TV3-programmet med DNB-økonom Silje Sandmæl som programleiar, «I lomma på Silje», hadde nyleg sesongpremiere på Viafree og TV3, med John Arne Riise som første gjest.
Over 200.000 sjåarar fekk med seg premieren på programmet som tek føre seg kjente personar sin personlege økonomi. Riise sitt massive forbruk har fått brei omtale i norske medium – både VG, Dagbladet og Nettavisen har skrive om episoden.
Førre veke tok Medier24 kontakt med DNB og TV3-eigar NENT Group om samarbeidet dei har om programmet.
Då skreiv pressesjef Fredrik Olimb i Viaplay at DNB har ein avtale med NENT Group om produktplassering, og at banken kan koma med forslag til ulik tematikk gjennom sesongen, men at alt frå gjester til tema går gjennom ei redaksjonell vurdering før det kjem på skjermen.
«I tillegg til avtalen om produkplassering deler DNB og NENT Group kostnadene for produksjonen», skreiv han. Det blir det ikkje opplyst om verken på Viafree sine nettsider eller i programmet.
Ifølgje Viafree sine sider blir programmet laga «i samarbeid med DNB». Programmet er også merkja med ein P for «Produktplassering» ved inn- og utgang.
– Luktar ikkje godt
Medier24 snakka med ei rekkje ekspertar som meiner det kan vera problematisk både presseetisk og juridisk å la ein sponsor koma med forslag til innhald i eit redaksjonelt program. Ingen av dei aktuelle ekspertane har sett programmet.
– Eg kjenner ikkje til detaljane i avtalen som er gjort i dette tilfellet, men generelt er eg skeptisk til ein avtale der sponsorar skal komma med innspel til tema som skal løftast opp i redaksjonelle program, seier generalsekretær Elin Floberghagen i Norsk Presseforbund til Medier24.
– Dette luktar ikkje godt. Det høyrast litt rotete ut. Produktplassering er heilt klart ikkje ulovleg, men media er pålagt openheit slik at sjåarane alltid veit korleis ting er blitt til, seier tv-ekspert og pr-rådgjevar Lasse Gimnes til Medier24.
Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet, skriv følgjande i ein generell kommentar til Medier24:
«Generelt kan vi opplyse om at produktplassering i norske tv-kanaler ikke må påvirke programmets innhold og når programmet sendes på en slik måte at det går ut over den redaksjonelle integriteten.»
Advokat Monica Syrdal i Hjort seier det ikkje er noko i vegen, juridisk, for at produksjonen kan henta inn idear og forslag frå ulikt hald før dei bestemmer programmet si utforming. Ho presiserte at det er kringkastar som må treffa dei redaksjonelle avgjerslene.
– Rubicon bestemmer innhaldet
Programmet blir også hyppig omtalt og promotert i DNB si nettavis «DNB Nyheter». Sandmæl, som står oppført på DNB sine pressesider, er blant dei mest brukte ekspertane på privatøkonomi i landet. Namnet hennar gir over 800 Retriever-treff i 2019.
Då Medier24 tok kontakt med NENT Group for ytterlegare avklaringar om produksjonen, svarte Christian Meinseth, Head of Non-Scripted Content i NENT Group Norge, via pressesjef Olimb, at Rubicon bestemmer utan innverknad frå kommersielle samarbeidspartnarar.
«"I lomma på Silje" er et underholdningsprogram hvor Silje Sandmæl hjelper kjendiser til å få bedre privatøkonomi. Rubicon har full redaksjonell frihet og bestemmer innholdet uten påvirkning fra kommersielle samarbeidspartnere. I likhet med alle våre underholdningsprogrammer er produktplassering tydelig merket i henhold til norske regler. NENT Group har inngått en avtale med DNB om produktplassering, og har naturligvis dialog med dem om dette.»
– Standard produktplasseringsavtale
Medier24 stilte då spørsmål om korleis programmet kjem til, kor involverte DNB er, kor mykje av kostnadane dei dekkjer, og korleis de har vurdert produksjonen opp mot Ver Varsam-plakaten og Kringkastingslova, og om Sandmæl er løna av NENT eller DNB for programmet.
