Direktør for innovasjon Pål Nisja-Wilhelmsen i Nettavisen.

Nettavisen-direktør: – VG har kanskje gløymd nokre viktige sjekkpunkt

VG har annan praksis enn Nettavisen når det gjeld merking av saker med kjøpslenker.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Onsdag skreiv Medier24 at professor Svein Brurås ved Høgskulen i Volda er kritisk til VG sine «affiliate»-annonsar, med kjøpslenker til utvalde bøker, i redaksjonelle saker om dei same bøkene.

Sjølv forsvarte VG praksisen, og kalla det uproblematisk og god forbrukarinformasjon.

Ulik praksis i Nettavisen

I Nettavisen, derimot, har dei vald å merka alle artiklar med kjøpslenker som «reklame» inne i sakene og som «reisetips» eller «shoppingtips» på front.

– Me kunne hatt liknande bok-saker som VG, men då hadde me merka den som kommersiell, seier direktør Pål Nisja-Wilhelmsen for innovasjon og forretningsutvikling i Nettavisen til Medier24.

Han har skrive boka «Praktisk innholdsmarkedsføring».

Direktør for innovasjon Pål Nisja-Wilhelmsen og redaktør Anders Høglund i Nettavisen Lyd.

– Det som er styrande er alltid kvifor ei sak vert skriven. Me valde for nokre år sidan å flytta område, kor dette kunne vera litt rotete, ut som reine kommersielle område, slik som mote og reise. Desse sakene markerer me på front på annan måte enn redaksjonelle saker, og med «reklame» inne i sakene våre. Først og fremst gjeld dette i dag mote og reise, kor VG har annan praksis utan merking på front til dømes på mote, seier han.

Dette sa også sjefredaktør Gunnar Stavrum i Nettavisen i podkasten «Tut & Mediekjør» nyleg. Dei gjorde ei tidleg vurdering at ein del redaksjonelt innhald ut gav seg ut for å vera journalistikk, men var eigentleg reklame, sa han.

– Mange brukar VG som fasit

Sidan i fjor haust har VG hatt kjøpslenker til bøker dei har omtalt journalistisk.

I april kom både Jo Nesbø og Anniken «Annijor» Jørgensen med sine boktips på redaksjonell plass i VG, og under fleire av bøkene kunne ein trykkja seg vidare for å kjøpa bøkene hos dei ulike bokhandlarane. Sakene er ikkje merka som kommersielle, og utover sjølve reklamen går det ikkje fram av artikkelen at saka inneheld kjøpslenker. I Ver Varsam-plakaten heiter det at ein skal oppretthalda «eit klart skilje mellom marknadsaktivitetar og redaksjonelt arbeid».

– Schibsted og VG er den klart største aktøren i Norge. Det er mange som brukar kva dei gjer litt lengre opp i Akersgata som fasit for kva som er riktig. Sjølv om VG var ein av de største motstandarane av dette då me lanserte det så har dei sprunge veldig fort, og kanskje gløymd nokre viktige sjekkpunkt på vegen., seier han, og legg til:

Skjermdump av VG-artikkel om boktips.

– Det er lov å vera ivrig, og me har òg hatt våre ubåtferder utan å sjå grensene under vann. Nye område som ikkje har fastsette mønster treng slik utvikling, men no byrjar det å bli åtte år med denne typen saker, så det er mogleg å seia at forståinga hos målgruppe og avsendar er god nok til å kunne navigera godt nok.

VG har tidlegare fått krass kritikk for liknande praksis på MinMote. Nettstaden vart også felt i PFU for kjøpslenkene, og utvalet peikte på at samarbeidet med ein kommersiell klesbutikk kunne så tvil om avisa sin integritet.

Dåverande VG-redaktør Torry Pedersen forsvarte praksisen med at det var lesarservice, og ikkje reklame, og at omtalen var journalistisk. MinMote har sidan byrja å merka saker som inneheld kjøpslenker og annonsar.

– VG har desidert ryddigast praksis

Kommersiell direktør i VG, Christian Haneborg, seier til Medier24 at kommersiell avdeling lastar opp lenkjer frå eit affiliate-nettverk, med fleire leverandørar, og at dette kjem på etter at saker er publisert.

– Me har ingen kontakt med redaksjonen om kva som skal skrivast. Dette er 100 % åtskilt frå oss på kommersiell side. Affiliate-lenker blir lagt på anten automatisk ved enkelte seksjonar, nokre gongar etter sakene er publisert, og i enkelte tilfelle kort tid før saka vert publisert, slik at dei som legg på lenkene ikkje skal måtte jobba 24/7.

Kommersiell direktør Christian Haneborg og utviklingsredaktør Øyvind Brenne i VG.

Avisa får betaling frå nettverket per sal, uavhengig av kva aktørar som er inne i affiliate-marknaden.

– Er dykkar saker med kjøpslenker ulikt det Nettavisen gjer?

– Det er ikkje min jobb å omtala det Nettavisen gjer, men VG har den desidert ryddigaste praksisen. Me merkar alt med kommersielt, og så får andre snakka for korleis dei gjer det.

Merker med «tips»

I Nettavisen har dei ein kommersiell innhaldssjef og seks skribentar som skriv kommersielle saker for avisa.

– Me veit at kjøpslenkjer for dei fleste lesarane vert oppfatta som positivt gjennom undersøkingar me har gjort, men me skil klart med sakene på dette området. Dersom ein beveger seg litt til og frå blir det vanskeleg for lesarane. Då eg valde ut mine 78 bokfavorittar i fjor, merka me heile saka som reklame fordi den hadde kjøpslenkjer, seier Nisja-Wilhelmsen.

– De merkar sakene berre med «Reisetips» eller «Shoppingtips» på front. Er det god nok merking?

Skjermdump av Nettavisen-artikkel om reisetips på front.

– Det er den merkinga me har gjennomgåande på alle kommersielle saker.

– Men tips er ikkje det same som reklame?

– Me meiner det er innarbeidd hos lesarane. Me har hatt det same i åtte år no. Men den største skilnaden er kanskje kven som skriv sakene.

– Det er ingenting som skil frontinga av redaksjonelle saker og kommersielle saker?

– Sett bort frå at det er ei anna merking, med «tips». Me har eksperimentert med ulike merkingar, og testar fortløpande. Merkinga me har no har lesaren sagt er den mest gjennomsiktig, og det dei forstår. 

Powered by Labrador CMS