Sommaren 2014 intervjua Ulrikke Heldal ei jente til ei sommarsak frå stranda. Kort tid etterpå blei 8-åringen skadd i ei badeulukke og døydde seinare av skadene.

Frå badesak til drukningsulukke. Ein baby med 17 ribbeinsbrot. Og terror i Paris: Oppdraga som aldri vert gløymde

Ulrikke Heldal intervjuar ei jente på stranda til ei glad sommarsak. Så må ho tilbake for å dekke ei badeulykke med den same jenta. Dette er historiene til tre journalistar som har arbeidd med krevjande oppdrag.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Historia om den sørafrikanske fotografen Kevin Carter er skuleeksempelet på den grunnleggjande konflikta mellom journalistar og allmenheita sine referanserammer.

I 1994 vann Carter den høgthentande Pulitzerprisen for beste foto, eit bilde av ein gribb som venta på at eit barn skulle døy under hungersnøden i Sudan.

I ettertid vart han kritisert for å ikkje ha hjelpt jenta.

Carter forklarte henne som ein av tusener i naud, i tillegg var han blitt advart mot nærkontakt med flyktningane grunna smitte.

Seinare skal han ha uttalt at han angra på at han ikkje hjelpte barnet.

33 år gammal tok Carter livet sitt. Eit offer av brutaliteten journalistikken kan by på.

 

Det rette er å kjenne på magefølelsen

– Eg trur at det som er rett å gjere er å kjenne på magefølelsen og ryggmargsrefleksen, kva du tykkjer er etisk og moralsk rett å gjere i den situasjonen. Dersom det er å leggje fra deg kamera og blokka og vere medmenneske, så trur eg det er det enklaste å leve med etterpå.

Trond Idås har i nærare 20 år sett på korleis krevjande oppdrag pregar journalistar. – Dårleg oppfølging er eit bransjeproblem. Men det er ikkje dei store sakene som er mi hovudbekymring når det kjem til oppfølging, problemet er dei daglege «katastrofene».

Det seier Trond Idås, rådgjevar i Norsk Journalistlag. Han har skrive boka «Krevende oppdrag» og arbeider no med ei doktorgrad i utviklingspsykologi som går djupare inn i temaet.

I nærare 20 år har han undersøkt kva psykiske påkjenningar journalistar blir utsett for i samband med krevjande oppdrag.

Dette inkluderar undersøkingar som tok for seg dekninga av barnedrapa i Baneheia, tsunamikatastrofen i Asia, 22. juli-terroren og overgrepssaka i Alvdal. Han har òg bakgrunn som journalist, vaktsjef og klubbleiar i Aftenposten.

Idås meiner det ikkje er mogleg å gi eit fasitsvar på kva ein skal gjere når ein kjenner på krysspresset mellom å vere journalist og medmenneske.

– Noko av samfunnsoppdraget til journalistane er å hente inn informasjon og prøve å forstå kva som har skjedd, slik at samfunnet kan lære noko av dette for å hindre at noko liknande skjer igjen. For å fylle det samfunnsoppdraget må ein gjere ein del ting som ein ikkje ville gjort som privatperson.

- Dei tinga du opplever som moralsk eller etisk belastande, til dømes at du kontaktar folk i krise for å få inn informasjon, det er ein del av jobben. Det kan du prate med kollegaer om, men dersom ein tek det opp med folk som ikkje er på innsida av den redaksjonelle tankegangen så vil dei fort kritisere deg fordi du ikkje har vist omsyn. Du har eit etisk og moralsk rammesett som privatperson, medan det er eit anna sett rammer som gjeld for mediene sitt samfunnsoppdrag. Difor kan det forverre situasjonen å prate med andre «utanforståande» om noko du har vore usikker på, seier han. 

  • PS: SKUP i helga skal temaet også diskuteres under programposten «Møtet mellom Utøya-ungdommen og pressen» søndag formiddag. Les mer på SKUP.no. 

 

Connie Bentzrud tykkjer det er ein lettelse å kome heim til barna sine som klagar over «dei riktige tinga», som at dei ikkje finn Ipaden. I jobbsamanheng har ho sett og høyrt ting så grusomme at ho aldri vil gløyme det.

