Skjermdump av Telemarksavisa til venstre. Til høgre er trenar Dag-Eilev Fagermo
Skjermdump av Telemarksavisa til venstre. Til høgre er trenar Dag-Eilev Fagermo

Her gjekk det gale for Telemarks­avisa: – Ærleg feil

Skien-avisa for raske på avtrekkaren torsdag kveld. – Har nok lært ei god leksa, seier Telemarksavisa dagen derpå.

Publisert

Dei siste vekene har Odd-trenar Dag-Eilev Fagermo blitt stadig hyppigare nemnt som potensiell ny trenar for Vålerenga.

Ved midnatt torsdag melder Varden at han skal vera klar.

Men ein time før det kunne konkurrenten Telemarksavisa melde det same. Problemet var berre at saka aldri skulle vore publisert. Det kunne TA-lesarane tydleg leggja merke til ved «IKKE PUBLISER»-lappen som hang på saka.

– Når det er store ting i emning vil me vera i front, så me førebudde oss på kva som kunne skje. Me byrja å skriva på saka, og i staden for å trykkja «Lagre» trykte me «Publiser». Dermed var det ute for alle å sjå, seier sportssjef Erik Edvartsen i TA til Medier24 fredag morgon.

– Kor lenge låg det ute?

– Det har eg ikkje heilt oversikt over, men me snakkar om nokre minuttar. Kanskje 4-5-6.

Det mangla ikkje på tilbakemeldingane skal me tru reaksjonane på Twitter.

– Når slikt skjer blir det sjølvsagt plukka opp. Og særleg på Twitter, kor fotballfolk følgde med i heile går. Det vart retvitra ein del.

– Ein skal vera varsame i publiseringsverktøyet, og det er noko alle redaksjonar og aviser veit. Ein må trykka på dei rette knappane. Me bomma denne gongen her, og så har me nok lært ei god leksa på at me kikkar litt ekstra på kvar me har musetasten seinare.

– Det er ein ærleg feil, og han som trykte feil er lei seg for det. Slikt skjer, diverre.

 

Powered by Labrador CMS