Avlyste arrangement og låg aktivitet har etter kvart blitt den harde realiteten for Norsk Journalistlag sine lokallag i Finnmark og Hålogaland. Det ynskjer Norsk Journalistlag å gjere noko med, og jobbar no med å spikre saman ein ny organisasjonsmodell for dei fire nordlegaste lokallaga.
Det er lokallagsleiar i Troms, Silje Løvstad Thjømøe, knallhardt imot.
– Heile styret i Troms går av dersom dette skjer. Det er jævlig synd for NJ, for lokallaget i Troms fungerer, seier ho til Medier24.
– Eg har meir enn nok utfordringar med å få Troms-medlemmar til å delta på våre arrangement. Det er heilt uinteressant for meg å arrangere ting i Vadsø, Vesterålen, og slike stader langt borte frå Troms. For oss er det vanskeleg nok berre utanfor Tromsø, seier Løvstad Thjømøe til Medier24.
Vil kome krava i møte
No står att det eit møte mellom NJ sentralt og dei fore lokallaga i Tromsø 21. februar, før den endelege rapporten skal leggjast fram for behandling av landsstyret 13. mars.
– I november i fjor kom landsstyret fram til at det er mykje fornuft i ei samanslåing av lokala i nord, men ynskte at me skulle gå tilbake til laga for å diskutere tiltak som kunne kome krava i møte før eventuelt vedtak vert fatta. Den prosessen er me i no. No skal me sjå på korleis det kan sjå ut, kva det vil medføre og korleis ein kan organisere det for å vareta aktiviteten som allereie er der, seier nestleiar i Norsk Journalistlag, Dag Idar Tryggestad, til Medier24.
Han er ikkje kjent med at styret i Troms Journalistlag går av dersom lokallaga vert samanslått.
– Det er ikkje ein beskjed eg har fått frå dei. Me får først sjå kva som vert lagt på bordet, og så ser me kva som vert det endelege vedtaket, seier han.
– Overkøyrd
Løvstad Thjømøe er sterkt kritisk til å slå saman dei fire lokallaga, og kallar det ei tvangssamanslåing. Løvstad Thjømøe trur det kan ta knekken på aktiviteten i lokallaget.
– Eg trur det kjem til å øydeleggje aktiviteten, og så trur eg det vert forferdeleg vanskeleg å få tillitsvalde. Heile grunnen til at det skjer noko i lokallaga rundt i Norge er fordi ein har dedikerte personar som får til arrangement der ein bur. Journalistar er pressa på tid, og det er ein bransje som krev meir og meir av ein. Å vere tillitsvald er dugnadsarbeid. Ein gjer ein ekstra innsats som tillitsvald, og den motivasjonen botnar i at ein vil få til noko der ein bur, og ikkje i resten av Norge.
Vidare seier ho at ho føler seg «litt overkøyrd» av leiinga i NJ.
– Det er ikkje slik at dei ikkje høyrer på oss, men når dei pratar med oss så er det med eit utgangspunkt om at dei allereie har bestemt seg, seier ho.
– Me har meir enn nok med å styre Troms, og eg trur det vil vere vanskeleg å finne nokon som vil styre heile Nord-Norge - for då har ein ikkje den lokale forankringa. Dette er Brønnøysund til Kirkenes. Finnmark er, for å seie det som finnmarkingane, «fettesvært». Kvifor øydeleggje noko som faktisk fungerer? Eg forstår ikkje behovet for at ein søring må fortelje andre søringar at Nord-Norge er stort. Det trudde eg ikkje at eg måtte gjere, seier ho.
Til det svarar Tryggestad:
– Eg må respektere at ho har den oppfatninga om at dei vert overkøyrd. Me har gjort store endringar dit me har kome no, og me har laga ein rigg som skal ta høgde for at me varetek lokal aktivitet. Så får me berre ta med oss at Troms frå starten har vore ueinige, og ikkje ynskjer samanslåing under nokre omstende.
– Eg hadde forstått skepsisen dersom det var slik at Troms Journalistlag var nøydd til å arrangere debattmøte i Alta eller Bodø. Det har aldri vore tanken å flytte medlemmane for å møtast ein tysdag. I diskusjonen i dag ligg det modellar som godt vil vareta aktiviteten til Troms.
Avlyste arrangement
Leiar i Finnmark Journalistlag, Stian Strøm, og nestleiar i Hålogaland Journalistlag, Lars Richard Olsen, stadfestar overfor Medier24 at aktiviteten er låg.
– Det har vore litt lite engasjement knyt til samlingane, særleg på våren kor det har vore tradisjon for samling, har det dei siste åra ikkje vore nok påmelde. I år derimot er det faktisk veldig bra respons, så no vert det samling, seier Strøm til Medier24.
Dei valde samrøystes på årsmøtet å gå med på ei samanslåing.
– Om det er smart eller ikkje kan sikkert diskuterast. Me landa på å sjå på dette som ei prøveordning. Kvifor ikkje? Om det kanskje skapar endå meir aktivitet for vårt lokallag så går det an å prøve.
Olsen i Hålogaland Journalistlag fortel òg om låg oppslutnad, og at folk ikkje deltek på debattar, kurs og andre arrangement i regi av lokallaget.
– Ting har stort sett måtta bli avlyst, seier han.
– Me er kjempepositive til å slå saman lokallaga, og vedtok det på årsmøtet. Me er veldig klare for samanslåing, og trur det kan vere ein fin måte å samle engasjerte styremedlemmer til eit større styre på, legg han til.
– Ikkje einig i alt
Det tredje av dei fire nordlege lokallaga er Helgeland og Salten Journalistlag, kor Leif Steinholt er leiar. Han er kritisk til forslaget som har kome på bordet, men er positiv til at det er oppe til diskusjon.
– Me har eit renommé i NJ-samanheng med at me er velfungerande, men om me har to arrangement i halvåret så er me nøgd med det. Er det godt nok? Lokallaga slit ofte med aktiviteten. Det går på kvar ein legg lista, seier Steinholt til Medier24.
– Om eg ikkje er einig i alt som kjem frå NJ sentralt, skal dei ha kred for at initiativet kjem på ein open måte, seier han vidare.
Han meiner det er avgjerande meit eit ledd under styrenivå som sørgjer for lokal aktivitet.
– Du må ha nokon som varetek aktivitet på regionnivå. Om du kallar det eit styre eller råd er ikkje så viktig. Du må ha eit system som er fasttømra og føreseieleg.
– Ein kan godt ha eit organ øvst som koordinerer, men om du til dømes skal ha eit møte i Helgeland eller i Troms, så må du ha nokon som faktisk sørgjer for den aktiviteten. Du kan ikkje ha desse folka i superstyret som skal praktisk arrangere debatt i heile Nord-Norge, legg han til.
Allereie har Hålogaland Journalistlag og Helgeland og Salten Journalistlag «tjuvstarta» samarbeidet, og har no planar om ein felles havbrukskonferanse.
Tryggestad presiserer òg at Svarte Natta-konferansen er eit samarbeid mellom dei fire nordlegaste lokallaga.
– Det er eit samarbeid mellom desse fire laga i dag, utan at dei er valde gjennom årsmøte. Me ser òg framvekst av andre nye arrangement, som til dømes havbrukskonferansen for to av laga, seier han.