelen «Vi vet hva vi gjør når vi avviser dem», er nå avpublisert.

Dagbladet beklager.»

Skal gå gjennom rutinane

Kulturredaktør Sigrid Hvidsten i Dagbladet seier til Medier24 at dei ser svært alvorleg på saka.

– Me publiserte eit lesarinnlegg i papiravisa og nett fredag, og så vart me kontakta av lesarar som sa at det ikkje var nokon Lars Hammer som jobba på Nydalen DPS. Då gjorde me undersøkingar, og avpubliserte. Me har seinare fått stadfesta at innlegget vart sendt med falsk identitet, seier Hvidsten til Medier24.

Kulturredaktør Sigrid Hvidsten i Dagbladet.

– Burde de ha fanga dette opp?

– Me har veldig gode rutinar på etter, og det er ikkje ofte det skjer, men denne gongen har me blitt lurt. No skal me gå opp rutinane våre ein gang til, for å sjå om me burde ha fanga det opp.

– Kor alvorleg ser de på dette?

– Dette er svært alvorleg for oss. Det går an å publisera innlegg anonymt, men då må me vera klar over vedkommande sin identitet. Her er det nokon som bevisst har gått inn for å føra oss bak lyset.

Powered by Labrador CMS