Fridtjof Borø Nygaard, Eivind Ljøstad, Per Axel Koch, Nils K. Gauslaa og Willem Sijthoff under allmøtet då Polaris kjøpte Fædrelandsvennen og ei rekkje lokalaviser på Sørlandet i haust.

Lister og Lindesnes skrotar omstridt redaktør­modell etter krav frå Polaris

Lister og Lindesnes må på redaktørjakt etter at Fridtjof Borø Nygaard klatra oppover i Polaris-konsernet. Dermed blir det slutt på felles redaktør for dei to avisene.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det skapte rabalder på Sørlandet då Schibsted hausten 2018 bestemte at lokalavisene Lister, Lindesnes og Søgne og Songdalen Budstikke (nedlagt) skulle få felles redaktør.

No ryk modellen, etter at Polaris Media og Agderposten Medier kjøpte opp avisene, skipa Polaris Media Sør og sende redaktør Fridtjof Borø Nygaard oppover i Polaris-konsernet som direktør for dei fem lokalavisene i det nyoppretta selskapet.

Kritisert modell

Nyheitsleiarane Svein Morten Havaas i Lister og Petter Emil Wikøren i Lindesnes er konstituert som ansvarlege redaktørar i dei respektive avisene, som i 2018 fekk Nygaard som felles sjef for dei avisene.

Tidlegare sjefredaktør i Lister, Sveinung W. Jensen, frå eit allmøte i april 2018.

Dåverande Lister-redaktør Sveinung W. Jensen var sterkt kritisk til den nye modellen.

Polaris Media Sør består av tidlegare Schibsted-eigde Fædrelandsvennen, Lindesnes Avis, Lister og Søgne og Agderposten Medier sine aviser Agderposten, Varden, Vennesla Tidende, Lillesands-Posten og Grimstad Adressetidende.

Ynskje frå Polaris

Den 30. januar kom meldinga om at Borø Nygaard blir direktør for Grimstad Adressetidende, Lillesand-Posten, Vennesla Tidende, Lister og Lindesnes.

No seier han at det etter alt å dømma er over og ut for fellesredaktør-modellen.

Fridtjof Borø Nygaard er direktør for fem lokale mediehus i Polaris Media Sør.

– Polaris Media Sør skal bruka fram til utgangen av mai på å få på plass det som etter all sannsyn blir éin ansvarleg redaktør på kvar stad, seier han til Medier24.

– Så de går bort frå fellesredaktør-modellen?

– Slik det ser ut no går me tilbake til stadleg.

– Er det bestemt, eller er det berre sannsynleg?

– Det er høgst sannsynleg, og det er Polaris’ ynskje. Dette er Polaris’ strategi.

Administrerande direktør Nils Kristian Gauslaa i Polaris Media Sør kommenterer endringa slik:

– Felles redaktør var ei midlertidig løysing. Når ein no går tilbake til to, så er det fordi Fridtjof blir løfta opp til ei ny leiarstilling for dei lokale Polaris Sør-avisene. Og så er det grunnleggjande at ei lokalavis har sin identitet, og ein viktig del av identiteten er redaktørane og redaksjonen, seier han.

– Publikum forbind ofte lokalaviser med til den ein kvar tid sitjande redaktør, så me har betre tru på den modellen, legg Gauslaa til.

Tillitsvald: – Fordel med eigen redaktør

Klubbleiar Cecilie Nilsen i Lister er tydeleg på at redaksjonsklubben ynskjer ein eigen redaktør.

«Vi tenker at ordningen med å ha felles redaktør har vært et eksperiment. På en side har det gitt videre horisont og bedre bekjentskap med søsteravisen i naboregionen. Men med tanke på identiteten og merkevaren til vår egen avis, er det ikke sikkert at det har vært en fordel», skriv klubbleiar Cecilie Nilsen i Lister i ein e-post til Medier24.

Klubbleiar Cecilie Nilsen i Lister.

«Det er viktig at lokalsamfunnet kjenner til lokalavisens redaktør. Derfor er viktigheten av at redaktøren er fysisk tilstede på daglig basis, stor, både for avisens ansatte og for leserne. Vi ser at det helt klart vil være en fordel å ha vår egen redaktør», skriv ho vidare.

Klubbleiar Dag Lauvland i Lindesnes ynskjer verken å kommentera om dei ynskjer eigen redaktør eller korleis det har gått med fellesredaktør.

– Me har ikkje formelt diskutert dette i klubben, seier han til Medier24.

Powered by Labrador CMS