Klassekampen mot 200 mill. i inn­tekter. Likevel er dei nervøse for framtida

Avisa har sett nye prosjekt på vent som følgje av usikker pressestøtteordning. – Ikkje eit offensivt svar på medieutviklinga, seier Klassekampen-sjef Christian Samuelsen.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Ferske rekneskapstal for 2018 viser at Klassekampen held fram inntektsveksten og kryp stadig nærmare milepælen 200 millionar kroner i omsetnad. Veksten bidreg til ein kraftig auke i driftsresultatet, medan resultat før skatt er ned med knapt to millionar kroner.

– Eg er veldig nøgd med resultatet. Me sit ikkje igjen med like mykje som i 2017, men me har eit bra årsresultat på 4,2 millionar kroner, seier administrerande direktør Christian W. Samuelsen i Klassekampen til Medier24.

– Me byrjar å selje litt meir digitalt enn tidlegare, og så er me meir til stades ute i gata på stand, legg han til.

– Det er godt gamaldags gatesal som driv veksten?

– Ja, det er faktisk det. Det er vel berre me som driv med det no. Det er lukrativt.

Klassekampen 2018 2017 Endring
Omsetning 180,3 mill. 159,5 mill. 13.0 %
Driftsresultat 6,2 mill. 4,5 mill. 38.1 %
Resultat før skatt 5,3 mill. 7 mill. -25.3%
       
Driftsmargin 3.4 % 2.8 % 22.2 %

– Bikkar de 200 millionar kroner i år?

– Eg har jo sett på talet, seier Samuelsen med latter, og legg til:

– Budsjettet for 2019 er akkurat under, så me torde ikkje budsjettere med det. Men me håpar på det. Det er ein morosam milepæl.

Med auka omsetnad og opplag går også kostnadane opp. I 2018 var dei drygt 100 tilsette fordelt på 85 årsverk, opp frå 80 i 2017.

Usikker pressestøtteordning

Sjølv om det er positiv utvikling og jubel for gode resultat er det likevel ei viss uro å spore i avisa sine lokale på Grønland i Oslo. I mediemeldinga som kom i vår varslar nemleg Trine Skei Grande ei omfordeling av pressestøtta, som vil kome lokalavisene til gode. I tillegg har både Morgenbladet og Dagbladet Pluss søkt om støtte.

– Morgenbladet er ein ting, men Dagbladet sin søknad har eg lese, og den tykkjer eg ser veldig tynn ut. Det vil overraske meg om dei kjem inn i ordninga. Men det kjem heilt openbert eit kutt i pressestøtta. Det vil me merke, og me vil få lågare inntekter framover.

– Me har allereie byrja å dra inn livreima når me tenkjer utgifter, så får me sjå kva det endar opp med.

Sjefredaktør Mari Skurdal i Klassekampen.

– Er de nervøse?

– Ja, me er litt nervøse.

Også i etasjen under, kor redaktør Mari Skurdal sit, er det ei viss bekymring.

– Me er litt uroa. Me planlegg med vekst framover, men avventar nokre satsingar, så ser me heller litt an om inntektene backar det opp, seier ho.

Søylediagrammet under viser inntektsveksten til Klassekampen sidan 2012. Avisa har opplevd kraftig opplagsvekst, medan pressestøtta og annonseomestnaden har vore på eit relativt jamt nivå til samanlikning.

I 2018 sto opplagsinntektene for 67 prosent, pressestøtta for 24 prosent og annonsesal for 7 prosent av omsetnaden.

Klassekampen opplevde, i motsetnad til andre, vekst i annonseomsetnaden i fjor.

Administrerande direktør Christian Samuelsen i Klassekampen.

– 12,5 millionar kroner i annonsar. Har de meir å hente der?

– Jo, det er jo håpet. Aviser av Klassekampen sin type har jo ikkje levd av annonsar, og eg meiner det er ein bragd at me aukar år for år. Eg trur likevel det er meir å hente der, men det er ikkje der redninga ligg, seier han.

 

– Kanskje noko å hente på pris

Rekneskapen viser at opplagsinntektene auka med 15,5 prosent frå 104,2 millionar kroner i 2017 til 120,4 millionar kroner i 2018. Annonseomsetnaden er stabil på dryge 12 millionar kroner. Til slutt i årsmeldinga for 2018 skriv avisa at «det er avgjørende for avisas videre drift at nivået på produksjonsstøtten opprettholdes.»

– Har ein kvilt for mykje når ein er så sårbar for ei uføreseieleg finansieringsordning som pressestøtta er?

– Det kan ein seie, men når ein skal ha ei pressestøtteordning må ein ta den på alvor. Den følgjer opplagsutviklinga, så om me skulle teke høgde for at pressestøtta skulle forsvinne eller bli mindre, måtte me gått med enormt store overskot. Det ville òg på sitt vis rokke ved legitimiteten ved ordninga om me skulle gått med 20-30 millionar kroner i overskot årleg, seier Samuelsen, og legg til:

– Når alt Kulturdepartementet gjer er å flytte på pengar, og redusere mykje av inntektene til nokre type aviser, så er ikkje det eit offensivt svar på medieutviklinga.

– Kan de ende opp med å skru opp abonnementsprisane?

– Me kan ikkje skvise den sitronen altfor hardt. Kanskje er det noko å hente der, men me prisset avisa ganske høgt fordi me meiner det er eit produkt av veldig god kvalitet, seier han.

Administrerande direktør Christian Samuelsen i Klassekampen.

– Ville de gjort nytilsetjingane som de gjorde i fjor dersom de hadde lese mediemeldinga for eit år sidan?

– Det er eg usikker på. Me har berre tilsett flinke folk, så eg kan jo ikkje seie det er nokre me ville vore forutan. Like før mediemeldinga kom arbeidde me fram ein strategiplan for nokre år framover i tid, men har allereie no sett at det er større prosjekt og tilsetjingar me må vurdere å leggje på is.

 

Børstap

Administrerande direktør Christian Samuelsen og sjefredaktør Mari Skurdal i Klassekampen.

Rekneskapen viser at Klassekampen tapte 2,6 millionar kroner på sine børsinvesteringar i 2018, medan renteinntekter og sal av verdipapir reduserte tapet til ein knapp million kroner.

– Me tapte litt pengar i 2018, men gjekk litt opp i 2017. Reelt sett kan det sjå verre ut enn det er, men me gjekk ned 900.000 kroner i fjor, seier Samuelsen.

– Er det litt ironisk at Klassekampen, med ein sosialistisk formålsparagraf, investerte i kapitalens høgborg?

– Nei, det er ikkje det. Om du skal drive fornuftig, må du har ein viss eigenkapital. Det kan me ikkje ha i setlar i ein safe. På det tidspunktet (i 2016, journ. anm.) var bankrenta så låg at me tapte pengar på sitje på pengane. Då sette me dei i fond, seier han.

Største aksjonærar i Klassekampen er partiet Rødt (19,6 prosent), Foreningen Klassekampens Venner (16,9 prosent) og ei rekkje ulike fagforbund.

Administrerande direktør Samuelsen tok ut 660.262 kroner i løn i 2018.

Powered by Labrador CMS