Skjermdump av ComeOn!-reklame på Eurosport Norge. Til høgre er ambassadør John Carew.

Legg seg flate etter svikt:

Her bryt Eurosport betting­forbodet i Eliteserien-avtalen

– Menneskeleg glipp, seier Discovery dagen etter.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I 2015 vart den femårige avtalen mellom Football Media og Discovery Networks og VG annonsert med brask og bram.

Leif Øverland, administrerande direktør i Norsk Toppfotball (NTF), som saman med Norges Fotballforbund (NFF) eig Football Media, lova fotballsendingar utan reklame for utanlandske betting-selskap før, under, og etter kamp.

ComeOn-reklame

Espen Skoland, kommunikasjonsdirektør i Discovery Networks.

Tysdag viste likevel Discovery ein reklame for bettingselskapet ComeOn i pausen på kampen mellom Odds Ballklubb og Viking.

– Dette er ein menneskeleg glipp på plassering, og det har heldigvis ikkje skjedd ofte, så her må me berre beklage overfor fotballen. Me har ein avtale om å ikkje ha den type reklame rundt dei sendingane, og det er sjølvsagt svært beklageleg at det skjer, seier kommunikasjonsdirektør i Discovery Networks, Espen Skoland, til Medier24.

Han legg til:

– Me jobbar no for at dette ikkje skal skje igjen.

TV-avtalen var den største tv-avtalen i norsk idrettshistorie då den vart skriven under på, og ifølgje VG måtte det pungast ut med hele 2,4 milliardar kroner for å rappe dei gjeve tv-rettane frå TV 2, som hadde sendt Eliteserien sidan 1994.

Dagleg leiar i Fotball Media, Knut Kristvang, på Ullevaal stadion før eliteseriekampen i fotball mellom Vålerenga – Viking i 2017.

 

– Ikkje eit problem

Knut Kristvang er dagleg leiar i fellesføretaket Football Media, og leia salet av tv-avtalen til Discovery tilbake i 2015. Han fortel til Medier24 at han vart kjent med glippen etter kamp tysdag.

– Me har fått svar av Discovery om at det er ein menneskeleg glipp i rutinane på korleis dei set opp reklamane i bolkane sine. Eg er ikkje kjent med at dette har skjedd før, seier han.

– Kor alvorleg ser de på at Discovery bryt kontraktsvilkåra?

Dåverande sjefredaktør i VG, Torry Pedersen (f.v), dåverande sjef for TVNorge og Discovery Networks Norway, Harald Strømme, dåverande fotballpresident Yngve Hallén, administrerende direktør i Norsk Toppfotball, Leif Øverland og dåverande generalsekretær i NFF, Kjetil Siem under ein pressekonferanse i UBC-salen på Ullevaal stadion.

– Eit brot er for meg at dei bevisst går inn for å bryte avtalen. Discovery sender nesten 500 kampar i året, så me opplever ikkje dette som eit problem. Her har det skjedd ein menneskeleg glipp, som dei set inn tiltak for å unngå vidare, seier Kristvang.

Leif Øverlant i NTF er òg kjent med glippen tysdag, men viser til Kristvang for kommentarar.

– Det er Fotball Media som forvaltar avtalen, seier han.

 

– Lojale til avtalen

Kommunikasjonssjef i Norges Fotballforbund (NFF), Ynge Haavik (i midten). Til venstre er president Terje Svendsen, og til høgre er generalsekretær Pål Bjerketvedt og ein tilsett ved Mett Ullevål.

Kommunikasjonssjef i Norsk Fotballforbund (NFF), Yngve Haavik, seier til Medier24 at dei opplever Discovery som lojale til avtalen.

– Me har fått forsikringar frå Discovery om at dette er ein glipp, og det må me akseptere. Me opplever at Discovery er lojale til avtalen, og ein glipp forandrar ikkje på det, seier han.

Skoland i Discovery fortel at dei har gode rutinar på oppsetjing av reklamar.

– Eg kan berre hugse at dette har skjedd éin gong før. Eg var i kontakt med avdelinga i dag, og dei stadfestar det.

– Det skal ikkje skje, seier han vidare.

Powered by Labrador CMS