Måndag for drygt to veker sidan hadde Charlotte Ervik sin første dag som distriktsredaktør i NRK Møre og Romsdal. Ho tek over etter Hallstein Vemøy som gjekk til ny jobb i NRK i Trondheim.
Ervik kom frå stillinga som nyheitsleiar i same redaksjon, og ser fram til å ta fatt på nye oppgåver sin øvste leiar på Ålesund-kontoret til NRK.
– Kva er dei største utfordringane til distriktskontora til NRK?
– Det er eit stort spørsmål, men me må treffe publikum og kjenne dei som er yngre. Samstundes skal me gi eit godt tilbod til dei som høyrer på oss frå før. Det er ei utfordring som me jobbar med heile tida, seier Ervik.
Og legg til:
– Me skal spegle heile samfunnet.
Skil seg frå lokalmediene
I Møre og Romsdal står næringslivet sterkt, og samfunnsengasjementet er stort. og lokalavisene litt tett som hagl i det relativt vesle fylket på nordvestlandet.
– Me har eit publikum som er opptekne av oss og som stiller krav til oss. Det er veldig bra. Det skjerpar oss og gjer oss betre. Me får tilbakemeldingar på det dei er nøgd med, men òg gjerne det dei ikkje er nøgd med, seier Ervik.
– Kor førebudd er du på å ta støytane?
– Eg er ikkje heilt uvant til det frå før. Me set pris på at folk meiner noko om oss, så det skal me klare å møte, svarar ho.
– Kva posisjon får NRK M&R lokalt i mylderet av lokalmedia?
– Me har sterke lokal- og regionaviser i regionen. NRK er ikkje like lokale som dei er, men me har moglegheita til å sjå litt større på saker, og løfte saker nasjonalt. Det gjer oss litt annleis, seier Ervik.
Saka held fram under biletet.
– Positivt at folk kan delta i debatten
Sjølv har ho vore tilknytt NRK sidan ho kom inn som nynorskpraktikant i 1997. Sidan har ho vore engasjert som både frilansar, og som fast tilsett, medan ho studerte og seinare arbeidde i Bergen.
– Det har skjedd mykje på dei åra, og me har kanskje vent oss til å snu oss kjappare etter kvart. Det er likt med samfunnsutviklinga elles. I 1997 var ikkje internett og sosiale medier fremst i pannebrasken, så der har det skjedd store endringar, som ikkje berre gjeld NRK, seier ho.
– Kva gjorde ein gjort annleis på vegen for å unngå at dei unge falt av lasset?
– Me kunne sikkert gjort mykje annleis, men eg trur i alle fall det er viktig at me kjenner behova til publikum for å treffe dei der dei er, seier Ervik.
– Kva tenkjer du om sosiale medier sitt innsteg i folk sin kvardag?
– Det var eit stort spørsmål. For oss er det viktig å bruke dei kanalane på vår måte.
– Kva tenkjer du om Facebook? Nokon meiner dei er ein trussel?
– Det er eit tviegga sverd. Me brukar det for å få stoffet ut til publikum, og så er det positivt at folk kan delta i debatten. Me brukar tid på å redigere kommentarfelt, fordi det er mange og sterke meiningar der. Det skal me tole, men det er ikkje alltid det vert like sakleg over alt. Det er plussar og minus med dette.
– Men er Facebook ein trussel?
– Eg veit ikkje om eg vil kalle det ein trussel, men det er ei utfordring for tradisjonelle medier å nå fram i mylderet av informasjonstilbod.
– Veldig aktivt til stades
Ho meiner likevel at det gjer behovet større for redigerte medier som NRK, kor stoffet vert kvalitetssikra før det når publikumet.
– Alle tradisjonelle medier har ei viktig rolle i å formidle nyheiter som folk kjenner avsendaren til og som folk stolar på, seier ho.
Ervik er tydeleg på at dei ynskjer å løfte fram lokale saker til eit nasjonalt publikum, og er spesielt oppteken av å vise lokalbefolkninga at det dei bryr seg om i Møre og Romsdal òg er av nasjonal interesse.
– Eg ynskjer å vere synleg med stoffet me lagar, og så skal me fortelje dei viktige historiene frå Møre og Romsdal, og vise dei fram til eit nasjonalt publikum.
– Kva skjer med distriktsjournalistikken når dette skal løftast fram til eit nasjonalt publikum?
– Eg tenkjer at det er ein del av distriktsjournalistikken. Me skal vere til stades på dei ulike plattformene, og er til stades i alle sitt kvardagsliv til dømes på radioen om morgonen. Me er veldig aktivt til stades lokalt. Men det er ikkje berre lokalt det som føregår her – det er mykje pengar og arbeidsplassar – og så er jo alle nasjonale saker i utgangspunktet lokale, seier ho.
– Kva skil NRK M&R frå andre distriktskontor?
– Me er i eit område der folk er opptekne av nyheiter, og der det skjer ganske mykje. Det er mykje vêr, næringsliv og eit aktivt kulturliv her. Me skil oss ut på den måten av at me er opptekne av ulike ting.
Vil ikkje gløyme dei eldre
Statskanalen har, som alle andre mediehus, trappa opp satsinga på sosiale medier og nye flater – i tillegg til at dei skal levere til både radio og tv.
– Går det ut over journalistikken?
– Nei, det handlar om at me må velje fokus og at me fortel dei beste sakene – ordentleg.
– Men de forsøkjer å nå dei unge?
– Korleis ein skal treffe dei er vel noko alle balar med. Me forsøkjer å bli betre kjent med publikummet for å finne ut kva dei er opptekne av. Me skal ikkje berre treffe dei unge, og gløyme dei andre. Me har ei viktig oppgåve å gi eit viktig tilbod til alle i Møre og Romsdal. Så når me seier det er viktig å nå dei unge, er det fordi me ikkje har vore like gode på det, seier Ervik.
– Ein lytta til reaksjonane ein fekk frå publikum, og så gjorde ein nokre grep for å kome dei i møte. Det trur eg folk sette pris på, at ein vart høyrd i prosessen, seier ho.
Men korleis vert 44-åringen frå Valderøya som redaktør?
– Det vil tida vise seg. Eg er oppteken av at folk skal kunne snakke med meg, og at eg er tilgjengeleg både for dei som jobbar her og publikum.
Set pris på variasjon
Den seinaste åra har Ervik vore nyheitsleiar i NRK M&R, og har ikkje vore fast ute i felt sidan 2014. Sjølv om det var gleda ved nyheiter og formidling som sende Ervik i yrkesretninga.
– Det var på vidaregåande eg fann ut at eg ville bli journalist. Eg er veldig glad i nyheiter, og har alltid vore det. Å vere med å formidle det, og å fortelje historier frå folk sitt kvardagsliv, var viktig for meg.
– Kva er det kjekkaste?
– Store arrangement og val er veldig spanande. Variasjonen er det eg set pris på. Me jobbar med veldig mange forskjellige ting, seier Ervik.
– Har du nokre store tabbar du hugsar?
– Nei, ikkje som eg kjem på.
– Heldig du.
– Kanskje eg har fortrengt dei.
No er sunnmøringen stolt over å vere den første kvinnelege redaktøren i NRK Møre og Romsdal.
– Det er ei ære. Men heldigvis er det ikkje så spesielt lenger, seier ho.