– Eg har bilde i hovudet som aldri vil forsvinne

Connie Bentzrud har i mange år hatt ein jobb som gjer at ho aldri kan gå heim og fortelje om arbeidsdagen rundt middagsbordet.

Bentzrud arbeider no i Fædrelandsvennen si gravegruppe, men før det var ho 20 år i TV 2.

Mange av desse åra vart brukte til å dekke overgrep og mishandling av barn. Ein jobbtur til Romania i 1997 var starten på engasjementet som i seinare tid har resultert i fleire høgthengande prisar.

– Det var ein sjokkarta opplevelse å sjå korleis gatebarna levde i kloakken og kor utsette dei var av alt. Det er eit møte ein aldri gløymer. Eg er veldig glad i barn, eg tykkjer dei er morosame, verdifulle og fortener å ha det godt. Er det nokon menneske i heile verda eg har tolmod med så er det barn.

Saman med TV 2-kollega Asbjørn Øyhovden har ho dykka ned i noko av det mørkaste som skjer i eit samfunn.

Ho har arbeidd med nokre av dei alvorlegaste vald- og overgrepssakene i landet si historie, og særleg Alvdal-saka trekk ho fram som noko av det verste å jobbe med.

– Det var så systematisk og kynisk, og så ufatteleg øydeleggjande for dei involverte.

Men ei episode i etterkant av dei grusomme Baneheia-drapa i Kristiansand gjorde særleg inntrykk, og har sidan påverka arbeidet hennar.

– Baneheia var skilsetjande. Eg spurde ei av mødrene som satt i retten dag ut og dag inn korleis ho heldt ut å høyre på dette. Då svarte ho «Eg kunne ikkje vere til stades då det skjedde, det minste eg kan gjere er å høyre på kva som skjedde med henne». Det blei ei greie for meg; eg kunne ikkje vere der då det skjedde, men eg kan prøve å utgjere ein forskjell. Eg kan prøve å gjere verda betre for andre barn, vere systemkritisk og sjå kvar det sviktar, seier Bentzrud. 

Saman med Øyhovden har ho mellom anna fått Kulturdepartementets menneskerettspris for journalister og Dixi-prisen. I nærare sju år arbeidde dei omtrent utelukkande med å fortelje historiene til utsette barn.

Ein av hennar kjepphestar har i mange år vore korleis ein skal handtere vanskelege situasjonar for journalistar.

– Det leiinga i dei fleste redaksjonar gjorde før i tida om ein hadde vore gjennom krevjande oppdrag var å ta deg med ut for å drikke.

- Men det har blitt betre med åra. Det er utruleg viktig å snakke med kollegaer om det ein har sett og høyrt, fordi ein går ikkje heim og forteljer familien korleis dagen har vore, seier ho. 

 

Eitt bilde har brent seg fast

Som forelder sjølv har sakene gjort ekstra stort inntrykk på henne, utan at ho trur det nødvendigvis er negativt.

– Du må tåle ein støyt, men treng ikkje vere verdas tøffaste. Men ein må vere i stand til å leggje ting bak seg, eller brenne for det. For meg trur eg at arbeidet mitt utgjer ein forskjell, barns rettssikkerheit er noko av det viktigaste eg kan jobbe med. Då er det på ein måte verdt det.

– Før var det ein tendens til å seie at viss ein ikkje tålte såpass, så eigna ein seg ikkje som journalist. I dag veit vi at det er det største pisset som nokon gong er sagt. Viss du manglar empati og ikkje evnar å setje deg inn i situasjonen, så trur eg du er ein dårlegare journalist. Det er ikkje eit svakheitsteikn å føle med, det er ein styrke som journalist. Men det må ikkje ta overhand, seier Bentzrud. 

På jobb i retten har ho både sett og høyrt ting så grusomme at det er vanskeleg å tru det er sant. Særleg eitt bilde har brent seg fast på netthinna.

– Eitt bilde eg aldri gløymer er av ein to månader gammal baby som var blitt mishandla. Han hadde 17 ribbeinsbrot, eit armbrot og eit beinbrot. Blikket hans var som å sjå i augene på ein gammal mann.

