Christian Tybring-Gjedde (FrP) går hardt ut mot Dagens Nærsingsliv sine politiske journalistar.

Christian Tybring-Gjedde varslar boikott av DN sine politiske journalistar

Frp-politikaren langa ut mot tre namngitte journalistar i Dagens Næringsliv. – Veldig spesielt å bruka Stortinget sin talarstol til å framføra denne typen påstandar, svarar DN.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • Oppdatert 14.43: Med kommentarar frå generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening.

Det var under ein EØS-debatt på Stortinget tysdag at Christian Tybring-Gjedde (Frp) i Utenriks- og forsvarskomiteen kom med ramsalt kritikk av Dagens Næringsliv og deira politiske journalistar Gard Oterholm, Marie Melgård og Tore Gjerstad.

Den 13. februar skreiv avisa at Frp ikkje var med på fleirtalet i utanrikskomiteen si støtte til EØS, USA og Nato før partileiar Siv Jensen greip inn. I artikkelen refererte avisa til anonyme kjelder.

Knappe to veker seinare tek utanrikspolitisk talsmann Tybring-Gjedde i Frp til motmæle på talarstolen i Stortinget.

– Eg kan ikkje la vera å nemna litt av saksarbeidet denne saka har medført, innleia Frp-politikaren om DN-oppslaget.

– Kuttar ut desse journalistane

Han la til:

Faksimile av Dagens Næringslivs oppslag på papir 14. februar. Saka kom på nett 13. februar.

– I den saka kom Dagens Næringsliv med påstandar, kokte suppe på spiker, og kom med påstandar om at Frp ikkje er glad i Nato eller ynskjer EØS-avtala. No kom den på bakgrunn av lekkasjar innanfor vår komite – for det første finn eg det heilt uakseptabelt – men mitt poeng er å snakka til DN sine journalistar Marie Melgård, Tore Gjerstad og Gard Oterholm:

– Basert på løgnar, flisespikkeri, usann kunnskap og opplysingar bad dei om eit møte med meg. Eg hadde eit 40 minuttars intervju om denne meldinga, og til trass for at eg gjekk gjennom Frp’s synspunkt hadde dei berre eitt mål, utan å seia det, nemleg å skapa den sida med løgn i Dagens Næringsliv.

– Eg hadde bestemt meg for å gå til PFU med denne saka, men eg gidd ikkje bruka tid på det. Difor har eg bestemt meg for å kutte ut desse journalistane og ikkje ha nokon samtalar med dei.

Tybring-Gjedde har også i ei årrekkje boikotta VG. I juni 2018 oppfordra han også til boikott av Aftenposten.

Oterholm, Melgård og Gjerstad utgjer DN si politiske avdeling.

– Veldig spesielt

Nyheitsredaktør Janne Johannessen i Dagens Næringsliv svarar på kritikken skriftleg, og skriv følgjande i ein e-post til Medier24:

Janne Johannessen, nyheitsredaktør i Dagens Næringsliv.

«Vår sak var basert på flere kilder, noe som også fremgår av saken. Vi har ikke registrert at noe av det som står i saken er tilbakevist, selv om Tybring-Gjedde sier noe annet fra Stortingets talerstol.»

Vidare skriv ho:

«Christian Tybring-Gjedde fikk dessuten gjentatte muligheter til å kommentere saken, men valgte å avstå. Vi synes det er veldig spesielt å bruke Stortingets talerstol til å fremføre denne typen påstander og å varsle boikott av noen av landets fremste politiske journalister.»

Generalsekretær Arne Jensen støttar Johannessen i Dagens Næringsliv i at det er spesielt å bruka Stortinget sin talarstol til mediekritikk.

Generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening.

– Det vitnar om svak rolleforståing. Det kjem heller ikkje fram kva Tybring-Gjedde meiner er gale med DN-artikkelen. Det gir kritikken lite tyngde, seier han til Medier24.

– Dersom Tybring-Gjedde meiner at noko er feil, bør han ta til motmæle i DN sine spalter, men då litt meir presist enn på Stortinget. Dersom han meiner DN har brote god presseskikk, så bør han klaga dei inn for PFU, legg Jensen til.

Vil ikkje la seg intervjua

Tybring-Gjedde nekter å utdjupa kritikken overfor Medier24.

«Jeg ønsker å diskutere utenrikspolitikk. Ikke tull og tøys. Du får eventuelt ta kontakt med med DN», skriv han i ein sms.

På vidare spørsmål om kva han meiner var usant i artiklane og kva har journalistane gjort gale for at han skal boikotta dei, svarar han repeterande:

«Snakk med DN.»

Powered by Labrador CMS