Medier24 spurte fleire gongar om å få eit intervju med Meinseth på telefon, for å få ytterlegare svar og gi NENT moglegheita til å svara på kritikken.
Tysdag ettermiddag kom svaret – skriftleg – kor dei skriv at DNB ikkje kan påverka innhaldet i programmet, som dei skreiv i første e-post.
«Det er Rubicon som har det fulle redaksjonelle ansvaret for denne produksjonen. DNB kan ikke påvirke innholdet i programmet annet enn å bistå med økonomisk ekspertise. Avtalen vi har med DNB som annonsør er en standard produktplasseringsavtale. Vi er helt avhengige av annonsørsamarbeid for å finansiere produksjoner, men det betyr ikke at annonsører får redaksjonell påvirkningskraft», var svaret frå Meinseth, via pressesjef Olimb.
Produksjonsselskapet Rubicon viser til NENT for kommentarar.
Det har ikkje lukkast Medier24 å få ein kommentar frå programleiar og DNB-økonom Silje Sandmæl. Ho viser til kommunikasjonsavdelinga i DNB.
Kommenterer ikkje spørsmål om løn
Kommunikasjonsdirektør Even Westerveld i DNB svarar følgjande i ein e-post til Medier24:
«Vi har inngått en avtale med TV3 om produksjonen av «I lomma på Silje», med betalt og merket produktplassering. Avtalesummen er i likhet med andre medieavtaler en forhandling mellom salgsavdelingen til TV3 og markedsavdelingen i DNB, mens det redaksjonelle innholdet er besluttet av TV3s redaktør. Som Norges største bank både ønsker vi, og har et ansvar for, å få flere interessert i sunn pengebruk og sparing, og bruker ulike kanaler for å nå frem til flere enn kun dem som aktivt oppsøker dette. «I lomma på Silje» er økonomisk rådgivning gjort både underholdende og lett tilgjengelig for et bredere publikum.»
Då Medier24 ville stille ytterlegare oppfølgingsspørsmål, bad han om å få det skriftleg. På spørsmål om kor stor innverknad DNB har på innhaldet – om dei kan komma med forslag til tematikk – og om Sandmæl er løna av DNB eller NENT for produksjonen, svarar Westerveld slik:
«Som jeg har svart tidligere er det TV3 som beslutter redaksjonelt innhold. Dersom ekspertene som uttaler seg i saken hadde sett serien, ville de sett at den er tydelig merket med produktplassering på vanlig måte. Spørsmål om lønn til ansatte pleier vi ikke å kommentere i media.»
Heller ikkje NENT har svart på spørsmål om dei betalar Sandmæl for programmet.
– Uklare grenser
TV3 er medlem av Norsk Presseforbund, og er dermed forplikta til Ver Varsam-plakaten. I den heiter det at «kommersielle interesser skal ikkje ha innverknad på journalistisk verksemd, innhald eller presentasjon.»
Kanalen er også forplikta til å følgja den britiske kringkastingslova, kor EU sitt tv-direktiv ligg til grunn. Den seier følgjande om produktplassering:
«Programmets innhold og fastsetting av sendetid skal ikke under noen omstendigheter påvirkes på en slik måte at det innvirker på ansvaret og den redaksjonelle uavhengigheten til tilbyderen av medietjenesten.»
Gjennom heile første episode av årets sesong, med tidlegare fotballspelar John Arne Riise som gjest, får banken ei rekkje eksponeringar av logo, bygning, reklameskilt og mobilapp. I Kringkastingslova heiter det at «produktplassering skal ikke gi vedkommende vare eller tjeneste en unødig fremtredende rolle».
– Om produktet eller logoen har fått ei unaturleg prominent plassering eller blir vist unødvendig mange gongar, kan det også vera problematisk. Kvar grensa går er ei skjønnsvurdering og det kan vera uklart kvar grensa nøyaktig går, seier advokat Monica Syrdal i Hjort.