– Men ein skal vere veldig obs på at mindre saker kan gjere like store inntrykk. Det kan vere noko så banalt som bleieposen som heng ut av bilen etter ei dødsulykke. Slike ting kan gjere like sterkt inntrykk på folk som å sitje i retten og sjå døde barn, det spørst kor mykje ein har opplevd før. Eg trur kollegaer skal vere bevisste på kven ein sender ut på oppdrag, og kva dei har sett. Sjølv om det er deadline må det på eit eller anna tidspunkt vere tid for refleksjon. Det trur eg kan hjelpe mange.

 

Mangelen på oppfølging er eit bransjeproblem

Kor belastande eit oppdrag opplevast for ein journalist blir mellom anna forma av kva som forårsaka den aktuelle hendinga.

Det som er lettast å leggje bak seg er naturkatastrofer, fordi det opplevast som skjebnebestemt.

Det skapar ikkje frykt på same måte som viss det er menneskeleg feil eller menneskeleg forsømmelse.

Det som opplevast som mest belastande er menneskeleg ondskap, ifølgje Trond Idås.

– Det er ganske god oppfølging når det skjer store hendingar, og 22. juli er kanskje det beste dømet. Likevel var det ein av fem av journalistane som arbeidde med saka som ikkje fekk noko som helst slags form for oppfølging etter hendinga.

Kevin Karlsen Nordnes var sikker på at han skulle døy då han dekka Paris-terroren i 2015. Han trur ikkje det er mogleg å førebue seg på kva ein kan oppleve når ein har utfordrande oppdrag.

– Men det er ikkje dei store sakene som er mi hovudbekymring når det kjem til oppfølging. Problemet er dei daglege «katastrofene» - som overgrep, trafikkulykker og brannar. Det forventast gjerne at journalisten skal rapportere frå hendinga, og så gjere ei ny sak rett etterpå.

– Ein får aldri tid til å bearbeide inntrykka, ein får ikkje sosial støtte eller annerkjennelse for sakene, og ofte så ligg det veldig nære ditt eige liv. Det er mange forsterkande faktorar på ein gong, og mangelen på oppfølging er eit bransjeproblem, seier han. 

Idås meiner normalen er å få ein form for reaksjon etter eit krevjande oppdrag. – Då eg arbeidde i Aftenposten på 90-talet og ein byrja å sjå skikkeleg på dette med oppfølging så var det ein del som såg på det som eit svakheitsteikn om du trengte psykolog. Det var som å seie at: «meg kan du ikkje sende ut på den typen oppdrag i framtida». Det har blitt større openheit rundt det, at det faktisk er heilt naturleg å reagere. Det er skumlare viss du ikkje reagerer.

 

– No døyr eg

Frå baren i Paris.

Kevin Karlsen Nordnes var P4s mann i Paris etter begge terrorangrepa i den franske hovudstaden i 2015.

Kort tid etter nyheita nådde Noreg, vart Nordnes spurt om han kunne setje seg på første fly til Frankrike. Mykje av det som skjedde dei skjebnesvangre dagane har blitt viska ut og fortrengt.

– Det gjorde veldig inntrykk at innbyggjarane i Paris opplevde dette to gonger på eitt år. Eg prata med franske barnefamiliar som sa dei ikkje visste om dei torte å bo der lenger.

Sjølv om han kun hugsar bruddstykker frå dagane, har nokre scener brent seg fast. På eitt tidspunkt var han sikker på at han skulle bli drepen.

– Kvelden etter angrepet mot Bataclan, hadde eg nettopp vore å prata med folk som bur i byen om kva tankar dei hadde om at dette skjedde for andre gong på eitt år. Då arbeidsdagen var ferdig sette eg meg på ein liten, typisk fransk bar som hadde fire bord ute i gata. Eg tenkte med meg sjølv «burde eg gjere dette?», sidan ein kvelden før hadde sett bilete frå slike gatekafear der vindua var knuste av skot.

- Plutseleg byrja mange å skrike, og sprang bortover fortauet der eg sat. Deretter forklarte nokon til meg på engelsk at eg måtte evakuerast fordi det var skyting lenger borte i gata. Då vi kom inn på den lille baren stod folk å skreik, og ei svensk jente i 20-åra ringte foreldra sine og sa ho skulle døy. Eg kjente knea mine svikta under meg.

– Plutseleg storma det inn tre menn i 30-40-års alderen, og dei stod berre der og stirra, dei sa ingenting. Eg kunne ikkje gøyme meg nokon plass, så eg tenkte at no skjer det, no døyr eg. Men så sprang mennene like fort ut igjen, og ein kunne høyre sirener. Det var fullstendig panikk, alle var heilt bleike i ansikta. Det var ei veldig nær døden oppleving.

