
Dag og Tid lanserer lydavis
Vil gjere utvalde tekstar frå avisa tilgjengelege som lydartiklar.
Dei første artiklane vert tilgjengelege allereie måndag, skriv avisa i ei pressemelding.
– Det handlar om å gje eit betre digitalt tilbod til lesarane våre, seier Gregor Falkner, marknadssjef i Dag og Tid.
– Ein kan lytte til lydavisa medan ein lagar mat, køyrer bil eller er på treningssenteret. Det er òg eit godt alternativ for svaksynte og andre som slit med å lese papiravisa, seier han.
For å gje lydartikkelen eit personleg preg, er det i hovudsak journalistane og skribentane som sjølv les inn artiklane.´
– Vi skal òg bruke profesjonelle innlesarar, seier Falkner.
Han har stor tru på lydavisa.
– Trenden syner at etterspurnaden aukar når det gjeld lydbøker og podkastar, legg han til.