- To-tre minutt etter dette var eg på lufta, for då hadde nyheita nådd Noreg om at fleire skot var høyrde i Paris.  Etterpå viste det seg at det var fyrerkeri som hadde gått av like ved. Men eg vil aldri få vite kven dei tre mennene var.

 

- Hadde vore enklare om vi var to

Dette var ei av mange opplevingar i Paris der Nordnes kjente ekstra på at han var der heilt åleine.

– Det hadde vore så mykje enklare dersom vi var to, det er utruleg utfordrande å berre vere ein på slike oppdrag. Ein har ingen å kaste ball med, diskutere eller støtte seg på viss det skjer noko.

Dagane er lange på slike oppdrag, og arbeidsdagen kan fort bli opp mot 18 timar lang.

– Det er slitsomt, for det er utvikling heile tida. Men samtidig er det bra, for du rekk ikkje reflektere så mykje over kva som eigentleg skjer og kva du er med på.

Begge gongane han kom tilbake frå Paris takka han nei til oppfølginga han blei tilbydt.

– Eg følte eigentleg ikkje at eg trengte det. I ettertid tenkjer eg at det kan vere lurt, sjølv om ein ikkje trur det der og då. Det er betre å takke ja og sjå at alt er som det skal, sier han. 

Han trur det er vanskeleg å førebue seg på kva ein kan oppleve når ein rykker ut på krevjande oppdrag.

– Eg trur aldri du kan bli førebudd på kva som møter deg. Det går liksom ikkje an å førebu seg heilt på det uansett kor mykje innsats som ligg bak. Nokre gonger kjennest det heilt naturleg at du er der, gjer jobben din og så drar, medan neste gong kan det gå inn på deg. Som regel er det meir krevjande enn ein trur det er. Ein får aldri tenkt så nøye gjennom kva som skjer når ein er der, det skjer først i ettertid. Difor kan oppfølging vere nyttig.

– Ein betryggelse når ein dekker store hendingar slik som Paris-terroren er at ein kan spørje andre journalistar om hjelp og råd. «Kva var det eigentleg som vart sagt no?». Dei er som regel kjempehyggjelege og vil ditt beste, og du blir jo ikkje sett på som konkurrent om du spør eit fransk medium, til dømes. Ein stolar veldig på andre journalistar når ein er på slike oppdrag, kanskje meir enn her heime.

 

– Det er kjernen i samfunnsoppdraget

– Undersøkinga etter 22. juli viste at ein tredjedel hadde følt dårleg samvit over at dei hadde gledd seg over å dekke denne saka.

Ifølgje Idås er moralsk dissonans eit uttrykk som skildrar det å oppleve profesjonell glede av å dekke andre si tragedie. Du har eit moralsk rammeverk som medmenneske, og eit anna som profesjonell yrkesutøvar.

Ulrikke Heldal kunne stå grinande på ein ulykkesstad, no satsar ho på ein ny yrkesveg til hausten. – Eg skal ikkje studere pedagogikk fordi eg ikkje taklar krevjande oppdrag, men det er ikkje noko eg ville arbeidd med kvar dag.

Det kan skape skuld og skamfølelse, noko som er stressande fordi det får deg til å stille spørsmål ved ditt eige sjølvbilde - og om du i handling er den du ønskjer å vere. Då er det viktig å skilje rollene som medmenneske og journalist.

– Det har med profesjonsrolla å gjere, at du har det klart for deg at jobben din er å dekke denne typen hendingar som rammar samfunnet, og at det gjerne er difor ein har valgt å bli journalist. Desse hendingane skjer heilt uavhengig av meg, mi rolle er å dekke det.

- Slik er det på same måte for journalisten, som det er for brannmenn, politi og andre som rykker ut. I motsetning til brannmennene som skal slukke brannen så er journalisten sin jobb å informere samfunnet om kva som har skjedd, slik at ein kan forebygge at noko liknande skjer i framtida. Det er kjernen i samfunnsoppdraget, seier Idås. 

Krevjande oppdrag er ifølgje Idås verst for unge og uerfarne journalistar.

– Ofte er det dei yngste, nyaste eller dei som arbeider frilans som tek «blålys-vakter». Det gjer at dei i utgangspunktet er dårlegare førebudd på å tåle opplevingane som følgjer med dei typane oppdrag enn anna personell som kan vere på ein ulykkesstad. Det gjer noko med deg, og sannsynlegvis til ein betre journalist så lenge du får bearbeida dette på ein god måte.

 

– Først og fremst medmenneske, dernest journalist

Ein varm sommardag i 2014 reiser Ulrikke Heldal (då 20 år gammal) saman med ein kollega til badestranda i Kvalsvik i Haugesund. Dei arbeider i lokal-TV, og skal denne dagen lage det som ofte fyller spaltene i sommarmånadane: Agurknytt.

Selfiestanga har meldt sin ankomst i kongeriket og står på blokka som dagens tema. På stranda i Kvalsvik intervjuar dei og tek selfies med dei mange badegjestane på stranda, før dei pakkar sakene og reiser tilbake til kontoret for å redigere.

I det dei kjem inn dørene på kontoret får Ulrikke beskjed om å dra ut igjen, det har kome meldingar om ei potensiell drukningsulykke.

– Eg måtte reise rett tilbake til stranda eg nettopp hadde vore på. Eg rakk ikkje tenkje noko over situasjonen, alt skjedde så fort.

Då ho kjem fram blir ho møtt av kaos, sjukebilar og ambulansehelikopter. I det ho går ut av bilen rekk ho akkurat å sjå eit barn bli frakta på ei båre til ein ambulanse.

Ei av jentene ho nettopp har intervjua.

– Då det går opp for meg at dette er ei av dei skjønne jentene eg nettopp intervjua til ei gladsak, så kjem plutseleg familien som jenta hadde vore saman med bort til meg og er heilt frå seg.

- Eg hadde jo prata med dei også, og dei kom for å søkje trøst. Eg ville vere medmenneske, men var samtidig på jobb. Det var utruleg vanskeleg.

Når ho har fått intervjua ho treng må ho forte seg tilbake til kontoret, der det også var kaos.

Nasjonale medier er interesserte i bilda, og ho må arbeide raskt. Adrenalinet pumpar.

– Då eg hadde levert det frå meg, kom ein kollega bort og spurte om det gjekk bra. Då kom reaksjonen, og eg knakk heilt saman. Eg brukte ei stund på å kome meg til hektene igjen, men samtidig hadde eg ikkje tid til det fordi eg måtte førebue meg til ein fotballkamp eg skulle kommentere seinare same dag, seier ho. 

Dette gjorde at ho ikkje fekk tid til å fordøye det som hadde skjedd før ein ferie nokre dagar seinare.

Då kom òg meldingane om at den åtte år gamle jenta døydde etter tre dagar på sjukehus, av det som skulle vise seg å vere ein hjartefeil.

 

Frå gladsak til tragisk utfall

På ein knapp halvtime rakk Ulrikke å intervjue ei glad og tilsynelatande frisk ung jente, til å kort tid etterpå måtte dekke det som seinare skulle få eit tragisk utfall.

Ho forklarar det som surrealistisk, og at ho på ingen måte var førebudd på situasjonen.

At ho kort tid etter å ha dekt ulykka måtte kommentere ein fotballkamp gjorde situasjonen endå meir absurd.

– Eg følte ikkje at eg var i den posisjonen at eg kunne ta det opp, det var liksom aldri aktuelt å i det heile tatt vurdere å droppe fotballkommenteringa. Det føltes som om det berre var noko eg måtte takle.

- Seinare har eg opplevd andre krevjande oppdrag med veldig god oppfølging, der sjefen ba meg ringe om det var noko, sa jobben dekka psykologutgifter og fulgte meg opp undervegs i oppdraga. Han fortener ein stor hyllest. Det har veldig mykje å seie kva leiar du har når du kjem utfor slike situasjonar, seier ho. 

Ho meiner det er viktig med fokus på krisehandtering både i utdanning og hos den enkelte arbeidsplass.

– Særleg i desse tider når målet alltid er å vere først ut med ei nyheit, dekke alt og at ein i tillegg gjerne skal vere live. Ein må vere meir mentalt førebudd. Ein er først og fremst medmenneske, dernest journalist.

 

Powered by Labrador CMS